Bildet viser en ny flåttart.
Den nye flåttypen med stripete bein som ble oppdaga i 2025. Foto: Per Eikeset Knudsen / UiA / Handout / Per Eikeset Knudsen / UiA / Handout / NTB

– Så vidt vi veit er ikkje denne flåttarten observert i Noreg tidlegare.

Det seier forskar Vivian Kjelland ved UiA og biolog og rådgivar Yvonne Kerlefsen ved Flåttsenteret på Sørlandet sjukehus.

Hausten 2025 vart det funne ein uvanleg stor flått på eit barn i Oslo.

Barnet sin far reagerte på at flåtten såg annleis ut enn den vanlege skogflåtten, og flåtten vart send til Flåttsenteret for nærare undersøking.

Yvonne Kerlefsen, biolog ved flåttsenteret
Yvonne Kerlefsen ved Flåttsenteret på Sørlandet sjukehus fortel at det er funnet ein ny type flått i Noreg. Foto: Ole Oskar Eriksen / NRK

Etter ei genetisk analyse, viste det seg å vere ei flåttart som tidlegare ikkje var observert her i landet.

Den tilhøyrer arten Hyalomma excavatum, som har lange bein, mørkt ryggskjold og karakteristisk stripete bein.

Ny flåttart
Slik ser flåtten som ble funnet i 2025 ut. Foto: Per Eikeset Knudsen / UiA / Handout / Per Eikeset Knudsen / UiA / Handout / NTB

Flåtten spring aktivt etter bytet sitt, i motsetning til skogflåtten som sit i ro i buskar, høgt gras og kratt og bit seg fast i forbipasserande.

Arten sug som regel blod frå større pattedyr som storfe, sau, geit og hest, men kan også bite menneske.

Etterlyser forsking

Varmare klima i framtida betyr risiko for nye typar flått med andre smittestoff.

– Viktig forsking har blitt veldig svekt dei siste åra, seier leiar av Nasjonalt senter for flåttborne sjukdommar Randi Eikeland.

Professoren ved Flåttsenteret på Sørlandet sjukehus seier behovet for kunnskap aukar.

– Vi må vere rusta til å handtere nye typar flått og nye typar infeksjonssjukdommar som kjem med flått til Noreg, seier ho.

Randi Eikeland
ROPER VARSKU: – Vi treng ny kunnskap når nye typar flått og sjukdom dukkar opp, seier Randi Eikeland, leiar av Nasjonalt senter for flåttborne sjukdommar (Flåttsenteret) ved Sørlandet sjukehus. Foto: Geir Ingar Egeland / NRK

I ein kronikk nyleg påpeikar ei gruppe flåttekspertar at ting er i ferd med å tørke ut i dagens Noreg.

Det blir dessverre ikkje sikta til flåtten.

Men til forskinga.

Eikeland seier det i dag er påfallande lite forsking på biologien og utbreiinga til flåtten.

– Vi manglar også systematisk overvaking av kva smittestoff skogflåtten ber på og korleis dette endrar seg over tid, seier Eikeland, som seier delar av flått-forskinga fungerer bra.

Kunnskap om flåttsjukdom hos menneske står sterkt og har gjort det i mange år.

– Men på biologi- og veterinær-sida er vi veldig svekte, blant anna fordi nokon har blitt pensjonistar, seier Eikeland.

Flått på armen
IKKJE INSEKT: Flåtten er ein midd som tilhøyrer edderkoppane. Det finst rundt 900 flåttartar i verda, 13–14 av dei er oppdaga i Noreg. Skogflått (Ixodes ricinus) er den vanlegaste. Foto: Rune Aae Høgskolen i Østfold

Roper varsku

Ekspertane meiner vi ikkje er rusta til å handtere framtidas flåttfare med dagens forskingsregime.

Dei meiner dagens kunnskap kjem av nokre få engasjerte forskarar som «har kartlagt utbreiinga og mikrobane til flåtten, undersøkt smitterisiko og lagt grunnlaget for forskinga ... ».

Når dei forsvinn ut som pensjonistar blir dei ikkje erstatta.

– Vi har gått gjennom og sett kva vi har av forskarar og ressursar. Og kven som satsar på dette. Og da ser vi at det er hol som ikkje blir dekte. Så vi roper varsku saman med veterinærane og biologane, seier Eikeland.

– Kvifor er denne kompetansen så viktig – når vi først og fremst er opptatte av sjukdom hos menneske?

– Fordi flåtten har med seg smittestoff, og om vi ikkje undersøker flåtten, så kan vi ikkje vite kva som kan smitte til menneske. Det handlar om å vere førebudd på kva som kan komme, seier Eikeland.

Les også Rekordmange flåttsjuke: – Trist om folk fryktar flått unødig

900 typar

Og kva er det som kan komme? Jau, kandidatane står i kø.

I Noreg har vi fått påvist 13–14 ulike flåttartar.

Det finst 900 typar flått verda rundt.

– Det er skogflåtten som er hovudberaren av sjukdom til menneske. Men vi veit at det finst typar i aust og sør, som vi enno ikkje har her, seier Eikeland.

Dei norske flåttekspertane meiner det framleis ikkje er for seint å snu utviklinga.

Men da trengst politisk vilje, øyremerkte pengar og stillingar til yngre forskarar.

Olav Reksen
PRESSA: Prodekan for forsking på NMBU Veterinærhøgskolen Olav Reksen bekreftar at flåttforskinga blir svekt. Foto: Ole Petter Klepp

– Vi er pressa

Professor og prodekan for forsking på NMBU Veterinærhøgskolen Olav Reksen bekreftar at flått-forskinga er i ferd med å bli svekt.

– Dei har eit poeng. Vi opplever kutt i rammetildelinga frå Kunnskapsdepartementet. Vi er pressa på ressursar, og det rammar forsking på blant anna flått, seier Reksen.

Han seier det er liten tvil om at nye flåttypar er på veg.

– Det gamle skogflått-problemet har auka. Og nye flåttartar er på veg opp, med meir hjernebetennelse og andre alvorlege sjukdommar. Varmare klima gir meir flått. Punktum, seier han.

NRK har bede Kunnskapsdepartementet om ein kommentar.

Dei svarer at Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) får 1,761 mrd. kroner i 2027, ein realauke på 0,2 prosent.

Universiteta og høgskolane får årleg ei samla rammeløyving.

Departementet seier at institusjonane har handlingsrom til å sjølve prioritere satsingane sine.

Helsedepartementet og Folkehelseinstituttet ønsker ikkje kommentere saka.