– Dette er pinleg for Nike, og det er synd for verda – at det blir produsert så mange fotballdrakter som har ein feil.
Det seier Andreas Feet, utdanna skreddar og kjent frå NRK-serien «Symesterskapet».
Han måtte nesten gni seg i auga då han såg bilda av draktene dei norske landslagsstjernene hadde på seg i kampane inn mot VM-opninga i Boston.
Der kunne du tydeleg sjå at draktene har to små horn på skuldrene.
– Det er kjedeleg for Nike fordi eg reknar med at desse draktene skal sjå kule ut. Dette ser jo berre veldig rart ut, seier Feet.
Noreg-stjerne: – Vanskeleg å ikkje legge merke til
Dette gjeld ifølge The Guardian fleire av VM-draktene frå utstyrsgiganten. Det betyr at feilen også gjeld drøssevis av drakter kjøpt av supporterar over heile verda.
Ifølge den britiske storavisa har reaksjonane frå fotballfansen vore kraftige.
Etter lanseringa i vår innrømte Nike overfor The Guardian at draktene ikkje ser ut slik dei burde.
– Vi har observert eit mindre problem med landslagsdraktene våre, mest merkbart rundt skuldersaumen. Ytinga er ikkje påverka, men det estetiske er ikkje der det skal vere, sa ein talsperson for selskapet.
NRK har prøvd å få ein kommentar frå Nike, men har ikkje lykkast.
Noreg-profil Patrick Berg er tydeleg på at han har fått med seg feilen på dei norske draktene.
– Ja, det er jo litt vanskeleg å ikkje legge merke til det. Så det trur eg dei fleste har gjort, sa Berg til NRK før Irak-kampen.
– Er det ubehageleg å spele med?
– Nei, ein merkar ikkje noko meir til det enn at ein ser det. Men reint praktisk har det ingenting å seie, svarte han.
NRK har vore fleire gonger i kontakt med Jan Ove Nystuen i Noregs Fotballforbund om draktene. Han har fortalt at dei har blitt orienterte om problema, men at dei opplevde at Nike hadde kontroll.
I VM-opninga mot Irak såg draktene ut til å sitte langt betre på skuldrene til dei norske spelarane.
– Utfordringa er løyst, så «all good», skriv han i ein SMS.
NRK har spurt Nystuen om Noreg har fått nye drakter eller om feilen blei fiksa på andre måtar, men har ikkje fått svar.
Og sjølv om «horna» har forsvunne frå skuldrene til dei norske stjernene, er feilen framleis godt synleg på Nike-draktene til tallause norske og utanlandske supporterar, som kjøpte i forkant av meisterskapen.
Forklarer feilen
Men kva var det som gjorde at det gjekk gale i utgangspunktet? Skreddar Andreas Feet trur han veit grunnen, og tar oss gjennom det sytekniske:
Han forklarer at det verkar som om Nike har prøvd på raglanerme – ein type erme der saumen skal gå heilt opp til halsen, ikkje stoppe på skuldra.
– Dei har berre kutta han av. Raglanerme er notorisk vanskeleg å få til fordi det er vanskeleg å få bogen til å forme seg rundt skuldra. Det blir ofte litt stoff på ytterpunktet på skuldra som minner om dette, men her er det enda meir dramatisk, seier ein forbløffa Feet og fortset:
– Det er fordi raglanermet ikkje går heilt inn. Det er berre eit halvvegs raglanerme. Dette har eg aldri sett før.
Han fryktar at supporterar vil kvitte seg med drakta fordi det er noko feil med den.
– På ei anna side: Kanskje dette blir den ikoniske drakta, som det var ein feil på? Ei drakt med to horn på skuldrene. Kanskje det blir ein «limited edition»? Det kan vere at ein om fem år ser tilbake på dette som noko ein hugsar veldig godt frå VM, smiler han.