sju personar sit ved ein port
Sidan fredag har aksjonistar frå Natur og Ungdom lenka seg fast ved Førdefjorden. Foto: Odin Otnes Austring / NRK

– Me er her for å stansa ulovleg dumping av gruveavfall i fjorden, og ikkje for å påføre Nordic Mining økonomiske tap.

Det seier leiar i Natur og Ungdom, Sigrid Hoddevik Losnegård, til NRK.

Sidan fredag har aksjonistar frå organisasjonen lenka seg fast ved anleggsområdet i Vevring i Sunnfjord. Folk har mellom anna lenka seg fast til transportbandet som fraktar malm.

Politiet har i løpet av helga fjerna fleire av demonstrantane, som har fått varsel om førelegg for ikkje å følgja politiet sitt pålegg om å fjerna seg.

Høgsterett har tidlegare slått fast at løyva Nordic Mining fekk til å deponere gruveavfall i Førdefjorden var gjeve ulovleg.

Regjeringa har seinare gjeve selskapet løyve til å halde fram drifta.

Varslar søksmål grunna inntektstap

I helga kom det eit varsel om søksmål i postkassa til Natur og Ungdom-leiaren.

Her kjem det fram at Nordic Mining og dotterselskapet Engebø Rutile and Garnet meiner dei har tapt store summar på aksjonen.

I brevet frå advokatfirmaet Kvale heiter det:

– Dersom NU (Natur og Ungdom) forsetter sin ulovlige aksjon og NU og dets aksjonister lykkes med sitt forsett om å forstyrre/stanse driften vil ERG (Engebø Rutile and Garnet) påføres betydelige tap.

Og vidare:

– ERG vil kreve tapet dekket av NU og alle personer som medvirker til de ulovlige aksjonene. Det er viktig for ERG at NU skjønner alvoret i dette all den tid ERGs tap som følge av driftsforstyrrelser / stans vil bli enorme.

Politi på plass i Vevring
Politiet har ved fleire høve fjerna aksjonistar i løpet av helga. Foto: Odin Austring / NRK

Leiar for Natur og Ungdom, Sigrid Hoddevik Losnegård, seier det varsla søksmålet ikkje får noko å seia for deira aksjonar.

– Alle aksjonistane veit at det er dei sjølve som er ansvarlege. Eg er usamd i at det er ein ulovleg aksjon. Me gjer berre jobben som staten som skulle gjort, seier ho.

Losnegård seier organisasjonen framleis har aksjonistar til stade både ved anlegget og på anleggsvegen.

Sigrid Hoddevik Losnegård
Sigrid Hoddevik Losnegård i Natur og Ungdom seier aksjonen held fram. Foto: NRK

– Dersom Nordic Mining skulle trenge det, er det staten som er ansvarleg for at selskapet får erstatning. Det er ikkje selskapet sin feil at løyva dei har fått er ugyldige, seier ho.

– Kan bli krav om millionsum

Kommunikasjonssjef i Nordic Mining, Tone Løtuft, seier det kan bli snakk om store summar som Natur og Ungdom og einskilde aksjonistar kan bli saksøkte for.

Ho peiker på at selskapet må verna seg sjølv og dei tilsette som har området som arbeidsplass.

– Er det snakk om ein millionsum?

– Ja. Eg trur me kan seia at for eit ungt menneske så vil dette kunne bli eit litt tungt erstatningskrav å få i fanget, seier Løtuft.

Gulating lagmannsrett har forkasta kravet om mellombels stans av tømming av gruveavfall i Førdefjorden. Dermed kan Nordic Mining halde fram drifta fram til Høgsterett behandlar saka i slutten av april.
Nordic Mining og kommunikasjonssjef Tone Løtuft seier det kan bli snakk om millionkrav mot Natur og Ungdom. Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Løtuft seier selskapet er ein uskuldig tredjepart, og skjønar ikkje kvifor dei skulle ha retta eit erstatningssøksmål mot staten, slik Natur og Ungdom vil.

– Dersom dei meiner det er staten som har skulda, er det kanskje ikkje oss dei burde retta aksjonane sine mot, seier ho.