Plan- og bygningsetaten i Bergen la torsdag ettermiddag fram eit konkret planforslag for å bygge Bybanen til Åsane bydel i tunnel ut frå sentrum.
– Det var det vel nesten ingen som hadde trudd, for å vere heilt ærleg. Og det ligg eit vanvitig arbeid bak, seier etatsdirektør Tarje Wanvik.
Bybanen til Åsane har vore ein av dei lengste og mest omdiskuterte politiske føljetongane i Bergens historie.
I fleire år blei det debattert kvar traséen skulle gå – spesielt om den skulle gå framføre Bryggen eller i tunnel i fjellsida bak.
Etter førre val blei det fleirtal for eit tunnelkompromiss.
Men det er framleis langt igjen før ein kan ta bana til Åsane.
Prisauke på over 4 milliardar
Strekninga for heile bybanelinja mellom Kaigaten i sentrum og Vågsbotn i Åsane blir totalt 12,7 kilometer lang med 14 haldeplassar, ifølge planforslaget.
Eit av dei store spørsmåla har vore kva dette vil koste.
No anslår plan- og bygningsetaten at det vil koste 28,9 milliardar kroner å få Bybanen frå Bergen sentrum til Åsane i tunnel.
Det er 4,1 milliardar meir enn dagløysinga langs Bryggen, altså den førre løysinga som eit anna bystyre vedtok.
– Det skuldast auka kostnadar for driving av tunnel, tunnelpåhogg som må byggast i fleire fasar og auka kostnadar til grunnerverv, sa Torhild Wiklund, prosjektleiar i Bybanen, då ho presenterte planane.
Sjå kommunens illustrasjonsteikningar frå traséen gjennom Sandviken (kommunen har brukt KI):
Vil rive delar av Katedralskolen
Planen er at Bybanen skal gå rundt Bergen gamle rådhus, forbi politistasjonen og inn i tunnel ved Bergen katedralskole.
For å få bana inn i tunnel ved Heggebakken, må det meste av katedralskulen rivast.
– Vi skal legge til rette for at skulen skal byggast opp igjen, seier Wiklund.
Ei stor bekymring for fagfolka har vore at det å grave seg inn i bakken her kan føra til at grunnvatnet minkar. Dette kan skade både bygningar og dei verdifulle arkeologiske verdiane som ligg under bakken.
– Det er ein liten restrisiko for at grunnvassnivået i sentrum, særleg i Vågsbunnen kan minka slik at kulturlaga under bakken kan gå sund. Så her er det veldig viktig med overvaking av grunnvatnet for å sjå at det ikkje oppstår skade undervegs, seier Wanvik..
Tunnelen ved katedralskulen er altså eit vanskeleg punkt. Likevel – eller kanskje derfor – har kommunen ikkje publisert ein illustrasjon som viser traséen der.
Men Wanvik peikar på problempunktet i den fysiske modellen som står innanfor etatens inngangsparti:
Må rive bustadhus og blokker
Ifølge planforslaget må også fem bustadhus, med til saman 36 bueiningar, innløysast for å få til dei føreslåtte løysingane.
Fleire bustadblokker og einebustadar er føreslått flytta.
Wanvik seier etaten har hatt møte med alle grunneigarar som er direkte råka av planforslaget.
– Eg er stolt av at vi er eit steg nærare ei løysing for å få bybanen nordover. Det er heilt avgjerande for at bybanen som system kan verke enda betre.
– Kor mykje enklare hadde det vore å bygge langs Bryggen i staden for tunnel?
– Vi brukte utruleg mykje tid på den reguleringsplanen. Det var svært omfattande forhandlingar, særleg med kulturminnestyremaktene. Men vi fekk det til. Eg trur vi også skal få til dette, seier Wanvik.
I staden for bybane langs Bryggen, er planen no å legge ein hovudsykkeltrasé der (Kommunen har delvis brukt KI til å lage illustrasjonane):
– Dette er byggbart
Planforslaget for strekninga mellom sentrum og Sandviken blir no overlevert til byutviklingsbyråd Eivind Nævdal-Bolstad (H).
– Etaten meiner dei har funne ei løysing som gjer at dette er byggbart og mogleg å få til. Eg håpar dette verkeleg er ein viktig milepæl for at vi faktisk nå får bygd banen i tunnel til Åsane, seier han.
Også fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland er imponert over planforslaget.
– Det viser at denne løysinga er byggbar. Det er viktig for oss å få realisert bybanen til Åsane.
Nævdal-Bolstad skal i haust legge planforslaget ut på offentleg høyring.
– Mi tolking er at eit breitt bystyrefleirtal ønsker bybane til Åsane, og at majoriteten der ønsker tunnel. Dette lovar bra for at vi neste år skal kunne få eit endeleg vedtak.
– Kva med risikoen for at grunnvassendring kan øydelegge verdsarvområdet?
– Med det eg har høyrt her i dag kjenner eg meg trygg på at tekniske løysingar kan handtere det.
SV: – Tunnelløysinga har havarert
Bergen SV tolkar planforslaget stikk motsett.
– Det verkar nærast sikkert at tunnelalternativet ikkje er gjennomførbart av praktiske, tekniske, og økonomiske grunnar.
Det meiner fungerande gruppeleiar Eira Martinsen Garrido.
– Dette forslaget viser at det berre finst éin realistisk veg for å faktisk få bygd bybanen til Åsane, nemleg i open trasé langs Bryggen, skriv ho.
– Det er ingen grunn til å tru at enda fleire utsettingar og utgreiingar vil vise noko anna, eller at tunnelalternativet vil vere klart i løpet av denne valperioden, ifølge Garrido.
– Kjempesuksess
Byråd Nævdal-Bolstad er ikkje overraska over at kostnadsoverslaget aukar, og meiner prosjektet likevel er verd det.
– Bybanen har vore ein kjempesuksess. Det er på tide vi greier å utvide han. Bane til Åsane er heilt avgjerande for at vi skal sikre utvikling i både sentrum og nordover i byen.
Han meiner at verdien av dagens bybanestrekningar er det mangedoble av investeringane det offentlege har gjort.
– Det er eg sikker på vil bli tilfellet også for bybanen til Åsane. Dette er god pengebruk og ei god investering for Bergen.
– Det er inga nyheit at det skal bli færre bilar over Bryggen. Det er noko som eg trur dei aller fleste bergensarane er kjempefornøgde med.