Ole Erik Almlid med briller står bak en person som er ute av fokus. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
UTFORDRAR: NHO-leiar Ole Erik Almlid seier Vedum må lytte til Høgre og gå i samtalar for å redusere skattane. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Senterpartiet har no ein gyllen moglegheit til å vise at dei er eit næringsparti.

Det seier dagleg leiar i NHO Ole Erik Almlid til NRK. Bakgrunnen er at Høgre i går inviterte Senterpartiet til samtalar med dei borgarlege partia om korleis setje ned skattane i Noreg.

Og det er sjølvsagt formuesskatten Almlid er mest opptatt av.

50 prosent av Sp-veljarar er mot formuesskatten

NHO-leiaren meiner sjølv han har ein ekstra god grunn til å kome med oppfordringa til Senterpartiet.

Dei har nemleg gjort ei undersøking på korleis norske veljarar stiller seg til formuesskatten. Undersøkinga er gjort gjennom ca. 1000 telefonintervju.

Trygve Slagsvold Vedum.
I UTAKT: Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum får det glatte lag av NHO-leiaren. Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB

Ho viser at nøyaktig 50 prosent av Senterpartiet sine veljarar er heilt eller delvis einig i at formuesskatten må fjernast.

Almlid meiner Vedum er i utakt med eigne veljarar.

– Han bør sjå på tala. Det er eit sterkt signal om at formuesskatten må fjernast. Og det er lett å forstå, for det kan skape gode bedrifter over heile landet.

– Men det er samstundes 50 prosent av veljarane deira som ikkje vil fjerne han?

– Ein stor andel vil fjerne han heilt. Det viktigaste er at vi får eit skatteregime i Noreg som gjer at vi er konkurransedyktige. Spesielt eigarskattlegginga må ned, seier han.

– Meiner du det er på tide at Senterpartiet byter side i norsk politikk?

– Det får vere opp til dei å avgjere.

Høgre-frieri

Det var måndag at Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide var på friarfot til Senterpartiet. Opphavet til det heile var bråket kring avgiftene på drivstoff.

Førre veke handla det om spørsmålet om Høgre ville gå inn for å forlengje kuttet i drivstoffavgifta eller ikkje.

Men løysinga Høgre føretrekker, er skattekutt, og derfor bad Søreide Senterpartiet gå med på samtalar med dei borgarlege.

– Dersom Sp går saman med Høgre og resten av borgarleg side i å krevje skattelettar, er det mogleg å få til, sa ho måndag.

Vedum avviste Søreide kontant og kalla det heile eit stunt.

Bjørnar Moxnes og Marie Sneve Martinussen står sammen ved en talerstol. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
FRIERI: Måndag gjekk Høgre over den politiske streken og inviterte Senterpartiet til samtalar om skatt. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Fredar formuesskatten

Overfor NHO er ikkje Vedum like tydeleg. På spørsmål om Almlid har fått han til å endre meining over natta, svarar han:

– Senterpartiet vil ikkje endre meining når det gjeld at det er lurt å halde transportkostnadane i Noreg nede. Men vi er einige i at det hadde vore bra med eit skatteforlik.

Vedum meiner først og fremst at avgifter er det beste tiltaket.

– Det rammar jo dei som har låg inntekt, og det rammar mange småbedrifter.

Han trekk fram mellom anna anleggsbransjen, transporbransjen og landbruket.

– Der er marginane små og likviditeten dårleg. Med dei energiprisane vi har no, må vi halde kostnadene nede, seier Vedum.

– Kva er skilnaden på Høgre sin og dykkar skattepolitikk?

– Vi ønskjer lave avgifter og at skattelette skal gå til folk med lave inntekter. Men vi meiner at vi må ha ein formuesskatt. Viss ikkje vil ikkje dei med milliardformuar bidra.

Han legg til at dei meiner formuesskatten kan lettast på nokre stadar, men avsluttar:

– Det må vere sånn sidan dei som jobbar på Rema, skal bidra, må òg dei som eig Rema, bidra.