Når kong Haakon neste veke legg ut på si fyrste reise ut i landet etter tronskiftet, går turen til Noregs nordlegaste fylke.
Kong Haakon reiser på eit to dagar langt besøk til Narvik i Nordland og Sør-Varanger og Porsanger i Finnmark.
Det kjem fram av kongehuset sin offisielle kalender.
Kongen besøker Narvik tysdag 13. oktober for sitt første offisielle kommunebesøk som Noregs nye konge.
Han skal blant anna halde tale på Rådhusplassen i Narvik, og kommunen inviterer lokalbefolkninga til å delta på arrangementet.
Om ettermiddagen 13. oktober reiser kongen for å besøke forsvaret i Finnmark.
Då skal han først møte vernepliktige og befal i Jegerbataljonen (GSV), som er avdelinga som patruljerer den norsk-russiske grensa. Jegerbataljonen er ein del av Finnmarksbrigaden og ligg i Sør-Varanger.
Dagen etter skal han møte Finnmark politidistrikt og Grensekommisariatet, før han skal møte dei nyoppretta avdelingane i Finnmarksbrigaden på Porsangmoen i Porsanger.
Militærøving og totalforsvar
Det er berre eit drygt halvår sidan sist kong Haakon besøkte Narvik.
Då var han kronprins og besøkte byen i forbindelse med Nato-øvinga Cold Response og Totalforsvarsåret 2026.
Og i mai i år melde kongehuset at han hadde takka ja til å bli medlem av Hovedkomiteen for VM i alpint i Narvik i 2029. Men etter at han no er blitt konge, er det usikkert om han beheld vervet.
I Porsanger skal kongen også besøke hovudkvarteret til Finnmarksbrigaden.
Det blei omtala som ein milepæl i Hæren og eit løft for forsvaret av Noreg då den blei oppretta som den fyrste brigaden i Finnmark nokon gang i fjor.
Som konge av Noreg er kong Haakon no også øvste leiar av Forsvaret. Han var sjølv inne på alvoret i den fyrste talen han heldt til folket som landets konge.
Då snakka han mellom anna om valspråket «Alt for Noreg».
– Det betyr, i ytste konsekvens, å vere villig til å risikere alt, også livet, for Noregs fridom og sjølvstende, sa han.
No tek kongehuset opp att arbeidet
Det er om lag halvannan månad sidan kong Harald sovna stille inn, og Haakon VIII arva kongeriket og blei Noregs nye konge.
I vekene etter gravferda har det vore hoffsorg. Kongehuset har då avlyst alt offisielt program.
Unntaka har vore dei viktigaste oppgåvene, som dei som står i Grunnlova, og som kongen med det må gjere.
Neste veke er hoffsorga over, og kongehuset skal gradvis ta opp att det offisielle programmet.
Noko av det fyrste kong Haakon gjer då, er altså å reise ut i landet.
«Viktigaste dei gjer»
Å reise rundt i Noreg og møte menneske der dei bur, er noko av det kjæraste og viktigaste dei kongelege gjer, har kongehuset uttalt.
I åra som kronprinspar har dåverande kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit – slik som kong Harald og dronning Sonja – vore på offisielle besøk og på årlege fylkesturar til ulike stader i landet.
Tradisjonen starta med ei reise til nettopp Finnmark.
I april 1969 drog kronprins Harald og kronprinsesse Sonja, som dei var då, til Finnmark då dei skulle på si fyrste store offisielle reise i Noreg.
Det blei starten for dei årlege fylkesturane rundt i landet som kong Harald og dronning Sonja, og etter kvart også daverande kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit, gjennomførte.
Kong Harald rakk å besøke nesten alle kommunane i Noreg før han døydde. Sjå frå då kongeparet besøkte din kommune:
Kongelege tradisjonar i Finnmark
Også kronprinsesse Ingrid Alexandra la sin fyrste store tur til Finnmark.
I januar i år besøkte ho, som då var prinsesse, Finnmark då ho var på si fyrste store offisielle reise aleine ut i landet.
Dei kongelege har lang tradisjon for å besøke Finnmark.
Kong Haakon VII og dronning Maud reiste til fylket i 1907. Og kronprins Olav og kronprinsesse Märtha var der fyrste gong i 1934, ifølgje kongehuset.no.
Den noverande kongen, kong Haakon VIII, har vore i Finnmark fleire gongar, både aleine og saman med dronning Mette-Marit, då dei var kronprinspar.