Eit politisk lok har lege over landet sidan kong Harald gjekk bort førre fredag. Det har dempa rørslene på septemberbarometeret.
Ikkje eingong den politisk sensitive pumpeprisen har skapt synlege bølgjer i oppslutninga.Les også Ein varsla politisk fiasko
Vegbruksavgifta vart innført att i ly av borgfreden og det er – så lenge det varer – til fordel for Arbeidarpartiet og Høgre, som har mest å tene på at drivstoffavgiftene ikkje vert diskuterte.
Ingen «seremonileiar-effekt»
Sjølv om statsminister Jonas Gahr Støre har dominert mediebildet som nasjonal samlingsfigur etter kongens død får Arbeidarpartiet 22 prosent, ingen «seremonileiar-effekt».
Målinga er utført av Norstat for NRK, Dagbladet og Vårt Land. Alle endringane frå august er innanfor den statistiske usikkerheita.
Framstegspartiet festar posisjonen sin som det desidert største partiet i landet med over 30 prosent på septembermålinga.
Sjølv om Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide berre har halvparten så mange veljarar som «storesystera» (Sylvi Listhaug), har borgarleg side hatt fleirtal på målingane i snart eitt samanhengande år.
Godt nytt for Sp og MDG
På andre sida av midtstreken får Senterpartiet eit lite pusterom samanlikna med tidlegare krisemålingar.
Rørsla kjem etter at partiet fekk kjeft for å ha brote borgfreden då Trygve Slagsvold Vedum uttrykte offentleg glede over at islendingane sa nei til forhandlingar med EU.
Seinare gjorde mange eit poeng av at overhøvlinga bygde på ei altfor streng tolking av regelverket, og at sigersdansen til Vedum var godt innanfor.
Målinga er også eit godt nytt for Miljøpartiet De Grønne (MDG), som rykkjer over sperregrensa.
Målinga gjev dei ei utteljing på 8 mandat dersom det var stortingsval no.
KrF vert målt på fruktene
KrF har fått nytt momentum det siste året ved å satse meir på sine verdikonservative røter.
Men treet vert målt på fruktene, og i septembermålinga fell partiet på nytt under den magiske sperregrensa.
Om det skaper ny debatt internt om vegvalet, står att å sjå.
Den ferske Valundersøkinga frå Institutt for samfunnsforsking (sjå under) viser at KrF sitt forsøk på å byggje ei ny ungdomsbølgje ikkje er enkelt: Berre 3 prosent av veljarane under 30 år stemte på KrF ved stortingsvalet.
Kartlegginga viste vidare at den nye verdiprofilen tryggjer kjernebasen på Sør- og Vestlandet, men gjer det samstundes krevjande å hente sekulære eller meir liberale vippeveljarar i andre delar av landet.
Maktkampen rundt sperregrensa og venstresida
For dei andre partia gjev septembermålinga ulike utslag.
Venstre må på ny sjå langt opp til sperregrensa.
Valundersøkinga peikar på at Venstre held på kjerneveljarane sine i den øvre middelklassen med høg utdanning i storbystrøk, men slit med å nå breiare ut.
Til venstre for Arbeidarpartiet står SV og Raudt meir eller mindre på staden kvil.
Valundersøkinga viser at Raudt står støtt i alle aldersgrupper og har eit solid fotfeste i distrikta, særleg i Nord-Noreg.
SV held på profilen sin som student- og ungdomsparti, men har mista fotfestet i arbeidarklassen, der oppslutninga deira var nede i marginale 1 prosent.
For veljarar flest er det enno lenge til neste val, men for partia startar oppkøyringa til valkampen for alvor denne hausten.
I månadene framover skal partia nominere kandidatane sine til kommune- og bystyre, og det er no dei lokale partilaga må avgjere kva slags politisk profil dei skal byggje valkampen sin på.