Bekkelaget renseanlegg.
TISS OG BÆSJ: Gjennom sju spesifikke casestudiar viser Oslo Economics at føresetnadene til EU har svært låg overføringsverdi til norske forhold. Det som gir meining i Rhinen, gir ikkje nødvendigvis meining i ein vestlandsfjord. Foto: Oslo kommune / NRK

Norske hushaldningar kan få eit massivt gebyrsjokk.

Bakgrunnen er det reviderte avløpsdirektivet frå EU, som krev at nesten alle norske kommunar må oppgradere reinseanlegga sine for milliardbeløp.

I mars drog regjeringa til Brussel for å be om «snillare reglar» slik at kommunane slepp billegare unna.

No viser ein analyse frå Oslo Economics og NIVA at dei europeiske krava i liten grad treff norske behov.

Minimal nytte for friske fjordar

Forskarane har målt risikoen for overgjødsling og oksygensvikt i ein ny modell laga på oppdrag frå KS. Konklusjonen er klar:

  • Marginal effekt: I mange norske vassførekomstar er tilstanden allereie god. Her vil meir reinsing ha nesten null effekt på miljøet.
  • Strenge nok frå før: Noreg har allereie svært strenge krav til fjerning av fosfor. EU-krava tek ikkje høgd for arbeidet norske anlegg allereie gjer.
  • Geografiske blindsoner: Modellar utvikla for grunne elvar på kontinentet fungerer dårleg for djupe fjordar med stor vassutskifting.

Sjå kvifor rapporten meiner at EU bommar på norske forhold under:

Styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen, meiner rapporten er eit viktig verktøy i dialogen med staten.

– Rapporten dokumenterer at det ikkje finst éi løysing som passar overalt, seier ho.

Gebyrbombe på kysten

Når eit nytt reinseanlegg til hundrevis av millionar kroner skal byggast, finst det inga statleg støtte. Rekninga blir delt på alle som er kopla til nettet.

I Øygarden kommune er tala dramatiske. Utan justeringar i reglane må innbyggjarane førebu seg på at avløpsgebyret aukar frå 7400 kroner til 14.000 kroner i året.

– Direktivet og kampen for eit reinare hav er bra, men eg er bekymra for kostnadene, seier Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik (H).

Han leier ein delegasjon lokalpolitikarar som kjempar for meir handlingsrom i EØS-regelverket.

– Delar av Noreg treng meir reinsing, mens andre ikkje gjer det. Det viktigaste er kva vi kan gjere med våre egne nasjonale reglar for å sikre handlingsrom innanfor dette direktivet, åtvarar ordføraren.

Sju casar – sju ulike verkelegheiter

Forskarane bak studien har analysert sju spesifikke døme for å dokumentere forskjellane:

  • Case 1–3: Bergsvågen, Nordfjordeid og Sørfjorden (indre del). Kystnære område der lokale forhold og tersklar i fjorden avgjer kor sårbart økosystemet er.
  • Case 4–5: Trondheimsfjorden (Levanger) og Bømlafjorden. Her er vassutskiftinga massiv. Rapporten viser at nytten av strengare krav her vil vere svært avgrensa.
  • Case 6–7: Mjøsa og Krøderen. Som store innsjøar er desse sårbare på ein annan måte enn saltvatn. Her er kontroll på næringssalt kritisk, men rapporten peikar på at dagens tiltak allereie sikrar ein god miljøtilstand.
Tom Georg Indrevik, ordførar i Øygarden.
– Om ikkje Noreg gjer justeringar i det nasjonale regelverket, kan dette bli veldig kostbart, seier Tom Georg Indrevik. Foto: Nina Kausland / NRK