Norsk Folkehjelp fasar ut samarbeidet med USA innan mine- og eksplosivrydding, skriv dei i ei pressemelding.
Det skjer etter at det amerikanske utanriksdepartementet har innført nye krav til samarbeidspartnarane sine.
Dei nye krava inneber store avgrensingar om kva partnarane kan jobbe innanfor mangfald, likestilling og inkludering.
Brotet med USA betyr kutt på 400 millionar kroner i årlege inntekter, og om lag 1700 globale tilsette.
– USA forsøker å diktere at vi skal slutte å jobbe for likestilling og mangfald, seier Raymond Johansen, generalsekretær i Norsk Folkehjelp.
Retningslinjene gjeld for alle prosjekt – ikkje berre dei USA finansierer sjølv.
– Det seier vi nei til. Vi forheld oss til norsk lov og norsk politikk, og byter ikkje verdiar mot pengar, legg generalsekretæren til.
Mangfald, likestilling og inkludering
I USA har dei tiltaket DEI som skal fremme mangfald, likestilling og inkludering. Formålet er rettferdig behandling og like moglegheiter, særleg innanfor arbeidslivet og høgare utdanning.
Men Trump-administrasjonen har vore svært kritiske til programmet og lagt føringar for å avvikle det. Det har vore grobotn for splitting i landet.
I januar 2025, like etter at USAs president Donald Trump byrja sin andre periode, gjekk han hardt ut mot DEI-tiltaka.
Trump har vore mot fleire av programma og har arbeida for å redusere eller fjerne tiltak – særleg i føderale myndigheiter og statsapparatet.
– Svært dramatisk
USA er ein av dei største partnarane til Norsk Folkehjelp når det kjem til mine- og eksplosivrydding.
Ved hjelp av amerikansk finansiering har organisasjonen rydda miner i sju land.
– Samarbeidet har redda tusenvis av liv, og mogleggjort økonomisk utvikling og gjenoppbygging i ei rekke kriseramma samfunn, står det i pressemeldinga.
Heile 40 prosent av Norsk Folkehjelp sine inntekter kjem frå USA. Dermed vil den noverande situasjonen ha «dramatisk effekt» for organisasjonen og deira arbeid.
– Det er gjort forsøk på å søke unntak for vilkåra for å kunne vidareføre det livsviktige mineryddingsarbeidet. Det har ikkje ført fram.
Generalsekretæren skildrar situasjonen som «svært dramatisk», og er uroa for vegen vidare.
– Dette er ei utruleg tøff avgjerd og vi er svært bekymra for konsekvensane det vil få for våre tilsette, og ikkje minst for alle sivile som lever med miner og eksplosiv etter konflikt. Vi er likevel nøydde til å sette foten ned no, seier Johansen.
– Likestilling, likeverd og mangfald er ikkje truslar, det er verdiar som styrker arbeidet vårt og gjer samfunn betre. Det er verdiar vi vil kjempe for, legg han til.
Generalsekretæren understrekar at dei vil halde fram 60 prosent av arbeidet sitt med mine- og eksplosivrydding.
No håpar organisasjonen at norske myndigheiter kjem på banen for å sette tydelege krav til sine samarbeidspartnarar.
Interessert i det som skjer i verda? Høyr siste podkast-episode frå Urix: