Industribygg ved kai med stabler av containere, omgitt av landskap og fjell i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Fiskemottaket Karlsøybruket på Vannøya fekk igjen besøk av politiet 18. juni 2026. Foto: Hans Ludvig Andreassen / NRK

Under innleiingsføredraget dei første dagane av den omfattande fiskekrimrettssaka opplyste statsadvokat Tor Børge Nordmo at politiet så seint som 18. juni 2026 gjennomførte ein ny aksjon mot Karlsøybruket på Vannøya.

– Politiet fann det nødvendig å aksjonere mot Karlsøybruket igjen, seier Nordmo.

En mann med briller og skjegg sitter i en kontoromgivelse og snakker.
Aktor Tor Børge Nordmo opplyste i retten om aksjonen mot Karlsøybruket som skjedde 18. juni 2026. Foto: Simen Wingstad / NRK

Statsadvokaten forklarer at politiet lenge har etterspurt manglande dokumentasjon frå anlegget for å få ei fullstendig oversikt over sakskomplekset.

– Frå politiet si side har ein etterspurt desse vegelappane og sett at det var store hol i materialet. Vi fekk ikkje noko meir frå bedrifta, men så kom rapporten om kor store hol det var. Då fekk vi 19. mai overlevert 12 ringpermar frå forsvararane som sa dei hadde funne ytterlegare vegelappar, opplyser Nordmo til NRK.

Advokaten til Karlsøybruket, Reidar Andresen, stadfestar at det etter ein fornya gjennomgang internt på Karlsøybruket i mai i år vart funne 12 ringpermar med vegelappar.

Ifølgje Andresen vart desse levert inn til politiet same dagen som dei vart funne.

Fiskekrim tingretten.
Reidar Andresen representerer Karlsøybruket som vart aksjonert mot i juni 2026. Foto: Trygve Grønning / NRK

Funna gjorde at politiet såg seg nøydde til å rykke ut på nytt.

– Då blir ein klar over at dette er eit materiale vi ikkje har hatt kontroll på. Difor måtte politiet ut på ransaking éin gong til for å forsikre seg om at vi no har det fullstendige materialet, seier statsadvokaten.

– Ei utfordring for rettssikkerheita

Reaksjonane er mange. Fleire forsvararar NRK har snakka med er svært kritisk til tidsbruken og at det har vorte etterforska og tilført nye dokument heilt fram til førre veke.

Eit sentralt punkt i kritikken råkar den siste rapporten frå Kripos, som utgjer eit omfattande og viktig bevis for aktoratet.

Aktor forklarte i retten måndag at skriftgranskingsrapporten vart ferdigstilt berre éi veke før rettssaka skulle starte.

– I ei sak med eit slikt omfang, og når det vert tilført nye dokument heilt fram til det siste, så er det grunn til å stille spørsmål om han kjem for tidleg, seier forsvarar Thomas Hansen, som representerer den påtalemakta har utpeika som hovudmann i saka.

Fiskekrim tingretten.
Advokat Thomas Hansen stiller spørsmål ved om rettssaka kjem for tidleg etter nye dokumentbevis og den sene Kripos-rapporten. Foto: Trygve Grønning / NRK

Også forsvararkollegiet meiner at dei nye dokumentbevisa som har kome inn tett opp mot rettssaka, skapar vanskelege arbeidsforhold.

– Det er allereie ei stor dokumentmengde i denne saka, og vi skal gå gjennom alt saman med klienten. At det kjem nye dokument etter at tiltalen er teken ut, er ei utfordring for rettssikkerheita og i forhold til kontradiksjon, seier Astrid Bolstad, forsvarar til ein av fiskarane.

Fiskekrim Karlsøybruket
Advokat Astrid Bolstad meiner den store dokumentmengda rett før rettsstart er ei utfordring for rettssikkerheita. Foto: Trygve Grønning / NRK

Bolstad understrekar at kontradiksjonsprinsippet står sentralt i ein rettsprosess:

– Det handlar om at du skal få anledning til å gå gjennom materialet, forstå det og imøtegå det – før du blir møtt med det i retten. Det er ei enorm mengde med dokument i denne saka, og det skapar ei utfordring i seg sjølv, påpeikar forsvararen.

Fiskekrim forsvarere
Med åtte personar på tiltalebenken, blir det ein del forsvararar i rettssaka. Foto: Trygve Grønning / NRK

– Nødvendig å fullføre

I Kripos-rapporten som vart ferdigstilt veka før rettssaka, har Kripos ifølgje påtalemakta analysert det beslaglagde materialet av vegelappar og undersøkt kvar enkelt underskrift og handskrift i detalj, for å avklare kven lappane kan knytast opp mot.

– Vi måtte ha ferdig nokre skriftrapportar, seier Nordmo.

Aktor peikar på at saka i utgangspunktet var ferdig etterforska frå påtalemakta si side, då dei nye opplysningane kom.

– Saka var tidsett tidleg, og vi tok ut tiltale i midten av april. Då hadde vi lagt saka frå oss og skulle berre avslutte og starte førebuingane.

– Men så kom den nye informasjonen fram som gjorde dette nødvendig, seier Nordmo.

På spørsmål om det var for tidleg å starte rettssaka under desse omstenda, ønskjer ikkje statsadvokaten å konkludere:

– Om det er for tidleg eller ikkje, det har eg ikkje lyst til å spesifisere noko meir om. Men vegelappane har vore viktige for oss heile tida, understrekar han.