– Dødssjuke nordmenn går for lut og kaldt vatn, meiner Kristian Eilertsen.
Han er helsepolitisk talsperson i Framstegspartiet.
I mars sa Beslutningsforum for nye metodernei for andre gong til ei behandling som kan gi pasientar med beinmergskreft inntil åtte gode leveår.
Prisen var for høg.
Ein av dei som ventar på denne behandlinga er John Harris-Christensen frå Haugesund, som NRK skreiv om tidlegare i vår.
– Det er veldig vanskeleg å forhalde seg til det å sette ein pris på eit menneskeliv, seier han.
Behandlinga blir rekna som den beste kreftbehandlinga vi har i dag, og ifølge Kreftforeningen er det 150 pasientar som treng han i Noreg.
– Taparane i dette systemet er pasientar som John, seier Eilertsen, som sjølv har vore i kontakt med haugesundaren.
Nå vil Framstegspartiet auke den såkalla terskelverdien. Det er den som avgjer om nye medisinar og behandlingsmetodar blir innført i Noreg.
Terskelverdien er enkelt forklart kor mange kroner vi er villige til å betale for nye behandlingar i helsevesenet.
I Noreg startar terskelverdien på 275.000 kroner per gode leveår for dei minst alvorlege sjukdommane og går opp til 825.000 kroner. Avhengig av kor alvorleg ein sjukdom er.
Men betalingsviljen har vore heilt lik sidan 2016.
Representantforslaget frå Frp om å auke summen skal opp i Stortinget i juni.
Pengegrensa har stått stille i ti år
Både Frp og Overlegeforeningen peiker på ei prisstigning i spesialisthelsetenesta på 40 prosent dei siste ti åra, og ønsker å auke terskelverdien tilsvarande.
– Vi i Frp er bekymra for at norske pasientar får seinare tilgang til nye behandlingsmetodar fordi betalingsviljen i Noreg er for låg, seier Eilertsen.
Ja til dyr medisin betyr nei til andre tilbod
– Dersom vi aukar terskelverdien med 40 prosent, ville auken samla for folketrygda og spesialisthelsetenesta komme på i overkant av 1,2 milliardar kroner, skriv statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Karl Kristian Bekeng (Ap) i ein e-post til NRK.
Det betyr 1,2 milliardar færre kroner på til dømes rehabiliteringstenester, psykisk helse og fødetilbod, legg han til.
Heile svaret frå departementet kan du lese nedst i saka.
Men Frp er ikkje einige i at ja til ein medisin betyr nei til ein annan, og partiet foreslår innsparingar både på byråkrati og renter og avdrag på sjukehuslån.
Anbefalte å vente og sjå
I haust bestilte Stortinget ei hasteutgreiing der dei bad DMP og Helsedirektoratet vurdere om alternativkostnaden burde auke midlertidig.
Terskelverdien heng saman med alternativkostnaden, som handlar om kva ein går glipp av i helsevesenet dersom ein brukar pengar på eit tiltak i staden for eit anna.
Alternativkostnaden er 275.000 kroner og på sikt skal det gjerast ei større utgreiing som skal gi eit sikrare anslag basert på norske data.
Rapporten konkluderte med at ein bør vente på ei større utgreiing.
– Den beste måten ein kan behandle den rapporten på, er å finne fram makuleringsmaskinen og køyre den gjennom så raskt som mogleg, seier Eilertsen
Også Overlegeforeningen reagerer på konklusjonen om å vente og sjå.
– Eg synest det er rart å seie at vi skal finne ut kva den skal vere i framtida, men foreløpig vel vi å redusere tilbodet kvart einaste år. Det er heilt naturleg å justere for prisvekst. Då held vi i alle fall verdien lik over tid, seier leiar i Overlegeforeningen Ståle Clementsen.
Han fryktar eit todelt helsevesen der dei med midlar kan kjøpe medisinar sjølv, medan dei som ikkje har råd, ikkje får dei medisinane dei treng.
Ønsker at vi gjer som danskane
I dag sit dei fire direktørane i helseføretaka i Beslutningsforum for nye metodar.
Før medisinar og metodar kjem dit, er det DMP som gjer ei utgreiing.
Sykehusinnkjøp forhandlar så pris med dei som har utvikla medisinen.
Og til slutt tar Beslutningsforum ei avgjersle basert på utgreiing og kva det kostar.
Denne organiseringa ønsker Frp å skrote – og ser til Danmark.
– Der skjer godkjenninga av legemiddel raskare. Og både fagpersonar og pasientar er med og tar avgjerslene, seier Eilertsen.
Både Sverige og Danmark har sagt ja til kreftmedisinen beinmergspasientane ventar på.
I danske Medicinrådet er både pasientorganisasjon og fagpersonar representert med stemmerett. I Noreg har desse ei observatørrolle med tale- og forslagsrett.
Danskane bruker heller ikkje faste terskelverdiar og opererer med tidsrammer for avgjersler.
For medisinen John Harris-Christensen ventar på er fristen 18 veker.
Meiner danskane får eit dårlegare tilbod
Beslutningsforum brukte i snitt 382 dagar i fjor. Då hadde tidsbruken gått ned.
Helse- og omsorgsdepartementet meiner danskane ikkje får eit like godt tilbod.
– Ein måte å seie ja tidlegare er ved å snevre inn gruppa som kan få det, slik tilfellet er i Danmark. Då får legemiddelselskapet same pris, men færre pasientar får tilgang. Ein anna måte er å seie ja, men overlate til sjukehusa om dei faktisk har økonomi til å tilby det, seier statssekretær Karl Kristian Bekeng.
Danske Medicinrådet opplyser i ein e-post til NRK at når dei anbefaler eit legemiddel, blir det innført som standardbehandling i alle sjukehusregionane.
Sykehusinnkjøp har teke opp att dialogen med leverandøren av medisinen, men skriv til NRK at dei ikkje kan seie noko om kor lang tid det eventuelt vil ta å få ein ny pris.
John Harris-Christensen fryktar det vil ta like lang tid som sist.
– Då tikker tida ut. I alle fall for meg.
Heile svaret frå Helse- og omsorgsdepartementet kan du lese her: