Jens Olav Vestgøte Sæther blir ny sysselmeister på Svalbard. Her saman med svalbardministeren, Astri Aas-Hansen.
Jens Olav Vestgøte Sæther blir ny sysselmeister på Svalbard. Her saman med «svalbardministeren», Astri Aas-Hansen. Foto: Johan Bull / NRK

– Eg tenkjer eg skal legge meg på same linje som Fause, og sørgje for å ha eit godt forhold til alle som bur og held til på Svalbard, seier Sæther.

Det seier den påtroppande sysselmeisteren på Svalbard, Jens Olav Vestgøte Sæther.

Sæther overtek embetet etter Lars Fause (61), som har vore statens øvste representant på øygruppa sidan juni 2021.

Barentsburg er en russisk bosetting på Svalbard.
Barentsburg er ei russisk busetjing på Svalbard. Foto: Maria Philippa Rossi / NRK

Utnemninga vart formelt gjort for Kongen i statsråd fredag.

Stillinga som sysselmeister er eit åremål på tre år, med moglegheit for inntil tre års forlenging.

Det var Politiforum som meldte om saka først.

Kjenner Svalbard godt

58-åringen er utdanna jurist og har bakgrunn som advokat og frå påtalemakta. Han kjenner også Svalbard godt frå før, då han var assisterande sysselmann i perioden 2014–2016, ifølgje Sysselmeisteren på Svalbard.

– Eg synest oppgåvene på sysselmeisterkontoret var veldig interessante og varierte i mangfald. Det var godt samarbeid med lokalstyret. Og ikkje minst var det menneske og naturen der oppe som eg trivst godt med, seier Sæther.

Søknadsprosessen har halde på sidan i sommar. Då fristen gjekk ut, stod 15 personar på den offentlege søkarlista – blant dei assisterande sysselmeister Katharina Rise og sorenskrivar Øyvind Panzer Iversen.

Jens Olav Vestgøte Sæther blir ny sysselmeister på Svalbard. Her saman med svalbardministeren, Astri Aas-Hansen.
Justis- og beredskapsminister, Astri Aas-Hansen (Ap), gratulerer Jens Olav Vestgøte Sæther med jobben. Foto: Johan Bull / NRK

Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen er også minister for Svalbard. Ho seier dei valde Sæther på bakgrunn av dei personlege kvalifikasjonane og erfaringane han har.

– Eg er sikker på at den gode jobben Lars Fause har gjort, vil bli vidareført av den nye sysselmeisteren. Det som er viktig for Noreg og regjeringa, er at vi fortset den konsekvente og føreseielege forvaltninga av Svalbard, seier ho.

Vil fortsette dialogen med Barentsburg

Den nye sysselmeisteren startar i jobben på Svalbard i januar 2027.

Han har planen klar for kva det første han vil gjere i jobben.

– Det første eg skal gjere, er å bli kjent med folka der oppe. Det blir ganske viktig for meg, seier han.

Assisterende sysselmann Jens Olav Sæther
Jens Olav Vestgøte Sæther har tidlegare våre assisterande sysselmann på Svalbard. Foto: Sysselmannen

Sidan førre gong Sæther jobba for Sysselmeisteren på Svalbard har den geopolitiske spenninga i Arktisk og på Svalbard har auka dei siste åra.

– Kva har det å seie for jobben du skal gjere?

– No skal eg bruke tida fram til eg tiltrer i januar til å setje meg inn i situasjonen der oppe, og snakke med avtroppande sysselmeister. Korleis det i praksis blir for meg, er for tidleg å svare på, seier han.

lder fra Astri Aas-Hansen, justisminister, Lars Fause, Sysselmester på Svalbard og Jo Gytri, nestleder Longyearbyen lokalstyre, besøk på Heimland, og Sysselmesterens drivstoffdepot nord på Barentsøya. Bilder fra helikopter er fra helikopterturen på vei fra Barentsøya til Polarsyssel.
Foto: Maria Philippa Rossi / NRK

Klimautfordringane har også kommen meir til syne.

– Der veit eg at regjeringa har sett det same. Det er klimaendringar på Svalbard, og det er tiltak på veg, seier han.

Fause takkar av

I sommar vart det kjend at Lars Fause valde å gje seg før perioden hans var over. Han fråtrer på nyåret for at etterfølgjaren skal få ein ryddig start på det nye året.

– Eg har visst heile tida at eg var her på lånt og tilmålt tid. Eg fann ut at det var rett å skyte seg ut på nyåret og la neste person begynne med blanke ark og eit helt nytt år, i staden for å vente til juni, seier Fause til NRK tidlegare i sommar.

Sysselmester på Svalbard, Lars Fause.
Lars Fause har vore opptatt av å halde ein god dialog med dei russiske innbyggjarane i Barentsburg. Foto: Maria Philippa Rossi / NRK

Fause vart historisk som den første med tittelen sysselmeister etter tittelendringa i 2021. Han understrekar at embetet, som rommar minst 32 ulike ansvarsområde – frå politi og miljøvern til statsforvalting – krev ein heil del.

– Det er ikkje ein jobb, det er ein livsstil. Det er noko du er heile døgnet. Dersom ein ikkje går 100 prosent inn i jobben og oppgåvene her, så trur eg det er vanskeleg å lukkast overhovudet.

Fause har tidlegare trekt fram at stillinga som sysselmeister har vore ein draumejobb, men at han etter nærare seks år i rolla held det for rett å gi stafettpinnen vidare.

Endra tryggingsbilde og totalforsvar

Fause si tid i embetet har vore prega av store omstillingar for Svalbard.

Då han starta i jobben, stod klimaendringane, miljøvern og redningstenesta mest i fokus, i tillegg til avviklinga av gruvedrifta.

Fullskalainvasjonen av Ukraina i 2022 snudde det sikkerheitspolitiske bildet opp ned.

– Det sikkerheitspolitiske bildet snudde seg, og vi fekk ein heilt ny situasjon der vi måtte tenkje mykje meir på samfunnssikkerheit, beredskap og totalforsvaret her oppe.

– Vi er mykje betre rusta no inn i den nye situasjonen enn vi var for fem år sidan, seier Fause.

Han som trekk fram det å ta imot kongen på Bjørnøya som eit personleg høgdepunkt i tenesta.

Kong Harald blir kjørt med traktor på Bjørnøya
Kongen vart køyrt innover det ulendte terrenget på Bjørnøya på lasteplanet på ein traktor. Foto: Cornelius Poppe / NTB

Når den nye sysselmeisteren nå skal ta over, meiner Fause at grunnmuren er trygg:

– Mitt mål har vore å gjere ein så samvitsfull og god jobb at det skal vere lett for neste person å ta over og byggje vidare. Å ta vare på Svalbard er eit ekstremt viktig oppdrag.

Viktig rolle i nordområda

Sysselmeisteren er regjeringa si øvste myndigheit og representant på Svalbard, og har både politi- og administrative oppgåver tilsvarande ein statsforvaltar (fylkesmann).

Embetet speler ein nøkkelrolle i å oppretthalde norsk suverenitet, naturforvaltning, beredskap og redningsteneste i nordområda.

Departementet lyste ut stillinga i sommar, og det har vore stor interesse kring kven som skal leie den komplekse etaten i ein region prega av auka internasjonal merksemd.