Vikinger
VIKINGANE: Odd Magnus Willamson og Gaute Berg Næss er to av skodespelarane i den nye serien. Foto: Kringle Film / NRK

Før og under 2. verdskrigen forsøkte Nasjonal Samling (NS) og Vidkun Quisling å gjere nordmenn til moderne vikingar.

– Det gjorde dei ved å la norrøne kulturuttrykk gjennomsyre det norske samfunnet.

Det seier professor emeritus i moderne historie, Øystein Sørensen, til NRK.

Fotball-VM med sterke referansar til det norrøne var eit positivt bidrag til å fjerne enda meir av «nazi-stempelet» på vikinghistoria, meiner han.

– VM-roinga var heilt topp, seier Sørensen.

Oljeberget og norske fans møttes på Times Square 21.30 lokal tid 03.07-2026 for å ro og hylle landslaget.
Fotball-VM blei også ei hyllest til det norrøne, ikkje minst gjennom bruken av «runestil» i tal og tekst.Grafikk: Vegard Blodstrupmoen Lien / NRK

No kjem det også ein heilt ny NRK-serie der striden mellom moderne vikingar og nynazistar er plottet.

For kva skjer når ein overivrig vikinghøvding inviterer nynazistar på sommarleir for å omvende dei med strikking og god samtale?

Det er utgangspunktet for NRKs nye humorserie «Vikinger vs. nazistar».

Sjå fullstendig oversikt: Slik blir hausten på NRK

ns
Medlemer av NS marsjerer på Karl Johan. Det norrøne solkorset var deira symbol. Foto: NTB scanpix

Vil ha forsoning

I humorserien samlast vikingentusiastar i alle aldrar for å leve som forfedrane sine gjennom det moderne konseptet «viking-reenactment».

Det er levandegjering av vikingtida der deltakarar bruker historiske kopiar av klede, våpen og reiskapar for å vise korleis folk levde, handla og kriga i Norden mellom år 800 og 1050.

Men i leiren tek ting ei uventa vending når vikinghøvdingen Leif Petter bestemmer seg for å opne dørene for nynazistar i håp om fellesskap og forsoning.

Det fell ikkje i god jord hos leirens mest autentiske viking, Magnar.

Han peikar raskt på det opplagde historiske faktumet: Det fanst ingen nazistar i vikingtida.

Tre menn med vikingkostyme
Bjarte Tjøstheim (t.h) er ein av fleire kjende norske komikarar og skodespelarar som er med i serien.Grafikk: NRK

Reell «kulturkrig»

Sjølv om serien er spissa humor, treffer den ein reell samfunnsdebatt.

Helt sidan NS og Nazi-Tyskland tok i bruk solkorset og runer på 1930- og 40-talet, har høgreekstreme miljø prøvd å «kuppe» den norrøne kulturarven.

I dag kjempar historikarar, museum og vikingmiljø ein innbitt kamp for å ta runene, Tors hammar og klesdraktene tilbake frå høgrepopulisme og raseideologi.

Odd Magnus Willamson, Olav Waastad, Gaute Berg Næss og Tara Lina Shahin
Olav Waastad, Odd Magnus Williamson, Gaute Berg Næss og Tara Lina Shahin er alle med i den nye serien. Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Mørkt drama gøymt bak tull og tøys

Karoline Kjesrud er førsteamanuensis i historie på Universitetet i Oslo.

Ho peikar på at vikinghistoria har vore attraktiv for ulike kulturarar i alle hundreåra etter vikingtida, ikkje minst for nazistane.

– Den nasjonalsosialistiske agendaen var å bruke vikinghistorie, symbolikk og estetikk for å underbygge ein «urgermansk» identitet med maskuline ideal, seier forskaren.

I den nye NRK-serien er det ellevill humor som dannar ramma for «kulturkrigen»

Balanserer

Skodespelar og komikar Gaute Berg Næss fortel at serien balanserer hårfint mellom rein farse og ekte menneskeleg drama.

– Det kunne ha vore eit ekte, mørkt drama om vi hadde vi droppa eit par teite kommentarar her og der, seier Berg Næss.

Han legg ikkje skjul på at serien byr på høg fart og mykje spenning.

– Dersom den her serien blir kjedeleg, da har dei gjort ein dårleg jobb. Det er veldig mykje som skjer, og nokre veldig morosame augeblikk.

Dronebilde av Slottsplassen.
Ro-leg stemning på Slottsplassen i sommar. Foto: NRK

Tar symbola tilbake

Historikar Øystein Sørensen meiner det er topp at NRK lagar ein serie om det å ta tilbake det norrøne kulturgodset frå nazismen.

– Men det er nok for tidleg å til dømes omdøype kongens livvakt frå garde til hird, slår historikaren fast.

Han får støtte frå historikar-kollega Karoline Kjesrud.

– Så lenge roinga og vikingsymbolikken ikkje vert brukt til å fremje ein hatefull ideologi, kan den verke rent samlande og gi ein energisk fellesskapsfølelse.