Storutrykking til Bergen lufthamn Flesland
Storutrykking til Bergen lufthamn Flesland etter at eit fly som skulle til Berlin fekk varsel om tekniske problem og returnerte til Bergen på ein motor. Foto: Andre Heggland

Eit stort tal brannbilar, ambulansar og politibilar rykte til Bergen lufthamn Flesland. Flyet landa klokka 1616.

– Det vart sett full beredskap og mykje ressursar vart sendt mot staden, opplyser operasjonsleiar Ingrid Teigland Tepstad ved Vest politidistrikt.

Politiet opplyste først at flyet sendte naudmelding.

Dette avviser pressesjef i Norwegian, Catharina Solli.

– Det kom varsel i cockpit om tekniske problem, og då valde pilotane å skru av eine motoren og returnere til Bergen. Det var ynskje om auka beredskap, seier Solli til NRK.

Kva tekniske problem varselet indikerte er ukjent for pressesjefen.

– Vi har teknisk mannskap som skal sjå på maskina no, seier Solli og legg til at flymaskina landa utan problem på Flesland og gjekk til gate for eiga maskin.

Norwegian Boeing 737-flyet (LN-ENV) ved gate på Bergen lufthavn, Flesland etter tekniske problemer
Norwegian-flyet gjekk til gate for eiga motorkraft. Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Grunna situasjonen med Norwegian-flyet måtte fleire andre fly sirkle rundt flyplassen før dei kunne lande.

– Eg forstår at det kan høyres både skummelt og dramatisk ut å slå av ein motor, men pilotane øver mykje i simulator på å både fly og lande med ein motor. Det er heilt udramatisk, legg Solli til.

DY1122 skulle til Berlin med eit 140 passasjerar og crew på seks personar.

– Passasjerane er tekne av flyet, og avgangen er kansellert. No blir det jobba med kva som skjer vidare, men det er ukjent for meg, seier Solli.

Norwegian-fly til Berlin sendte naudmelding og returnerte til Bergen lufthamn Flesland.
Flyet sendte returnerte til Bergen kort tid etter at det hadde letta frå Flesland.Grafikk: Skjermdump / Flightradar