FØRDE: Ein ny rapport frå Cicero og Transportøkonomisk institutt (TØI) viser store skilnader i bilhald, utgiftsbyrde og køyremønster i Noreg. Den verkelege smellen er det åleineforeldre og einslege i distrikta som må ta.
Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK
Ein ny rapport frå Cicero og Transportøkonomisk institutt (TØI) korrigerer myten om kven som vert råka hardast av høge pumpeprisar.
Ikkje låginntektshushald eller dei med høgast inntekt.
Men dei som er i midtsjiktet.
Rapporten landar midt i den betente politiske striden på Stortinget, som tidlegare i vår vedtok å setja vegbruksavgifta til null for å dempa «krisa for norske bilistar».
Sidan har dragkampen stått om momsen og CO2-avgifta bør kuttast tilsvarande, og kven som eventuelt får mest igjen for ei slik handstrekking.
Geografi trumfar inntekt
Analysen, som baserer seg på tal frå køyretøyregisteret og inntektsstatistikken, viser vidare at folk i distrikta er langt meir utsette for høge pumpeprisar enn dei som bur sentralt.
Forklaringa er ein kombinasjon av høgt bileigarskap og kva slags bil folk køyrer.
Medan mange låginntektsfamiliar ikkje har bil i det heile, har høginntektshushald gjerne fleire bilar, og kan byte til elbil i periodar med høge pumpeprisar. Les også
Pumpeprisen forklart: Dette betaler du for når du fyller tanken
Resultatet er at utgiftsbyrda – altså kor stor del av den disponible inntekta som går til drivstoff – er høgast i midten av inntektsfordelinga og hjå dei som bur i distrikta.
Sjå fleire detaljar frå rapporten under.
– Det er hushalda midt i inntektsfordelinga som i gjennomsnitt er mest eksponerte for høge drivstoffprisar, seier Nina Bruvik Westberg, seniorforskar ved Cicero.
– Dei køyrer mykje, men har i mindre grad gått over til elbil enn dei med høgast inntekter.
Dei sårbare 5 prosentane: Einslege og ålenemødrer
Sjølv om drivstoffutgifter utgjer ein relativt liten del av det totale budsjettet for dei aller fleste nordmenn, avdekker rapporten ei særleg utsett og sårbar gruppe:
åleinebuande og eineforsørgjarar i distrikta.
Desse har ikkje økonomisk handlingsrom til å kjøpe ein ny eller brukt elbil, og dei har inga moglegheit til å kutte ut bilbruken i kvardagen.
For denne gruppa – som utgjer rundt 5 prosent av norske hushald – kan prishopp på stasjonane føre til ein akutt krise for privatøkonomien.
Dei rike køyrer elbil, medan dei fattigaste ofte ikkje har bil i det heile. Den verkelege drivstoff-smellen er det den norske middelklassen og ei sårbar gruppe åleineforeldre og einslege i distrikta som må ta.
Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK
Eit tviegga sverd
Forskarane bak rapporten peikar på at generelle avgiftskutt er eit tviegga sverd i klimapolitikken, og drøftar om det heller bør innførast direkte pengestøtte til låginntektsgrupper i distrikta.
– Det vil ofte vere ei avveging mellom å verne sårbare hushald og å la prisane signalisere at det er skort på drivstoff, slik at folk vil bruke mindre, seier forskar Sofie Waage Skjeflo.
Ho har leidd arbeidet med notatet og trekkjer parallellar til den oppheita debatten om straumstøtta:
Det finst inga enkel politisk løysing som både treffer dei mest utsette perfekt, sparer fellesskapen sine midlar, og samtidig spelar på lag med klimamåla.
Debatten om bensin- og dieselavgifter har kokt på Stortinget denne våren. Etter at fleirtalet pressa gjennom å setja vegbruksavgifta til null, har diskusjonen rase: Hjelper det eigentleg dei som treng det mest?
Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK