Bilde av noen som løper så fort at bildet blir blurry.
KOR FORT KAN DET GÅ? Løpsopplevelsen kan bli tatt til eit nytt nivå. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

1:59.30. Under to timar på maraton for aller første gong.

Den utrulege idrettsprestasjonen blei eit faktum då Sabastian Sawe vann London maraton tidlegare i år.

f
HISTORISK: Kenyanske Sabastian Sawe (29) sette ny verdsrekord på maraton i London. Foto: Ian Walton / AP,NTB

Han hadde på seg eit par av Adidas’ supersko, som ifølge nettstaden Runners World veg 97 gram per sko.

Då supersko først blei lansert, var han heilt revolusjonerande for løparar. No har eit av dei leiande merka i verda innan løpesko planar om å ta løpsopplevinga til eit nytt nivå.

– Noko anna enn ein supersko

I ein sport der alt handlar om å jakte sekund, jaktar Nike teknologiske framsteg. No er planen å lage ein intelligent sko.

Kva er det, spør du?

– Skoen kan ved eit komplekst mekanisk system og ein motor sjølv justere kor mjuk han er, seier senioringeniør ved Institutt for fysisk prestasjonsevne på Noregs idrettshøgskole, Amelie Werkhausen.

Ifølge patentet skoprodusenten fekk godkjent i august, har dei ein visjon om å lage ein sko som kan endre eigenskapar i sanntid ved hjelp av elektronikk, luftlommer, ventilar og sensorar.

Werkhausen har lese patentet, og beskriv skoen slik:

– Han kan kanskje samanliknast med ein luftmadrass som du kan ligge på som automatisk bles meir eller mindre luft inn eller ut basert på for eksempel liggeposisjon.

– Kor stort steg opp frå ein supersko vil dette vere?

– Eg tenker det er noko litt anna enn ein supersko.

Høg betalingsvilje

NRK sin kommentator og ivrige løpar Jann Post er positiv til tanken om ein intelligent sko.

– Ein har jo sett at dei superskoa som har komme har veldig individuelle utslag. Ved testing så er det nokon som oppnår ein løpsøkonomisk fordel på kanskje fire-fem prosent, mens andre berre eitt til to prosent.

Derfor trur han at ein sko som tilpassar seg måten ein spring på kan vere nyttig for nettopp dei som spring på ein spesiell måte.

Jann Post
LØPEGLAD: Jann Post veit betre enn dei fleste kor viktig det er med gode løpesko. Foto: Sigmund Sagberg Andersen/NRK

– Eg trur kanskje det er minst å hente for dei som spring ekstremt fort frå før, og klarer å utnytte eigenskapane til ein toppsko maksimalt. Dei som derimot ikkje opplever fordelane ved ein supersko, kan kanskje ha noko å hente i ein smartsko, seier Post.

Og prislappen – han kan komme på over 5000 kroner, trur supermosjonisten.

– Den dyraste løpeskoen som vanleg folk får tak i på marknaden no ligg på 5000 kroner, så det kan tenkast at vi skal i sjiktet over det.

Når han ser kor mykje folk er villige til å betale for ski, skisko og sykkel, meiner Post det er tydeleg at det finst betalingsvilje i marknaden.

– Om han viser seg å ha effekt og at det er ein fordel, så kjenner eg mange supermosjonistar som er villige til å gå langt for å springe bitte litt fortare.

Pungar ut om han innfrir

Oliver Gjølberg (29) frå Fredrikstad er ein av stadig fleire som trenar mot sitt første maraton etter at han i fjor sprang Oslo halvmaraton på 1:24.

Mosjonisten erkjenner at han har prøvd og feila når det gjeld løpesko, og spesielt «supersko».

Gjølberg
LØPSINTERESSERT: Oliver Gjølberg spring mykje før sin første maraton og meiner gode sko er viktig. Foto: Privat

– Om han passar løpesteget ditt har ein del å seie for opplevinga og korleis du klarer å utnytte potensialet til skoen, meiner han.

29-åringen innrømmer at han garantert bruker meir pengar på sko enn det som er nødvendig, og kan la seg freiste dersom den intelligente skoen utgjer ein forskjell.

– Når det gjeld pris, er det heilt klart betalingsvilje for dei siste prosentane ein kan hente i å skaffe seg supersko, seier han.

– Eg trur at dersom denne skoen lever opp til forventningane og faktisk kan gi dei fordelane han lovar, vil folk gladeleg betale 5000,- for han, seier Gjølberg.

Ønsker å førebygge skadar

Kaja Sjøl Christensen (25) frå Asker har tidlegare satsa på både langrenn og segling, men trenar i dag som mosjonist. Målet er først og fremst å ha det gøy og ta vare på helsa, samtidig som ho følger spent med på teknologien av løpesko.

– Dersom slike sko kan bidra til betre løpsøkonomi og samtidig førebygge skadar gjennom for eksempel tilpassing til belastning og trykk, ville dei vore svært interessante for meg. Løping er jo ein belastande idrett, og eg er opptatt av å kunne fortsette å springe utan unødvendig slitasje på kroppen, seier ho.

kaja sjøl christensen
JAKTAR HELSEMESSIG GEVINST: Mosjonist Kaja Sjøl Christensen synest det er spennande at teknologien utviklar seg på løping. Foto: Privat

Christensen trur denne typen sko kan slå godt an frå eit mosjonist- og helseperspektiv og seier sjølv at sekunda ikkje lenger er det som tel mest for henne.

Ho har lagt merke til at mange slit med å halde seg skadefrie når treningsmengda aukar.

– Eg trur absolutt dette er eit produkt som vil vekke interesse, og eg ville sjølv vore villig til å betale ein del for det, særleg dersom det kunne redusere risikoen for skadar og bidra til at eg kan fortsette å ha glede av løping til eg blir gammal, seier Christensen.

Ulovleg å bruke i konkurranse

Amelie Werkhausen frå Noregs idrettshøgskole har tidlegare forska på supersko, og funne ut av at dei kan gjere deg raskare.

Ho trur også at ein intelligent sko kan gi same effekt, men i motsetning til superskoa, trur forskaren ikkje at det vil vere ein lovleg konkurransesko.

– Ifølge dei aktuelle reglane trur eg ikkje at han blir lov å bruke i konkurranse, og eg trur heller ikkje at reglane vil bli endra. Det er sjølvsagt lov å bruke skoa ved andre høve, seier ho.

– Kven er det som kan ha bruk for denne skoen da?

– Eg trur at det kan bli vanskeleg å finne ein marknad for det som er aktuelt for Nike, men kunne tenkt meg meir potensial for type orteser/støtte-teknologiar ved skade, aldring eller liknande.

– Ikkje for prestasjon, men for rehabilitering.