Gruveselskapet Nordic Mining er inne i det selskapet sjølv omtalar som ein «kritisk fase».
Fredag stuper selskapet på børsen – og går ned hele 48,8 prosent.
Det skjer etter ein illevarslande børsmelding
Fredag opplyste selskapet at det er behov for ny kapital:
Dei treng mellom 95 og 140 millionar kroner for å halde drifta i gang til november.
Meldinga kjem i kjølvatnet av at staten tapte i Høgsterett mot Naturvernforbundet og Natur og Ungdom.
Det vart konkludert at løyvet som opna for gruveverksemd i Førdefjorden, ikkje var gyldig.
Historisk dom i Høgsterett: Staten tapte i Førdefjord-saka
Kollaps på Oslo Børs
Etter fleire år med milliardinvesteringar i Engebø-prosjektet i Sunnfjord er økonomien no under press.
Leiinga arbeider no med fleire alternativ for å skaffe mellom 100 og 150 millionar kroner for å drive ut november.
Eitt av alternativa er ein emisjon, der selskapet hentar inn ny eigenkapital ved å selje fleire aksjar.
I tillegg har med å betale renter på lån og bad om utsetjing av ei rentebetaling frå 6. august til 4. september.
Det fører til at rentesatsen aukar frå 12,5 til 15 prosent.
Det er dårleg nytt for selskapet. Berre det siste året har aksjen falt med 90 prosent.
Milliardprosjekt med store ambisjonar
Gruvedrifta ved Førdefjorden er eit av dei største nye industriprosjekta på Vestlandet dei siste åra.
Her vil Nordic Mining utvinne rutil og granat, mineral som blir brukte i ei rekkje industrielle produkt.
Selskapet meiner prosjektet kan bli viktig for norsk mineralindustri og bidra til at Europa blir mindre avhengig av importerte råvarer.
Men prosjektet har også møtt kraftig motstand.
Den største konflikten handlar om at selskapet bruker delar av Førdefjorden som deponi for gruveavfall.
Miljøorganisasjonar og delar av fiskerinæringa fryktar at gruveavfallet kan påverke livet i fjorden, skade naturmangfaldet og få konsekvensar over lang tid.
Dei meiner Noreg bør finne andre løysingar for handtering av gruveavfall.
Dermed har gruveprosjektet blitt eit symbol på ein større konflikt:
Skal Noreg prioritere tilgang på viktige mineral, eller må omsynet til sårbar natur vege tyngst?
Avgjerande veker
No går Nordic Mining inn i ein avgjerande periode.
Dersom selskapet lukkast med å hente inn ny kapital, kan opptrappinga ved Engebø halde fram.
Dersom finansieringa ikkje kjem på plass, kan konsekvensane bli store for selskapet, dei tilsette og eit av dei mest omtalte gruveprosjekta i Noreg.
Historisk dom i Høgsterett: Staten tapte i Førdefjord-saka