Mann med briller og skjerf utenfor et moderne hus. Huset er en arkitekttegnet trekonstruksjon med store vindusflater. Mannen ser mot kamera og har armene i kors. Bakgrunnen består av trær og en blå himmel. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Jan Huse har sjølv teikna huset som han og kona har bygd på Store Kalvøy. Dei hadde tenkt å flytte inn, men trur ikkje det er mogleg å bu på øya lenger. Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Dei 12 øybuarane på Store Kalvøy på Sunnmøre er heilt avhengige av hurtigbåt for å kome seg inn til byen Ålesund på arbeid og fritidssyslar.

Den siste tida har det igjen vore uro rundt båttilbodet.

I dag blei det nye rutetilbodet kjent, og fleire avgangar på kveld og helg er kutta heilt.

– Det er veldig dårleg. Her går det jo ikkje an å bu, seier Jan Huse (60).

Han fortalde nyleg til NRK at han har bygd eit designhus til mange millionar saman med kona, men ikkje tør å flytte inn i det store huset.

Frykta er at dei ikkje kjem seg til fastlandet og heim igjen når dei treng.

Skal spare pengar

Det er pengemangel som fører til at fleire turar til hurtigbåten blir kutta.

Fylkeskommunen skal spare pengar, og har vist til at det er få passasjerar på mange av avgangane.

Onsdag ettermiddag blei det kjent at selskapet Cruise Service AS er tildelt kontrakten, og dei nye rutetidene gjeld frå årsskiftet.

I ei pressemelding skriv Møre og Romsdal fylkeskommune at dei no har sikra «eit stabilt og brukarvennleg tilbod».

Det er ikkje leiaren i velforeininga, Robin Stamnes Thorholm einig i.

– Det er som vi frykta. Dette blir starten på slutten på Kalvøya. Slik som det er lagt opp no er det ikkje mogleg å ha eit normalt liv der ute og ha ein kommunikasjon inn mot fastlandet, seier han.

Han kallar det ei styrt nedlegging av øya.

– Eit rimeleg greitt tilbod

Geir Wingaard-Olsen er rådgjevar hos Møre og Romsdal fylkeskommune.

Han er godt kjent med at folket på Store Kalvøy er skuffa over avgjerda.

– Ut frå folketalet synest eg det er eit rimeleg greitt tilbod, men ut frå det tilbodet dei har hatt, så skjønar eg det.

Han seier det kan vere mogleg å endre noko, og at kontrakten først skal signerast neste veke.

– Rutetidene kan nok justerast noko på ettermiddagen, men kor mykje kan eg ikkje svare på, på strak arm.

Det same gjeld rutene i helgane.

Kontrakten om drifta av ruta blir signert neste veke.

Leiaren i samferdselsutvalet i fylkeskommunen, Hans-Olav Myklebust (Frp) har tidlegare sagt at utgangspunktet var å legge ned båtruta heilt, men at dei no har klart å berge nokre av avgangane.

Her kan du høyre satireprogrammet Desken brenner sitt skråblikk på situasjonen på Store Kalvøy (frå 34 minutt):

Ber kommunen om å trå til

Jan Huse og kona Ragnhild har brukt 6 millionar kroner på huset, i tillegg til fire år med eigeninnsats. Haram kommune kravde at dei bygde hus og ikkje fritidsbustad.

Huse meiner det forpliktar og foreslår at kommunen spyttar i og tek utgiftene med ein ekstra båt på kveldstid.

– Dette er svært skuffande, seier han.