Fire kaffikanner og ei pappeske full i bollar.
Utanfor Bergen Kristne Grunnskole på Kråkenes i Bergen forsøker lærarane å halda energien oppe.
Inne på skulen er undervisninga starta for elevane etter sommarferien.
Men lærarane deira har streika i 121 dagar.
No er konflikten blitt Noregs lengste lærarstreik gjennom tidene.
Streiken har også blitt et spørsmål om ulike verdisyn, ifølge partane.
Tilsette nye lærarar: – Ingen effekt
Tolv lærarar ved skulen vart tatt ut i streik som følge av at skulen ikkje vil inngå ein tariffavtale.
Skuleleiinga meiner at ein lokal avtale er den beste løysinga.
Under streiken har skuleleiinga tilsett nye lærarar.
Det får fylkesleiar Steinar Vegsund Strømsli i Utdanningsforbundet Vestland til å rasa.
Han meiner at skulen har gjort streiken verknadslaus, og at konflikten har avdekt alvorleg hol i den lovfesta streikeretten.
– Det er ekstra tungt å ta på seg vestane når me veit at skulen er fullt bemanna. Streiken har ikkje effekt lenger.
Strømsli meiner at dette er det verste streikebryteriet sidan krigen.
Avviser streikebryteri
Styreleiar Olav Sollid ved Bergen Kristne Grunnskole hevdar at dei ikkje driv streikebryteri.
No uttaler han seg til NRK for første gong sidan streiken starta.
– Me har lov til å legga nye timeplanar for eitt nytt år. Mange tilsette har slutta eller gått ut i fødselspermisjon. Det har ikkje noko med streiken å gjera.
Han understrekar: Skulen har hatt fleire månader utan drift. Og elevane har mista undervisning under streiken.
– Me har fått klar beskjed frå foreldra om at elevane skal ha undervisning. Men ingen av dei som streikar er erstatta.
– Ikkje til å stola på
Styreleiaren meiner at skulens eigen avtale er den beste løysinga.
– Me har også mange lærarar som ikkje ønsker ein tariffavtale med Utdanningsforbundet. Det tar me på alvor, seier han.
– Ein viktig verdi for oss er å ta vare på alle arbeidstakarane. Der meiner me at den lokale avtalen gjer det på best måte, meiner Sollid.
Bergen Kristne Grunnskole meiner også at det er ein verdiforskjell mellom dei og Utdanningsforbundet.
– For oss er det viktig at me eksisterer som ein friskule, og at me har gode vilkår. Der opplever me at Utdanningsforbundet ikkje bestandig har vore til å stola på, seier Sollid.
Utdanningsforbundet svarer at det er heilt normalt at arbeidsgivarar og arbeidstakarorganisasjonar har ulike politiske syn og verdigrunnlag.
– LO og NHO deler heller ikkje politikk og verdisyn, men inngår tariffavtalar og samarbeider godt likevel, seier Strømsli.
Kan streika i 200 år
Nokre av elevane klemte lærarane sine då dei gjekk forbi dei, på veg inn på skulen torsdag morgon.
– Det var godt å sjå dei. Samtidig er det veldig vanskeleg å ikkje kunna stå med elevane i klasserommet og få vera med dei, seier Silje Hammerstad, ein av dei streikande lærarane ved skulen.
Etter 121 dagar, har ingen av partane trekt krava sine.
Utdanningsforbundet har ikkje planar om å gje opp streiken med det første.
– Me har masse pengar på bok. Me kan halda på å streika i 200 år, seier Strømsli.
Hammerstad bekreftar at streikeviljen framleis er sterk.
– Me er veldig glade i skulen vår, kollegaene og elevane. Me håpar inderleg at det kan koma ei løysing, seier ho.
Sollid i Bergen Kristine Grunnskule seier at det er vanskeleg å seia når streiken tar slutt.
– Eg håpar jo at han tar slutt i morgon. Det er dyktige arbeidstakarar og dyktige tilsette som er i streik, seier Sollid.
Vil ha Stortinget på bana
Utdanningsforbundet meiner konflikten no har utvikla seg til å bli eit nasjonalt spørsmål.
– Me har oppdaga eit hol i lovverket, og kan ikkje ha ein situasjon der lærarar ved private skular i Noreg ikkje har ein reell streikerett, seier Strømsli.
Han har lita tru på ei lokal løysing.
– Me er no avhengige av hjelp frå Stortinget, seier han.
Han får støtte frå Marthe Hammer (SV), som er stortingsrepresentant for Hordaland og sit i Finanskomiteen.
– Det kan ikkje vera slik at ein slepp unna med å bryta heilt alminnelege reglar for arbeidslivet. Det som skjer her utfordrar heile prinsippet for arbeidslivet, seier Hammer.
Ho meiner Bergen Kristne Grunnskole bør bli sanksjonert med bøter, og at Stortinget må gå gjennom privatskulelova og reglane for statsstøtte.