Kvinne i gul jakke rydder i flaggene som er satt ut blant blomstene ved Den blå steinen. Det ligger tusenvis av blomster rundt
TUSENVIS AV BLOMAR: – Det er eit veldig spesielt og rørande syn, seier bymiljøetaten-sjefen i Bergen om blomane som er lagde ned på og rundt Den blå steinen. Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Lag på lag med roser, solsikker, nellikar, liljer, krysantemum og hortensia.

Eit blomehav har vakse fram på Kong Olav Vs plass i enden av Torgallmenningen i Bergen sentrum.

Her, ved Den blå steinen, ærar bergensarane avdøde kong Harald.

Allereie torsdag, då det kom melding om at helsetilstanden til kongen var svært alvorleg, dukka dei første blomane opp.

Sidan har det berre blitt fleire.

– Det har vore heilt utruleg å følge med frå den første blomen blei lagt ned og korleis dette har vakse, seier direktør i Bymiljøetaten, Tord Honne Holgernes.

Seks dagar etter dei første blomane blei lagt ned, begynner no arbeidet med å rydde i blomehavet.

Vil unngå ròte

I blomebutikkane har etterspurnaden etter snittblomar vore enorm dei siste dagane.

Tusenvis har lagt ned ei siste helsing til den avdøde kongen.

Bymiljøetaten har hatt tilsette på vakt kvar dag, for å sørge for på alt ser fint ut og kjem til sin rett.

– Frå i dag av må vi nok også plukke ut nokre blomar for å unngå ròte, seier bymiljøetat-sjefen.

Men når blomane etter kvart blir plukka vekk, går dei ikkje i bosset.

Vil gjenbruke blomane i kongens hage

Holgernes fortel at dei er i dialog med Gamlehaugen, som er Hans Majestet Kongens offisielle bustad når han er i byen.

– Vi prøver å få til at blomane som no ligg på Den blå steinen kan gjenbrukast på Gamlehaugen. Det hadde vore utruleg flott, seier Holgernes.

Tanken er at blomane til slutt skal bli jord i kongens hage.

Men før ein kjem dit, må dei gjennom ein omfattande prosess med kompostering.

Tord Honne Holgernes, avdelingsleiar i Bymiljøetaten i Bergen
Tord Honne Holgernes er direktør for Bymiljøetaten i Bergen kommune. Foto: Leif Rune Løland

Prosessen tar fleire år

Driftsingeniør for Statsbygg på Gamlehaugen, Tor Christiansen, stadfestar at dei gjer eit forsøk på å få det til.

Men det er eit problem:

– Slike blomebukettar kan innehalde spor av kjemiske plantemiddel.

Christiansen fortel at han har vore i dialog med det han kallar den fremste ekspertisen på kompostering, som likevel meiner det skal gå an å lage blomsterjord av bukettane.

Gamlehaugen i Bergen, blant grønt gress. Flagget vaier på halv stang etter kong Haralds død.
Gamlehaugen er kongen sin offisielle residens på Vestlandet. Også her har folk lagt ned blomar for avdøde kong Harald. Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Går alt etter planen, blir bukettane først malt opp, før dei blir lagt til kompostering.

Om to år er tanken at jorda først skal brukast til å dyrke poteter og bønner. På den måten blir jorda næringsrik.

Om tre år er håpet at jorda frå blomehavet på Torgallmenningen kan brukast som blomsterjord på Gamlehaugen.

– Det er noko veldig vakkert i det å kunne bruke blomane på denne måten. Eg har god tru på at me skal lukkast med det, seier Christiansen.

oversiktsbilde der ein ser mange menneske rundt den blå stein, der det ligg blomar
Gjennom helga har folkemengda rundt Den blå steinen vore nesten konstant. – Det er vanskeleg å anslå kor mange som har vore her, men det er mange, mange tusen, seier direktør i Bymiljøetaten, Tord Honne Holgernes. Blomehavet har blitt betydeleg større etter at dette biletet blei tatt. Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

Samlar brev framfor Slottet

I Oslo har tusenvis av sørgande nordmenn lagt ned blomar og helsingar på Slottsplassen, og blomehavet veks framleis.

Regnet gjer at slottsgartnarane kontinuerleg samlar inn våte brev og gåver, for å tørke dei.

Men blomane får foreløpig ligge i hovudstaden.

– Førebels held dei seg fint. Blomane er i god stand og er ein veldig pryd, seier leiaren for slottets gartnarar, Maria Kyhn.

En person kneler foran et stort blomsterhav og lys foran Slottet i Oslo. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Framfor Slottet har det vakse fram eit enormt blomsterhav. – Eg har inga aning kor mange blomar som er lagd ned, men det er mange, seier ledar for slottets gartnarar, Maria Kyhn. Foto: Krister Sørbø / NRK

Foreløpig har ikkje Slottet bestemt kva som skal skje med alle blomebukettane på sikt.

– Vi har ikkje tatt stilling til kva me gjer med dei endå. Vi vurderer det fortløpande, og følger med på blomane, seier Kyhn.

Ho understrekar at det er viktig for dei at alt blir behandla med verdigheit og respekt.

– Dette er blomar og ting folk har lagt ned som ei siste helsing til vår fantastiske konge. Det må handterast på riktig måte, seier ho.

Kort, brev og gjenstandar som dei samlar inn blir send til Nasjonalarkivet for tørking, før det skal tilbake til Det kongelege hoff og lagrast for framtida.

Diverse bilder fra da kongefamilien uventet kom ut på slottsplassen for å takke folket for støtten.
Kongefamilien møtte folket på Slottsplassen måndag ettermiddag. Dei hadde med seg kvar si raude rose. Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Blir liggande framover

Sjølv om arbeidet med å plukke ut visne blomar i Bergen er i gang tysdag, er det framleis mogleg å kome til Den blå steinen for å legge ned blomar eller ta inn synet av helsingar til den avdøde kongen.

Bymiljøetaten gjer ei løpande vurdering av kor lenge blomehavet får ligge, men utgangspunktet er at dei får ligge til kong Harald si gravferd 9. september.

– Det er verd eit besøk, seier Holgernes.

I havet av blomar stikk det også opp flagg, lys, kort, måleri og teikningar.

Slike helsingar har kommunen allereie samla inn i fleire dagar, for å unngå at dei blir øydelagde i regnet.

Byantikvaren skal legge ein plan for korleis dette skal bli tatt vare på for ettertida.

Om desse blir bevart i Bergen eller skal sendast ein annan stad, er førebels ikkje bestemt.

folket legg ned blomar og helsingar ved gamlehaugen i bergen etter kongedødsfallet.
Ei av mange helsingar til kong Harald. Foto: Benjamin René Dyrdal / NRK

Også i Oslo er det framleis fullt mogleg å legge ned blomar og helsingar på Slottsplassen.

– Folk er hjarteleg velkomne, seier Kyhn.