Erling Braut Haaland, Martin Ødegaard og sjølvaste kong Haakon VIII har alle slått på VM- tromma.
Tromma er blitt eit unikt stykke norsk idretts- og kulturhistorie.
No er ho til sals i auksjonen til TV-aksjonen. I år går inntekta til NRC Flyktninghjelpen.
Sjå video av tromma som samla landet:
Eit nasjonalsymbol
RO! ... RO! ... RO!
Under VM i sommar har vi rodd i takt til slag av VM-tromma.
Den raude golvtammen har vore med supportergruppa Oljeberget på landslagsturar sidan 2023.
Sidan har klenodiet vore eit fast inventar når Oljeberget har følgt det norske herrelandslaget.
– Mest kjende tromme i verda
Det var under fotball-VM i USA sommaren 2026 at tromma for alvor blei eit nasjonalt symbol.
For supportergruppa har ho blitt langt meir enn eit instrument.
– Det er nok per no ei av dei mest kjende trommene i verda. Ho har verkeleg sett sitt preg på heile verdsmeisterskapen, seier Sebastian Husvik, styreleiar i Oljeberget.
Han meiner det er naturleg at tromma no får nytt liv.
– Vi gir denne til TV-aksjonen for å støtte ei god sak og vere med på å bidra til NRC Flyktninghjelpen.
Sette rytmen for «RO»
Under VM i USA var tromma éi av to som Oljeberget brukte rundt alle VM–kampane til Noreg.
Kampen mot Senegal 22. juni på MetLife Stadium gjekk inn i historiebøkene.
Noreg vann 3–2, men bileta frå etter kampen skulle bli minst like minneverdige som resultatet.
Då Martin Ødegaard sette i gang det etter kvart ikoniske «RO»-ropet, sette landslaget og støtteapparatet seg ned på graset saman med supporterane.
Tromma som var med å halde takta , vart sett av millionar verda over.
Då Noreg seinare slo Elfenbeinskysten i 16.-delsfinalen, heldt tromma fram med å vere ein sentral del av stemninga.
Etter den historiske kampen mot Brasil, fekk Erling Braut Haaland sjølv høve til å slå i gang roinga.
Tromma på Slottsplassen
Høgdepunktet kom då over 80.000 menneske var samla på Slottsplassen for å ta imot VM-heltane.
Dåverande kronprins, og no kong Haakon VIII, fekk slå på tromma medan folkehavet rodde.
Eit stykke norsk historie
Trommeslagar og programleiar for årets TV-aksjon, Tarjei Strøm, meiner det er eit stykke norsk historie som no skal auksjonerast bort.
– Som trommis er eg programforplikta til å meine at tromma er det viktigaste instrumentet. Men akkurat her trur eg faktisk heile landet kan vere einig.
Han meiner VM-tromma slår det meste.
– Eg har spelt på tallause trommar gjennom karriera, men denne slår alt. Når sjølv Haaland, Ødegaard og Kongen har slått takta medan heile verda såg på, snakkar vi ikkje lenger berre om eit instrument.
– Dette er eit unikt stykke norsk historie, avsluttar Strøm.
Se TV-aksjonen i NRK TV og på NRK1 søndag 18. oktober fra kl. 19.50:
Hør P3aksjonen 12.–15. oktober kl. 15.00–20.00 på NRK P3: