Norsk Tippings hovedkontor på Hamar.
SAMDE: Norsk Tipping har godkjent forslaget til forlik. Dermed blir det mellom anna ei eiga milliontrekning for deltakarane i gruppesøksmålet. Foto: Knut Røsrud / NRK

Norsk Tipping har godkjent forslaget til forlik i det store gruppesøksmålet.

Det stadfestar Norsk Tipping i ei pressemelding.

Forliket inneber at dei 17.000 som var med på forliket deltek i ein eiga trekning. Dato er enno ikkje sett.

– Dette er ei tilfredsstillande, forsvarleg og god løysing for alle deltakarane i gruppesøksmålet, seier Anders Lund, partnar i Sands advokatfirma som leia søksmålet.

Forlik: Fem millionar

Sjølve forliket er på fem millionar kroner. Det tilsvarar éin prosent av kravet til saksøkarane. Fire millionar skal gå til kompensasjonstrekningar.

– Trekningane er eit resultat av forliket mellom Norsk Tipping og dei som har saksøkt selskapet, og gjeld derfor dei som er ein del av søksmålet, seier juridisk direktør i Norsk Tipping, Merete Haug Jørstad.

Norsk Tipping har dessutan fått nokre klagar innanfor protestfristen i spelereglane. Desse blir inkluderte i trekningane.

Dermed blir det inga rettssak mellom Norsk Tipping og gruppa.

Gratis trekning

10. august blei det kjent at Norsk Tipping og gruppa var samde om eit forslag til forlik, som no formelt er inngått etter godkjenning frå styret i tippeselskapet

Den siste millionen i forliket blir disponert av grupperepresentanten i søksmålet. Dette inneber at delar av beløpet går til å dekkje utgiftene, seier Lund.

Deltakarane skal ikkje betale noko for å vere med i trekningane.

Norsk Tipping seier at forliket ikkje inneber ei generell innrømming av kompensasjonsplikt overfor alle spelarar. Dei meiner fristen for å klage har gått ut. Forliket inneber heller ikkje ein generell aksept av økonomisk erstatningsansvar overfor spelarane, seier dei.

I trekningane vil kvar deltakar få lodd til verdien av vinnarsjansen vedkommande tapte på grunn av feilen.

Over 90 prosent av gruppa måtte godkjenne avtalen for at han skulle bli godkjent, noko som blei tilfellet.

– Er alle i gruppa nøgde med forliket?

– I eit gruppesøksmål er det slik at det er grupperepresentanten som har fullmakt på vegner av gruppa til å inngå forlik. Det vi har registrert, er at det er vel i underkant av ti utmeldingar av 17.000. Så vi oppfattar at dette er noko som nær sagt alle er fornøgde med, seier Lund.

Feil vinnarsannsyn

Årsaka til gruppesøksmålet var ein feil i trekkingsgrunnlaget på Lotto og Eurojackpot.

Dette blei avdekt etter at VG avslørte det.

Feilen førte at spelarane hadde lågare vinnarsjanse enn det Norsk Tipping hadde oppgitt.

I det opphavlege søksmålet kravde saksøkarane å få betalt tilbake innsatsen for spel i perioden 2015/2016 fram til 2025, då feilen blei oppdaga.

Norsk Tipping har beklaga at dei to tilleggstrekningane har innehalde feil, men har avvist kravet om tilbakebetaling av innsatsen.

Som følgje av feilen, fekk Norsk Tipping ei bot frå Lotteri- og stiftelsestilsynet på 46 millionar kroner.

Norsk Tipping varsla i etterkant ein full gjennomgang av Lotto, Eurojackpot og Vikinglotto.

Norsk Tipping har dei siste åra måtta ut med godt over 110 millionar kroner i straffegebyr:

Historisk

Det var like før jul i fjor at det blei kjent at minst 54 spelarar hadde saksøkt Norsk Tipping.

Nokre månader seinare, i slutten av mars i år, blei det kjent at over 17.000 hadde meldt seg på gruppesøksmålet, noko som gjorde det til det største påmeldingssøksmålet nokosinne i Noreg.

– I denne store gruppa finst det både dei som har spelt for mykje pengar, og dei som har spelt for veldig lite. Så her vil det vere eit stort spenn i forhold til det kvar enkelt eventuelt vil få tilkjent, sa Lars Tormodsgard, partnar i Sands Advokatfirma AS, da den massive påmeldinga til søksmålet blei kjent.

Sjølv avviste Norsk Tipping og advokaten deira kravet da den kom.