SPESIELL VEG: Fredrik Sjøvold tok eit tøft val som unggut. Det betalte seg. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Det var eit kjempeopphald. Eg fekk leksjonar både i korleis ein skal kokkelere og korleis ein skal «bette» på trav, så eg lærte litt av kvart.

Bodø/Glimts Fredrik Sjøvold flirer litt medan han tenkjer tilbake på treningsopphaldet han hadde med Viking i 2021.

Det er nemleg ikkje mange år sidan 23-åringen, som er med på den første A-landslagssamlinga i karrieren denne veka, var eit relativt uskrive blad i norsk fotball.

Sjøvold gjekk først gradene og var akademispelar i Rosenborg, men valde til slutt å gå ut av akademisystemet og halde fram karrieren i den lokale tredjedivisjonsklubben Tiller.

Etter eit par år med seniorfotball, skaut utviklinga fart, og Sjøvold drog på fleire treningsopphald med norske toppklubbar, mellom anna Start og Viking.

Og det er her NRK-Løkberg kjem inn.

Løk
GJESTFRI: Kristoffer Løkberg opna heimen for Sjøvold. Foto: Fredrik Varfjell / NTB

«Han bør du ta ein nærare kikk på»

Løkberg, som på den tida framleis var aktiv eliteseriespelar, var den som tok initiativ til at Sjøvold skulle prøve seg hos stavangerklubben.

– Eg høyrde om ein veldig spennande spelar i Tiller. Ein av mine beste kompisar var kaptein og sende meg melding. «Han her bør du ta ein nærare kikk på». Og då reagerte eg ganske raskt, hugsar Løkberg.

Sjøvold takka ja – både til prøvespel og Løkbergs invitasjon til å sove på gjesterommet den veka han var i Stavanger.

– Eg tenkte at den beste moglegheita for at han skulle få seg eit bra treningsopphald, var å bu på gjesterommet mitt. Eg serverte dei herlegaste rettane og baud på det eine og andre. Det førte ikkje til kontrakt, men han lærte kanskje litt den veka, seier Løkberg med eit smil.

– Det var eigentleg veldig greitt. Det var trygt å ha nokon å bu hos, og sleppe å vere aleine når ein var på prøvespel, seier Sjøvold sjølv.

Glimt
GLIMT-GUTTA: Ole Didrik Blomberg og Fredrik Sjøvold under ei trening med det norske herrelandslaget i fotball på Ullevaal Stadion, før nasjonsligakampane mot Danmark, Portugal og Wales. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Fleire klubbar som ikkje ville ha meg

Og det tok litt tid før han lykkast med å finne seg ein betre klubb enn Tiller.

Det var fleire prøvespel med norske lag som ikkje førte nokon stad.

– Det var jo fleire klubbar som ikkje ville ha meg, og så er det litt rart at Glimt var den klubben, der eg kanskje presterte dårlegast på trening, som faktisk tok sjansen på meg, seier han i dag.

– Du var ikkje fornøgd med prøvespelet i Glimt?

– Eg kjende ikkje at eg gjorde det sånn kjempebra. Glimt var kanskje den staden eg presterte dårlegast, og likevel så tok dei sjansen på meg. Dei må ha sett eit eller anna, seier han.

– Godt gjort av Glimt

Og det gjorde dei rett i.

I dag er Sjøvold rekna som ein av Noregs beste backar og har for lengst oppnådd mykje med Bodø/Glimt.

Men kvifor enda han eigentleg ikkje opp i Viking?

Vi stiller eksperten vår Kristoffer Løkberg litt til veggs.

– Vi inviterte han faktisk tilbake igjen. Det er ein gløymd del av historia. Men han trena med Bodø/Glimt i mellomtida, og dei snappa han opp på direkten. Det er veldig godt gjort av dei. Men det er ein av dei mange slumpane i fotballen, seier Løkberg.

Han er i dag både NRK-ekspert og speidar for Viking.

Landslaget
FØRSTE SAMLING: Fredrik Sjøvold er med på si første A-landslagssamling. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Er det dårleg stemning i Viking for at han glapp?

– Vi slår knyttneven i bordet innimellom når vi ser at han spelar fotball, for han er ein vanvitig god fotballspelar. Men samtidig er det ikkje sikkert at han hadde blitt like god hos oss som han har blitt i Bodø/Glimt. Vi får vel heller unne han det han har fått til, seier Løkberg.

Søndag kveld kan Sjøvold få sin landslagsdebut for Noreg. Han rykte éin plass frami køen då David Møller Wolfe blei utvist mot Danmark.

Debuten vil i så fall komme mot Portugal der Cristiano Ronaldo, eit av Sjøvolds store idol, spelar.

Det heile heng att frå Ronaldos karriere i Real Madrid. For å illustrere kor stor Real Madrid-supporter Sjøvold faktisk er, spurde vi om han ville dele med NRKs lesarar kva som er e-post-adressa hans den dag i dag:

Svaret: realmadridfredrik@***.com.

– Det er det som har vore favorittlaget mitt opp igjennom, og så kapra eg den e-posten tidleg. Eg har ikkje tort å gi han frå meg, men det spørst om det begynner å bli på tide, seier han med eit smil.

  • Noregs kamp mot Portugal har avspark søndag kveld klokka 20.45. Den ser på TV 2 eller høyrer på NRK Sport på radio.