Årsaka er at prisveksten i Noreg har lege rundt 3 prosent i lang tid. Langt unna målet til Noregs Bank, som er på 2 prosent.
Då USA og Israel gjekk til angrep på Iran ved månadsskiftet til mars, gjekk energiprisane i taket. Det legg enda større press på prisane, då enten straum eller bensin må til for å enten lage eller frakte dei fleste varer og tenester.
Det førte til at sentralbanksjef Ida Wolden Bache rykte ut og gav mange med bustadlån ein skikkeleg kalddusj: ein må vente seg eitt eller kanskje to rentehopp i år.
Og i dag kom rentehevinga.
– Komiteen meinte det var riktig å sette renta opp nå. Prisveksten er for høg og har lege over målet i fleire år, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache.
– Det er prisane på det vi produserer her i Noreg som stig raskast, seier sentralbanksjefen.
Sentralbanksjefen understrekar at det er stor usikkerheit om den vidare økonomiske utviklinga, og peiker igjen på korleis krigen i Midtausten slår inn over norsk økonomi.
– Det vil truleg føre til at også den importerte prisveksten blir høgare framover, seier Wolden Bache.
Kronehopp
– Det vi må rekne med no, er at bustadlånsrentene blir sett opp og at krona kan styrke seg noko i tida framover, seier sjeføkonom i Eika Gruppen Jan Ludvig Andreassen til NRK.
Og sistnemnde ser vi allereie. Krona styrker seg både mot euro og dollar like etter av renteavgjerda.
Seniorstrateg Sara Midtgaard i Nordea Markets er ikkje overraska over utfallet.
– Dei hadde planar om å heve renta i næraste tid, så det er inga overrasking. Eg synst dei argumenterer godt for avgjerda, seier Midtgaard, og viser til pressemeldinga til Noregs Bank.
Og kanskje blir det fleire rentehopp.
– Marknaden legg til grunn at renta kjem til å bli auka tre gonger i år, seier valutastrateg Dane Cekov i Sparebank 1 Markets.
Kyrre Knudsen er sjeføkonom i Sparebank 1 Sør-Noreg. Han meiner det er heilt ope om det vil kome enda ei renteheving i næraste framtid.
– Det er framleis rundt femti-femti om det kjem enda ei renteheving i juni, seier Knudsen.
Det kjem heilt an på korleis prisveksten utviklar seg framover, seier Knudsen.
– No er det berre å krysse fingrane for at dei to neste inflasjonsmålingane innan rentemøtet i juni, viser lågare inflasjon.
Ved siste måling låg prisveksten på 3,6 prosent, medan kjerneinflasjonen – som Noregs Bank ser på – var på 3 prosent.
Bitter rentestrid
Dei varsla moglegheitene for renteheving har ført til ein opprivande rentedebatt i vår.
Sidan lønnsoppgjeret i industrien akkurat var kome i hamn, meinte LO-leiar Kine Asper Vistnes at sentralbanken ville motarbeide lønnsoppgjeret om renta vert sett opp.
Det førte til refs både frå Frp-leiar Sylvi Listhaug og Norsk Industri-sjef Harald Solberg, som reagerte kraftig på Vistnes si innblanding i rentepolitikken.
Sentralbanksjef Wolden Bache adresserer under pressekonferansen alle som har stilt spørsmål ved om det er rett å heve renta no – når alt no blir dyrare.
– At vi meiner det er naudsynt å heve renta, skuldast ikkje berre krigen i Midtausten, og at prisane på olje og andre råvarer har auka.
– Ein viktig grunn til at prisveksten held seg høg, er at lønene har auka mykje dei siste åra.
Ho påpeiker at lønnsveksten er på veg ned, og at den ikkje er høg samanlikna med lønnsemda i industrien. Men:
– Lønnsveksten gir auka kostnader for bedriftene, og det vil i neste omgang bidra til å halde prisveksten oppe.
Og ballen kan rulle vidare. Ein av dei største næringane i Noreg, olje- og gassindustrien, tener store pengar som følgje av energikrisa som er skapt i kjølvatnet av krigen i Midtausten.
– Auka prisar på varer Noreg eksporterer, kan også gi auka lønnsemd i delar av industrien. Og i sin tur i auka lønnsvekst, seier Wolden Bache.
Kvifor er det så annleis i Sverige?
Berre ein halvtime før renteavgjerda i Noreg, har svenskane fått sin fasit.
Der blir styringsrenta ståande på 1,75 prosent.
Det er fleire ting som skil den svenske og den norske økonomien, som gjer at styringsrentene er så langt frå kvarandre:
- Prisvekst: I Sverige er prisveksten under målet på 2 prosent. Det betyr at ein kanskje må ha ei lågare rente for å gi meir fart på økonomien. Noreg og Sverige måler også prisveksten noko ulikt – for eksempel er bustadutgifter ein større del av prisvekst-målinga i Noreg enn i Sverige.
- Arbeidsløyse: I Sverige er det høgare arbeidsløyse enn i Noreg.
- Bustadmarknad: I Sverige er bustadmarknaden svakare enn i Noreg, kor det held seg ganske sterkt.
- Lønnsvekst: Lønnsveksten i Noreg har vore sterkare enn i Sverige i fleire år. I Sverige fall reallønna mykje etter lønnsoppgjeret i 2022.
- Ulik vektlegging av sysselsetting: Den svenske sentralbanken, Riksbanken, sende renta hardare opp frå 2022 og kan ha vektlagt sysselsetting mindre enn Noregs Bank, viser analysar frå sentralbanken sjølv.