Iran Demonstranter Los Angeles
DEMONSTRERER MOT REGIMET: Det iranske folket har vore splitta lenge. For mange er det ikkje berre lett å samle seg rundt landets fotballspelarar. Bildet er frå ein demonstrasjon i Los Angeles natt til måndag. Foto: Reuters

Tilhengarane av sjahen og monarkiet samlar seg bak løveflagget, men det er forbode å ta med flagget inn på tribunen når Iran og New Zealand møtest natt til tysdag.

I Wastwood, Los Angeles er førebuingane til oppgjeret godt i gang.

Mahan Ghasemi er eksiliranar og fortel at han har gjort endringar på drakta før han skal på kamp.

– Vi kjøpte Iran-drakta, men erstatta emblemet. I staden for symbolet til Den islamske republikken, sette vi på løve- og solemblemet, fortel han NRK.

– Trur du at du får lov til å ta det med inn?

– Eg håpar det. Om ein ikkje får lov til å ha eit stort løve- og solflagg, kan ein jo framleis ha eit lite symbol på telefonen eller kleda. Dei kan ikkje nekte meg tilgang på grunn av eit merke på drakta. Vi har valt å ikkje ta med flagg for å unngå problem, men drakta kjem framleis til å representere det vi står for, seier Ghasemi.

– Vil bringe glede til folket vårt

Samtidig som det går føre seg eit høgt, storpolitisk spel mellom president Donald Trump og regimet i Iran, skal altså fotballheltane i landet få befolkninga til å fokusere på heilt andre ting.

Som ein slags skjebnens ironi vil det gå føre seg på amerikansk jord.

Vegen dit har blitt hindra av både visumavslag og re-lokasjon av det iranske reisefølget til Mexico. Dermed var det heller ikkje veldig overraskande at laget kom forseinka til pressekonferansen etter den lange flyreisa frå Tijuana.

– Leiren vår har blitt flytta to gonger, først i USA og sidan til Mexico. Og det har påverka oss. Men vi tenker ikkje på noko anna enn å bringe glede til folket vårt. Og vi vil gjere vårt ytste, alt anna er opp til Gud den allmektige, sa landslagssjef Amir Ghalenoei.

Han hadde eit alvorleg drag over ansiktet og verka påpasseleg for at han ikkje skulle seie noko feil under møtet med pressa. Før seansen starta blei det informert om at landslagssjefen og angrepsspelar Mehdi Taremi berre ønskte å svare på spørsmål som omhandla kampen.

Det fungerte berre sånn halvvegs.

Støttar ikkje regimet

Los Angeles Times spurde blant anna om korleis laget hadde førebudd seg på masseprotestane, ifølge avisa er det venta opp mot 35 000 demonstrantar, før oppgjeret.

– Vi er vande til å skape moglegheiter ut av motgang. Vi er her for å bringe glede til iranarane, enten dei bur i Iran eller i diasporaen, klargjorde trenaren.

Iran Trening Los Angeles
PRØVER Å FØREBU SEG SOM VANLEG: Det iranske laget har fått mykje merksemd etter at dei kom til Iran sin VM-base i Tijuana. Her får dei endeleg trene på stadionet i Los Angeles. Foto: AFP

Trass forsøka på å halde idrett og politikk frå kvarandre, er det nær sagt umogleg gitt den faktiske situasjonen i verda.

Tidlegare på dagen, på eit lite bakeri i Westwood, rett ved meir velkjende Hollywood, møtte NRK fleire eksiliranarar. I møta med desse blei også konfliktane internt i eit hardt prøva folkeslag heilt openberre.

Dei fleste vi snakkar med er tydelege på at dei ikkje støttar dagens iranske regime. Blant dei er Mahan Ghasemi. Han kom til USA for 15 år sidan. Han bur i Texas, men har komme til Los Angeles for å sjå Iran sin opningskamp.

– Blir sensurert og knebla

På papiret kan oppgjeret tysdag sjå ut som ein vanleg fotballkamp, men i potten ligg det så mykje meir enn tre poeng.

– Rundt omkring i USA, Canada og Europa har iranarar samla seg for å vere stemmene til menneske i Iran som blir sensurerte og knebla. Vi kjem framleis til å vere der, høge og stolte. Dette blir enda eit høve til å komme saman som samfunn, sjølv om eg er sikker på at iransk TV vil sensurere supporterane sine tilrop under kampen, seier Mahan Ghasemi.

Inne på Attari Sandwich Shop er det høgt tempo bak kassa. På veggen heng eit bilde av eigaren saman med Reza Pahlavi.

Han er son av den siste sjahen i Iran (ved same namn), som blei tvinga i eksil da det islamske prestestyret tok kontrollen i 1979.

Sonen besøkte kafeen for vel eit år sidan.

Far og sønn; Mahan Ghasemi og Mehran Ghasemi har kommet fra Texas for å se på kampen til Iran. På Attari Sandwich Shop i Westwood møter vi eksil-iranere.
KLARE FOR KAMP: Far og son Ghasemi skal støtte landslaget sitt frå tribunen. Dei kjem til å stille til kamp med løvesymbol, sjølv om det er forbode å bruke det inne på stadion. Foto: Jorunn Hatling / NRK

Tv-en på veggen viser kampen mellom Nederland og Japan når NRK er innom. Men kampen dei fleste snakkar om er Iran sin kamp natt til tysdag.

Mehran Ghasemi, faren til Mahan, er usikker på om han skal oppgi etternamnet sitt i intervjuet med NRK.

Han gjer det likevel. Omtalen hans av det sittande regimet i landet er usminka.

– Dette regimet har ingen grenser. Derfor må ein vere varsam. Det er ikkje behageleg å risikere at familien min blir utsett for press på grunn av det eg seier. Men det er ingenting samanlikna med offera andre har gjort. Ikkje berre i dag, men gjennom dei siste 47 åra har dette vore verkelegheita, seier han til NRK.

Westwood, Tehrangeles, Los Angeles
DIASPORAEN: Los Angeles inneheld den største kontingenten iranarar i utlandet, og mange av dei har slått seg ned i Westwood. Foto: Jorunn Hatling / NRK

Heile familien hans bur framleis i Iran. Han fortel at han har opplevd at fleire familiemedlemmer har blitt avretta.

Flytta for framtida til sonen

For 15 år sidan flytta han til USA på grunn av sonen.

– Hovudgrunnen var å gi son min ei betre framtid. Eg hadde opplevd mykje motgang. Eg kunne ikkje følge draumane mine eller utnytte potensialet mitt fullt ut. – Da eg fekk høve til å flytte hit, visste eg at det ville vere bra for son min. Han har tatt godt vare på moglegheita, seier han og ser bort på sonen.

Ved eit anna bord sit Ramin Siahpoosh med nokre venner. Han fortel at det er langt frå noka homogen gruppe som vil følge det iranske laget under meisterskapen.

– Om du samlar ti ulike iranarar i eit rom, får du ti ulike synspunkt. Sånn er det med iranarar.

Bilde av Muhammad Reza Pahlavi i Attari Sanwich Shop i Westwood.
DET GAMLE REGIMET: Muhammad Reza Pahlavi var den siste sjahen av Iran. Han blei styrta i 1979. Her blir han heidra inne på Attari Sandwich Shop i Eastwood. Foto: Jorunn Hatling / NRK

Ramin er sjølv tydeleg på at han ikkje støttar dagens regime. For eit splitta folk er det ikkje berre enkelt å stille seg bak landslaget, fordi ein veit at regimet i Teheran vil bruke ein siger til sin fordel reint politisk.

– Eg er veldig imot regimet, men eg støttar likevel laget. Andre meiner at laget høyrer til under regimet, og at vi derfor heller ikkje bør støtte dei. Ut frå det perspektivet er meiningane delte.

– Korleis vil du beskrive situasjonen i Iran akkurat nå? – Eg ser på regjeringa som eit folkemordregime som er imot folket. Det er veldig uheldig, men det er som det er.

– Håpar dei buer mot nasjonalsongen

Alt måndag kveld begynte demonstrantar å samle seg i Los Angeles.

«Terrorstaten og fotballaget til Den islamske republikken representerer ikkje det iranske folket», står det banneret ei kvinne held opp.

Løveflagget blir stolt vist fram, saman med plakatar av Reza Pahlavi.

Siahpoosh seier han ikkje veit kva som ventar på tribunane under oppgjeret.

– Det kjem til å bli interessant. Det er mange som lurer på det, men eg håpar iranarane kjem til å bue under nasjonalsongen til regimet, men at vi støttar laget. Det er det eg håpar på.

Mehdi Taremi
SPESIELT: Oppladinga til fotballturneringa har vore alt anna enn vanleg for Mehdi Taremi. Det iranske laget blei forvist til Mexico av den amerikanske regjeringa. Foto: AP

Kjenslene vil nå brestepunktet. Også med tanke på menneskemengdene som vil få fram si misnøye mot regimet.

Sjølv Mehdi Taremi, spissen som til dagleg spelar i greske Olympiakos, var inne på at noko kjennest annleis rundt denne meisterskapen:

– Den typen spenning vi har kjent på sidan vi kom hit, undergrev gleda og ho undergrev bodskapen til Fifa og folket vårt, som handlar om fotball og å skape fred. Eg trur denne meisterskapen kunne ha gitt ein betre atmosfære ein det har gjort, og eg håpar det vil bli betre for alle supporterar i framtida, same kven dei heiar på, sa Taremi.

Jakten på Infantino