Somme sperra opp auga da López i januar tok steget frå Oslo-laget Nordstrand til meksikanske Santos Laguna, som til dagleg spelar i den meksikanske toppdivisjonen (Liga MX). Ein overgang av det sjeldne slaget.
Da førre sesong gjekk mot slutten, hadde López notert seg for 16 mål på 22 kampar i norsk 3. divisjon. Slike tal frå ein 19-åring får ikkje passere i det stille, og prestasjonane spreidde seg raskt utover dei norske landegrensene.
Den amerikanske nyheitsnettstaden ESPN beit seg merke i López, som i ein video på sosiale medium blei nemnd i same andedrag som Erling Braut Haaland.
I januar sette López penn på papir – ein toårskontrakt med den meksikanske klubben Santos Laguna frå byen Torreón.
– Sjølvsagt kjenner eg meg privilegert over moglegheita eg har fått, men samtidig så veit eg kor mykje arbeid eg har lagt ned. Det som skjer er sjeldan tilfeldig, seier han.
Blei avgjerande
López er fødd og oppvaksen i Noreg, men faren Juan Carlos er meksikansk. Det handla om varme kjensler for landet, men også om rein logistikk.
– Eg gjekk jo viralt på ESPN. Klippet av ein norsk-meksikansk spiss som skåra mange mål, gjorde meg attraktiv. Folk begynte å kalle meg «meksikanske Haaland». I tida etterpå begynte også dei meksikanske klubbane å ta kontakt, forklarer López.
Det doble statsborgarskapet gjorde nemleg til at den meksikanske klubben slapp å bruke ein verdifull plass på utlendingskvoten – noko López trur vippa skåla i favør draumeovergangen.
– Kva landslag ville du ha representert dersom du fekk moglegheita?
– Eg har alltid følgt Mexico tettast, og det er ingen løyndom at vegen til spissplassen er kortare der akkurat nå. Så ja, valet hadde nok falle på Mexico, svarer López og gliser.
Måtte kaste seg på flyet
Etter overgangen frå Nordstrand måtte López smørje seg med tolmod. For at den norsk-meksikanske ungguten skulle venne seg til den intense meksikanske spelestilen, bestod dei første månadene av kampar for G19- og U21-laget.
Gode prestasjonar gjorde til at han stadig fekk nyss om at sesongoppkøyringa til A-laget var innan rekkevidde. Da beskjeden først kom, fekk han det travelt:
– Eg var heime på ferie i Noreg. Eg gjekk berre rundt og venta: «Kjem det til å skje, eller ikkje?» Så kom telefonen: «Ja, vi treng deg her om to dagar».
– Kva gjekk gjennom hovudet ditt da du fekk beskjeden?
– Eg prøvde å ikkje tenke så mykje over kor høgt nivået var. Det viktigaste for meg var å tru på at eg høyrde heime der, og at dei ikkje henta meg utan grunn, forklarer López.
På eit blunk kunne Oslo-guten snøre fotballskoa i same garderobe som meksikanske landslagsspelarar – startskotet på ei oppleving han seint vil gløyme.
– Heilt surrealistisk
For under to veker sidan sat López under dei skarpe flaumlysa på SeatGeek Stadium i delstaten Illinois i USA.
Frå orkesterplass kunne han ikkje gjere anna enn å skode ut over dei nesten 15 000 tilskodarane som hadde fylt tribunane for å sjå Leagues Cup-oppgjeret mellom MLS-klubben Chicago Fire FC og Santos Laguna.
Da Chicago Fire utlikna til 1–1, begynte tankane å kverne i hovudet på 20-åringen: «Ok, nå treng vi mål, ikkje sant?»
Han rakk knapt å tenke ferdig før orda gjalla frå trenarteamet:
«Du må varme opp med ein gong! Kom deg ut! Kom deg ut!»
– Og da var det jo liksom «oi, shit!». Du får liksom ikkje tid til å ..., fortel López, som undervegs i svaret nesten går tom for ord for å beskrive opplevinga.
Med dei 192 centimetrane sine på strømpelesten entra han banen, knapt utan oppvarming.
Ute på grasmatta venta ingen kven som helst: Den polske superstjerna Robert Lewandowski, med fersk fortid i spanske Barcelona, og status som den mestskårande spissen i Europa det siste tiåret.
«Meksikanske Haaland»
I kjølvatnet av debuten har merksemda skote i vêret. López fortel at medspelarane på A-laget hjelper han med å halde beina godt planta på jorda.
– Målvakta vår, Carlos Acevedo, som var i VM-troppen til Mexico, minner meg heile tida på at eg må halde meg audmjuk. Eg set pris på det, erkjenner den høgtsvevande 20-åringen og slepper laus eit lurt smil.
López veit at han framleis har mykje å bevise, men finn ekstra drivkraft i ei heller uvanleg motivasjonskjelde:
– Eg blir kalla Haaland av medspelarane på A-laget, og når eg møter folk på gata, blir eg ofte kalla «meksikanske Haaland». Det er det eg er kjent som på sosiale medium òg, og det er jo berre gøy. Sjølvsagt vil eg heller bli kjent som Magnus López etter kvart, men eg får stå i kallenamnet til eg leverer bra nok til at folk hugsar mitt eige namn, seier 20-åringen.