– At ferjene får køyre på diesel, sjølv om dei har dette fantastiske anlegget her – eg er heilt mållaus. Det er jo ganske tåpeleg!
Den tyske direktøren Gabor Beyer synest naturlegvis det er vanskeleg å meine for mykje om norsk politikk.
Men han blir mildt sagt sjokkert av det han blir fortalt på fabrikkomvisinga på Hellesylt.
Eigentleg skulle denne fabrikken levert utsleppsfritt drivstoff til turistferjene på Geirangerfjorden.
Det er utelukkande derfor fabrikken blei bygd akkurat her.
Frå 1. januar 2026 skulle det vere forbode med fossilt drivne turistbåtar og ferjer inne i verdsarvfjorden.
Ein trudde forbodet ville tvinge reiarlaga til å anten satse på hydrogenbåtar eller på elektriske ferjer som kunne bli lada med hydrogenaggregat.
Fabrikken stod klar i 2024. Statsminister Jonas Gahr Støre var med på opninga, der han uttalte at hydrogenproduksjon er ein del av framtida.
Men knappe to år seinare er det berre dieselferjer å sjå på fjorden.
I dag kan åtte båtar og ferjer gå under blå dieselrøyk frå motorane sine, trass forbodet.
Stor internasjonal interesse
Årsaka er at det har vist seg svært vanskeleg å bygge ut straum og ladefasilitetar i Unesco-fjorden.
Likevel har fleire av reiarlaga i fjorden bestilt seg batteriferjer, som er avhengige av straum.
Det er Sjøfartsdirektoratet som har gitt ut dispensasjonane til reiarlaga, og dermed gitt dei «rett» i at det ikkje finst andre alternativ i påvente av straumen.
Hydrogenfabrikken har sett seg nøydd til å finne andre kundar – som denne tyskaren.
Beyer fortel at heimlandet bruker grønt hydrogen til det meste. I alt frå bussar og lastebilar, til flyplassar og naudstraum.
Fabrikken har heldigvis ein god, internasjonal marknad å selje til.
Den globale etterspurnaden etter hydrogen passerte 100 millionar tonn i fjor, ifølgje ein fersk rapport frå IEA.
Likevel – fabrikkdirektør Jens Berge har null forståing for at myndigheitene tillèt fossilt drivstoff, når det finst eit lokalt alternativ til straum.
– Det er ein stor provokasjon for oss som har trudd på politikarane, og tek nullutsleppskravet frå 2018 seriøst.
– Dårleg kommunikasjon
Berge understrekar at det først og fremst er myndigheitene han er opptrekt over.
Han kallar dispensasjonane for «ein stor vits», og viser til at reiarlaga har hatt åtte år på seg til å legge til rette for nullutsleppsløysingar.
Og det er ikkje enten-eller, forklarer han.
Hydrogenet kunne fungert som ei mellombels ladeløysing, der batteriferjene ladar seg opp på hydrogen medan dei ventar på landstraum.
Under kan du sjå kven som har fått lov å segle fossilt i verdsarvfjordane. Åtte av dei gjeld Geirangerfjorden.
Hydrogen blei nemnt spesifikt i stortingsvedtaket om nullutslepp frå 2018.
– Dersom eg skal legge godviljen til, så tenker eg det har vore dårleg kommunikasjon mellom ulike instansar av myndigheiter og aktørar, seier Berge.
No ber fabrikken klimaministeren komme på banen, og nekte ferjeselskapa unntak frå lova.
– Eg vil ha ei erkjenning av at ein har dumma seg ut. Myndigheitene si handtering hittil er ein hån mot oss og andre aktørar som har trua på grøne løysingar, seier Berge.
Håper på nullutsleppsfartøy «etter kvart»
NRK har forsøkt å få eit intervju med ministeren om saka, men blir bede om å sitere statssekretær Astrid Hoem.
Ho synest det er gledeleg at fabrikken er i gang med å produsere hydrogen på Hellesylt. Men dyttar ansvaret ned til båteigarane.
– Hydrogen kan bli ein viktig del av løysinga for utsleppsfri sjøfart, også i verdsarvfjordane. Samtidig er nullutsleppskravet teknologinøytralt, og det er opp til reiarlaga å bestemme kva slags teknologi dei vil nytte.
Hoem erkjenner at dei helst skulle sett at det var fleire nullutsleppsfartøy i Geirangerfjorden.
– Men omstilling tar tid. I påvente av det var det nødvendig å gi aktørar ei mogelegheit til å oppretthalde drift. Sånn at vi faktisk får nullutsleppsfartøy på fjorden etter kvart.
Departementet understrekar at dispensasjonane berre gjeld aktørar som viser til at dei har ein konkret plan for nullutslepp.
Det var Andreas Bjelland Eriksen som var klima- og miljøminister då denne saka vart skriven.
Hydrogenforskar: – Må få opp farta
Forskar Nils Anders Røkke forklarer at mange reiarlag kvir seg for å satse på hydrogen som nullutsleppsdrivstoff.
– I dag er dette dyrare enn å bruke fossilt brensel, sjølv med avgifter. Nøkkelorda er tilgjengelegheit, føreseielegheit og pris.
Røkke bekreftar fabrikken sine påstandar om at hydrogenet kunne ha drifta turistferjene på fjorden, og løyst straumutfordringane.
Han viser til ferja «MF Hydra» på Vestlandet, som går på flytande hydrogen og har fungert i tre år.
– Det vert sagt at teknologien ikkje er klar, men det å stille krav er nettopp det som driv teknologiutviklinga vidare, meiner forskaren.
- «MF Hydra» er den første i verda som går på hydrogen. Som NRK og Teknisk ukeblad tidlegare har omtalt er ferja svært dyr i drift. Også prestisjeprosjektet til Torghatten har kosta dyrt og vore lite føreseieleg.
Ifølgje Røkke hastar det for myndigheitene å stille krav til reiarlaga.
– Verda bruker 100 millionar tonn hydrogen i året, men berre éin prosent er berekraftig. Resten er fossilt og slepp ut éin milliard tonn CO₂. Det er ingen tvil om at hydrogen trengst, og vi må få opp farta.
Ville ikkje bygd millionfabrikken i dag
Det var den lokale investoren og seriegründeren frå Ålesund, Knut Flakk, som tok initiativet til å bygge hydrogenfabrikken på Hellesylt.
– Fordi vi skulle levere til det framtidige behovet på Geirangerfjorden. Hadde det ikkje vore for det, hadde vi nok bygd fabrikken ein annan stad.
Flakk viser til at staten har bidratt med betydelege beløp for å få anlegget opp å stå, i tide til det som skulle vere «nullutsleppsåret 2026».
– Så det er i mine auge vanvitig at ein ikkje står ved krava. Det er rett og slett galskap og sløsing av offentlege middel.
– Verda går vidare, og det er ikkje gamle dieselferjer som skal operere på ein sånn fjord, slår han fast.
Reiarlag skuffa over stadige utsetjingar for straum i verdsarvfjorden
Frykter teknologien i milliardprosjekt vil slutte å fungere