Politiet er i gang med ei omfattande etterforsking etter at endå ei hytte har brent ned på Sulafjellet utanfor Ålesund.
Politiet seier dei no set inn alle tilgjengelege ressursar. Hovudhypotesen er at nokon har sett fyr på hytta med vilje.
Tysdag ettermiddag har politiet sett i gang ei rundspørjing blant naboar til Sulafjellet, og dei har gått dør til dør for å høyre om nokon har observert noko. I tillegg har politiet samla inn videoovervaking frå området.
Vidar Mostrøm er av dei som har fått politibesøk på døra.
– Det synest eg er heilt topp. Vi hadde dei på besøk etter førre brann, og no var dei her og stilte relevante spørsmål.
Fleire brannar
– No brukar vi det vi har av ressursar, dette er det høgste prioriterte i politiet i Ålesund no, seier politiadvokat Magne Kvalvik.
– Kvifor klarer ikkje politiet å finne ut av dette?
– Det er nok først og fremst fordi brannetterforsking alltid er krevjande. I desse sakene er åstadene stort sett brent opp når politiet får tilgang, så det er eit ganske vanskeleg utgangspunkt, og det er mange folk som kan ha vore innom, svarar han.
Dei siste åra har det vore brann i fire hytter og anneks.
Dette har utløyst ein rykteflaum, frykt for nye brannar og stadige nyheitsoppslag i lokal- og rikspresse.
TV2-programmet Åsted Noreg har hatt Sulabrannane som tema fleire gonger.
Fortvilte naboar
Trond Fiskerstrand har hytte berre 300–400 meter unna hytta som no er nedbrend. Han er fortvilt.
– Heilt vanvitig, eg veit nesten ikkje kva eg skal seie. Eg er heilt oppgitt, det må vere nokon som har lyst til å bli tatt, seier han.
I fjor fekk han og kona installert overvakingskamera nettopp som følgje av brann i fleire hytter.
Kjell Ove Volle er på sin vanlege tur på Sulafjellet tysdag føremiddag. Han er fortvilt over endå ein brann.
– Eg er opptatt av at dei som har hytte skal kjenne seg sikre og nyte fjellet, seier han.
Han meiner politiet må bruke alle ressursar for å få oppklart alle brannane no.
Såg flammar på fjellet
Den første meldinga om brannen kom inn til naudetatane rundt 02.40 natt til tysdag. Fleire personar såg då flammar oppe på fjellet.
Randi Andreassen var ei av dei. Ho sat og såg på TV då ho såg opp.
– Plutseleg kikka eg opp og såg eit stort, mørkt, oransje lys, seier ho.
Då ho henta fram kikkerten forstod ho at det var flammar frå ein brann ho såg. Dermed ringde ho brannvesenet.
Klokka 04.30 melde politiet at hytta var nedbrent.
Renate Solheim Lysvik, som er operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, seier like før klokka 9 at dei no set inn betydelege etterforskingsressursar.
Fleire skal ha ringt inn med tips.
– Vi har fått inn tips, men ikkje som er avgjerande, seier ho, og legg til at ho førebels ikkje har oversikt over kva som har kome inn.
Ikkje den første brannen
Politiet har sett dei tidlegare brannane i samanheng og mistenkt at dei var påsett.
Desse sakene blei i fjor lagt vekk på grunn av manglande bevis og gjerningsperson. Men politiet har heile tida sagt at saka kan bli tatt opp igjen, skulle det dukke opp nye spor.
Om også denne brannen kan knytast opp imot dei tidlegare brannane, er for tidleg å seie.
– Vi har ei forhistorie her med mange brannar på Sulafjellet dei siste åra. Det har vore ei etterforsking i samband med dei andre brannane. Etterforskarane vil sjå på om det kan vere ein samanheng, seier operasjonsleiar Arild Reite.
Hytta skal ha vore eldre og ubebudd. Brannen skal ikkje ha spreidd seg til terrenget.
Politiet har også vore i område med hund og drone, og har jobba heile dagen.