Ein mann står ute og ser seriøst inn i kamera
MISTER JOBBEN: Jaanis Taigla er ein av 120 tilsette i NBT som mister jobben etter konkurs. Foto: Siri Storheim / NRK

– Eg hadde endeleg fått meg jobb, og no er eg arbeidsledig igjen. Eg har jo familie og ungar og rekningar som må betalast. Eg håpar at dei ordnar opp igjen.

Jaanis Taigla frå Eikefjord i Kinn kommune er ein av 120 tilsette som mister jobben etter at Norsk bibliotektransport (NBT) gjekk konkurs tysdag denne veka.

Det var Bok og bibliotek som omtala konkursen først.

NBT fraktar bøker til og mellom biblioteka over store delar av landet.

– Det er krise når ikkje transportordninga er på plass, seier Jorun Systad ved biblioteka i Sunnfjord kommune.

– Enorme mengder bøker

Taigla var ute på ruta si då han fekk beskjed om konkursen av ein kollega.

– Eg treivst veldig i jobben, men plutseleg fekk eg beskjed at NBT er konkurs. Utan å vite noko om kva som skjer framover, seier Taigla.

Ein mann står ved ein traktor og hoggar ved.
Etter å ha mista jobben, må Jaanis Taigla bruke tida på noko anna. Foto: Siri Storheim / NRK

Transportordninga gjer mellom anna at du kan låne bøker som berre er tilgjengelege på andre sida av landet, og at du kan levere inn bøker andre stader enn du lånte dei.

– Er du ein student som ventar på ei viktig bok som du treng til eksamen, så kan vi ikkje love at den kjem, seier Systad.

Ho er einingsleiar for biblioteka i Sunnfjord, som er blant dei mange som er råka av NBT-konkursen.

– Det går enorme mengder med bøker ut og inn av biblioteket kvar dag. Det er krise når ikkje transportordninga er på plass, seier ho, og trekkjer fram at Nasjonalbiblioteket i Noreg – som dei ofte får bøker frå – ligg i Mo i Rana.

Bibliotekssjefen på Førde bibliotek i skranken.
Biblioteksjefen har sjølv køyrt 100 bøker mellom Naustdal og Førde etter konkursen. Foto: Siri Storheim / NRK

Store delar av landet er råka

NBT er eit dotterselskap under det kommunale samvirket Biblioteksentralen.

Her kjøper dei inn bøker, og distribuerer dei til skular og bibliotek over heile landet – via transporttenesta NBT. Har du nokon gang bestilt ei bok som du ikkje fann i bibliotekhylla, så er det også NBT som har frakta ho til deg frå ein anna plass.

Men no blir bøkene liggjande på ubestemt tid, med mindre nokon tyr til eigne løysingar, som Systad måtte gjere onsdag denne veka.

Då tok ho saka i eigne hender og frakta 100 bøker frå Naustdal til Førde sjølv som ei naudløysing.

Helene Voldner i Norsk biblioteksforening er redd konkursen vil få konsekvensar for heile bibliotekfeltet.

– Det rammar særleg brukarar av folkebibliotek på små stadar som ikkje får tilgang til fjernlånstenesta. Fjernlånstenesta gjer at me kan låne og levere bøker uansett kvar du bur i landet.

Helene Voldner står inne på et bibliotek foran mange bøker.
Helene Voldner, styreleiar i Norsk bibliotekforeining. Foto: Norsk bibliotekforening

Ho påpeiker at studentar, særleg dei som ikkje bur der dei studerer, brukar fjernlånstenesta aktivt. Denne tenesta er avhengig av selskap som NBT.

– Prinsippet om lik tilgang til kunnskap vert utfordra, seier Voldner.

Ho viser til folkebiblioteklova. Det står det at staten har ansvaret for oppgåver som kommunane ikkje kan løyse åleine.

– Fjernlånstenesta og den ordninga der ein fraktar bøker på tvers av landet, er openbert ikkje noko som kvar kommune skal vere ansvarleg for. Her må staten vere sitt ansvar bevisst og kome på bana.

Bibliotekssjefen i Førde gjer bøker klar til transport.
På Førde bibliotek har dei transport av bøker fire gonger i veka. Foto: Siri Storheim / NRK

Taigla meiner at konkursen spesielt går ut over barn og unge. Som boktransportør har han sett kor mykje biblioteka betyr for skulane.

– Eg håpar at selskapet ordnar opp.

På leit etter ny transportør

I januar vart NBT sett under rekonstruksjon for å finne ei løysing på gjelda til selskapet.

Terje Eid-Hviding, administrerande direktør i Biblioteksentralen og styreleiar i NBT, forklarar at rekonstruksjonen ikkje var vellukka.

– Det viktigaste for oss no er å ta vare på dei 120 menneska som mistar jobben, seier Eid-Hviding.

Biblioteksentralen er i gang med å finne ny transportør for å levere varene deira.

– Det gjeld for bøkene biblioteka kjøper frå oss i Biblioteksentralen, og for kulturfondbøkene me distribuerer på oppdrag frå Kulturdirektoratet.

Eid-Hviding kan ikkje svare på kva som skjer med transporten til Nasjonalbiblioteket, fylkesbiblioteka eller folkebiblioteka, som er tre av instansane som er råka.

Konkursen har konsekvensar for bibliotek i alle norske fylke utanom Nordland, Troms og Finnmark, som ikkje brukar NBT.

Bibliotekssjefen i Førde gjer bøker klar til transport.
Biblioteksjefen organiserer bøker, som skulle ha blitt transportert til andre bibliotek i kommunen Foto: Siri Storheim / NRK

Det ser difor ut som at bibliotektilsette som Jorun Systad må vente ei stund før ei ny transportordning er på plass.

– Utan transporten har me heilt avgrensa moglegheiter til å skaffe litteratur. Det går ut over bibliotektilbodet. Meir enn to veker vil vere kritisk for biblioteks-Noreg, meiner Systad.