Kvart år den 9. mai held den russiske konsulen ein tale og legg ned krans ved Frigjeringsmonumentet i Kirkenes. Dette gjer Russland for å feire slutten på andre verdskrig.
Fleire møtte opp på årets arrangement. Nokon for å vise sin motstand mot Russlands krig mot Ukraina, mens andre deltok i sjølve markeringa. Blant desse var fleire styremedlemmer i Norsk Folkehjelp Sør-Varanger, som møtte opp kledd i jakker med logoen til organisasjonen.
Sender feil beskjed
Toppleiinga i Norsk Folkehjelp reagerte kraftig på at medlemmene deira, med logoen til organisasjonen på brystet, deltok i arrangementet til russiske myndigheiter. Leiinga valde til slutt å suspendere styret.
Årsaka var at deltakinga kunne misforståast, seier generalsekretær Raymond Johansen.
– Vi har på det skarpaste fordømt Russland og deira aggresjonskrig mot Ukraina. Men gjennom dette arrangementet kunne det verke som om dette var litt uklart, og det er det sjølvsagt ikkje.
Nå har heile styret valt å trekke seg frå verva sine, bekreftar Raymond Johansen, generalsekretær i Norsk Folkehjelp.
– Norsk Folkehjelp har sjølv eit stort program i Ukraina, og det kan ikkje vere nokon tvil om kva posisjon vi har i denne saka, seier Johansen.
Det var iFinnmark som først omtalte saka.
Sidan markeringa har toppleiinga hatt løpande dialog med lokallaget for å avklare situasjonen. 26. august valde det lokale styret å trekke seg. Nå er det usikkert når lokallaget vil vere oppe og gå igjen.
Generalsekretæren håpar likevel at organisasjonen framleis vil vere til stades i Kirkenes.
– Sør-Varanger og Finnmark er eit veldig viktig område, også for Norsk Folkehjelp. Vi ønsker sjølvsagt å ha eit nærvær der, men det må vi komme tilbake til på eit seinare tidspunkt, seier Johansen.
NRK har vore i kontakt med den tidlegare styreleiaren, som ikkje ønsker å kommentere avgangen til styret.
Sette donasjonen i gang igjen
Lokalpolitikar Harald Sunde (SV) var ein av dei som reagerte på saka. Han meiner det som skjedde var ei uheldig rolleblanding som aldri skulle ha funne stad.
– Her blanda ein saman rolla som representant for Norsk Folkehjelp, ein respektert organisasjon, med det å støtte den russiske staten i minnemarkeringa si, seier han.
– Her i Sør-Varanger trur eg det er mange som har blitt skeptiske til organisasjonen. Men det er da berre å håpe at skepsisen lettar litt etter at dei som var involverte har valt å trekke seg. Da kan ein begynne med blanke ark, seier han.
Etter at situasjonen oppstod i mai, valde Sunde å sette si månadlege pengestøtte til Norsk Folkehjelp på pause.
Nå tar han den opp att.
– Søndag sette eg i gang den månadlege donasjonen igjen, i og med at dette her hadde komme i orden.
To drepne i Ukraina
Norsk Folkehjelp har meir enn 450 tilsette i Ukraina. Dei er med dette ein av dei største humanitære organisasjonane i landet.
I slutten av juni blei to mineryddarar drepne og fleire skadde i eit russisk angrep på basen til organisasjonen i Novopetrivka, utanfor byen Kryvyj Rih. Dei drepne og skadde er ukrainske statsborgarar, og tilhøyrer ein ukrainsk organisasjon som arbeider for Norsk Folkehjelp.
Tidlegare i mai hadde ein annan mineryddingsbase til organisasjonen i Ukraina blitt ramma av eit russisk angrep.
Ingen blei skadde i angrepet, men køyretøy og anna utstyr fekk omfattande skadar.