en innsjø omgitt av fjell
Over éin million turistar besøkjer Panamakanalen kvart år. Slett ikkje noko urealistisk mål for ein skipstunnel på Stad på sikt, skriv kronikkforfattaren.Illustrasjon: Kystverket / Snøhetta

Verdas første skipstunnel kan bli eit av dei mest spektakulære reisemåla i Noreg. I alle fall om vi tek på oss reiselivsbrillene og hevar blikket.

Ei slik nyvinning på Stad på Vestlandet garanterer overskrifter verda over, med tilhøyrande nysgjerrigheit, reisefeber, statusjag og oppdagingstrong. Forvent utanlandske tilreisande i hopetal.

Det er lite som triggar flybillettkjøp som turistattraksjonar i ypparste verdsklasse.

Ved å sprenge gjennom knappe to kilometer med fjell for å lage skipstunnel heilt nord i Sogn og Fjordane, kan fartøy av ulike storleikar unngå Noregs vanskelegaste og mest lunefulle havstykke.

Det bidrar til auka sikkerheit og smidigare logistikk på Vestlandet.

En bro med tunnel
Ei spektakulær sjåverdigheit som verdas første skipstunnel vil òg lette trykket på Preikestolen, Frognerparken og Lofoten, skriv kronikkforfattaren. Illustrasjon: Kystverket

Men ikkje alle er overtydde om at den uvanlege infrastrukturen har livets rett. Han er visstnok for dyr, for unyttig, for usentral eller for samfunnsøkonomisk ulønsam. Dei fleste har tilsynelatande ei meining om den banebrytande ideen frå 1847.

Kystverket sitt nyaste kostnadsoverslag tilseier ein pris på 8,6 milliardar kroner. Det er latterleg billeg.

Estimata sprikar rett nok, men i 2025 skal utanlandske turistar ha lagt att mellom 50 og 78 milliardar kroner. Det vil for enkelheits skuld seie eit forbruk på drygt 21.000 kroner per ferie per person, som i snitt visstnok besøkjer oss 4,2 dagar kvar.

Verdien på eit innblikk i norsk natur, mat, kunst, kultur og historie er med dette definert.

La oss seie at skipstunnelen dagleg tiltrekk seg 300 turistar som elles ikkje hadde kome til Noreg. Det er på ingen måte urealistisk.

Til samanlikning reiser 6400 med Fløibanen kvar dag og drygt 800 testar høgdeskrekken over Vøringsfossen.

Gunnar Garfors på Frøya i Sogn og Fjordane.
Kronikkforfattar Gunnar Garfors på Frøya. Foto: Øystein Garfors

I snitt vil 300 daglege tunnelturistar tilføre Noreg 2,2 milliardar kroner per år i turistinntekter, cirka ein fjerdedel direkte til staten som meirverdiavgift. Sistnemnde åleine vil dekkje kongeriket sine renter og avdrag til tunnelen er nedbetalt.

Auka aktivitet i lokaløkonomien, fleire jobbar og høgare skatteinntekter kjem i tillegg.

Men kva er vel 8,6 milliardar blant visjonære? La oss leggje på ein del millionar til kunst langs gangvegen gjennom fjellet, eit unikt restaurantbygg ved den eine inngangen og eit vikingskipsmuseum og nordlyssenter på den andre sida.

Overnattingstilbodet må også oppdaterast.

Med god og innovativ marknadsføring er suksessen sikra. Som ein bonus blir det plutseleg mindre usentralt å utforske undervurderte Vestkapp, 35 kilometer unna. Eller surfespotten i Hoddevika, sjølv om han allereie er verdskjent.

300 turistar om dagen tilsvarer 110.000 i året. Ti gonger så mange, over éin million turistar, besøkjer Panamakanalen kvart år. Slett ikkje noko urealistisk mål på sikt. Det kom endå fleire til Geiranger berre i 2024.

Når den 50 meter høge og 36 meter vide tunnelen kan bli gratis, kanskje til og med ei mjølkeku, så fell argumentet om samfunnsøkonomisk ulønsemd vekk.

Stad skipstunnel
Reiselivet treng meir enn berre naturperler, skriv globetrotter Gunnar Garfors.Illustrasjon: NRK

Det er ikkje noko gale i å la langvegsfarande turistar betale for infrastruktur, kamuflert som noko dei vil kappast om å fotografere og reise gjennom.

At han i tillegg fører til ein tryggare arbeidskvardag for sjøfolk, enklare godslogistikk på kysten og både kortare og sikrare reiseveg mellom vestlandsbyar og bygder, dreg òg turistane sjølve nytte av. Også indirekte i form av til dømes rimelegare laks.

Om få år kan bilete frå Stad dominere sosiale medium takka vere noko så unorsk som ein planlagt turistattraksjon i fjell. Reiselivet treng meir enn berre naturperler.

Spørsmålet er om Noreg vil ha fleire turistar. Så lenge ikkje alle reiser til dei same få populære stadene samstundes, har eg inntrykk av at dei fleste av oss er positive.

Ei spektakulær sjåverdigheit som verdas første skipstunnel vil til og med lette trykket på Preikestolen, Frognerparken og Lofoten. Det står berre att å gje tunnelen eit godt namn på utanlandsk.

Stad fungerer ikkje spesielt godt verken på svensk eller engelsk. Norway Ship Tunnel set han tydelegare på kartet og når meir effektivt ut til fleire.

Om ikkje The Viking Ship Tunnelkling endå betre.