Måndag kveld fekk kundane til Sesam Sesam-appen eit varsel om ei endring som allereie har skapt reaksjonar.
Appen skal gjere det enklare å betale for parkering direkte med mobilen, men no blir det dyrare.
Frå og med 17. august planlegg selskapet å innføre eit nytt gebyr kalla «servicetillegg».
Tillegget skal vere på opptil 15 prosent av parkeringsavgifta, med eit minimum på fem kroner og eit maksimum på 50 kroner.
Gebyret kjem i tillegg til sjølve parkeringsavgifta.
Parkeringsappen finst på fleire anlegg over heile landet, mellom anna i større byar som Drammen, Bergen og Stavanger.
– Parkeringsbransjen er kreativ
Endringa skapar no reaksjonar.
Forbrukarrådet meiner kundane likevel bør vere merksame på kva dei faktisk betaler for.
Dei reagerer på utviklinga i parkeringsbransjen, der stadig fleire kostnader blir lagt på toppen av sjølve parkeringsprisen.
– Det nye servicetillegget føyer seg inn i rekka av liknande gebyr. Parkeringsbransjen er kreativ, og dei finn stadig nye måtar å tene pengar på, seier Nora Glørsen, forbrukarjurist i Forbrukarrådet.
Ho meiner det er eit prinsipielt spørsmål om kva kostnader som bør vere inkluderte i parkeringsprisen.
– Fellesnemnaren er at parkeringsselskapa tek seg betalt for at du som forbrukar skal få betale for parkeringa. Me meiner at heilt normale driftskostnader bør bakast inn i parkeringsavgifta.
Samtidig understrekar Glørsen at det ikkje nødvendigvis er ulovleg å krevje eit servicetillegg.
– Det er ikkje ulovleg i seg sjølv å ta eit servicetillegg for parkering. Men det føreset at forbrukarane har fått tydeleg informasjon om når servicetillegget kjem, og kva totalprisen for parkeringa då blir.
Sjå nøye på betalingsløysinga
Forbrukarrådet meiner kundane bør vere særleg merksame på kva betalingsløysing dei vel.
Dei åtvarar også mot å velje faktura dersom det fører til ekstra kostnader.
– Les det med liten skrift, og betal på ein måte som ikkje gir deg nokon ekstra kostnader. Det er særleg viktig å unngå faktura. Då er det høg risiko for at du må betale overprisa.
Selskapet seier trusselbildet krev investeringar
Selskapet som driv appen, HiTech Mobility AS, skriv i ein e-post til kundane sine at dei innfører servicetillegget fordi krava til digitale betalingsløysingar aukar.
Dei skriv at trusselbildet innan cybersikkerheit utviklar seg raskt, og at det stadig vert stilt strengare krav til vern av betalingsinformasjon, personopplysningar, systemovervaking og førebygging av misbruk.
– For oss er det avgjerande å investere kontinuerleg i teknologi og kompetanse som beskyttar både tenesta og brukarane våre, skriv selskapet i ein e-post.
Dagleg leiar Vegard Grepstad i HiTech Mobility kan ikkje stille til intervju med NRK, men viser til kommunikasjonen som har gått ut til kundane deira. Han seier at dei er i dialog med samarbeidspartnarar om saka.
Negative reaksjonar
Bergen Parkering er blant aktørane som har motsett seg innføringa av gebyret.
Selskapet driftar og administrerer parkeringsplassar og parkeringsordningar i Bergen, og nyttar Sesam Sesam-appen for å krevje inn pengar.
– Me er ueinige i innføringa av eit servicegebyr på våre parkeringsanlegg, og har motsett oss det, seier dagleg leiar i Bergen Parkering AS, Steinar Halvorsen.
Han understrekar at High-Tech Mobility, selskapet bak Sesam Sesam, har fleire kundar enn Bergen Parkering, og at han uttaler seg på vegner av Bergen Parkering.
Dei har likevel merka reaksjonane frå parkeringskundar etter at High-Tech Mobility sende ut varselet til brukarane.
– Dei er ueinige og uttrykkjer misnøye med eit slikt gebyr.
No skal Bergen Parkering ha dialog med High-Tech Mobility om saka.
– Me må kome tilbake til kva som skjer vidare etter møtet med dei, avsluttar Halvorsen.
Blir meir pengar over tid
Blant kundane som reagerer, er Erik Hanøy. Han la ut eit innlegg om saka på Facebook, og har opplevd stor respons.
– Det har fått ein del merksemd, og viser at dette er eit tema som har engasjert mange.
Hanøy brukar parkering mykje gjennom året, og meiner dei ekstra kostnadene kan bli merkbare over tid.
– Å betale ekstra for parkering som allereie er betalt, synest eg er problematisk. Då meiner eg det er betre å gå til automaten i parkeringshuset. Dette er ikkje noko katastrofe, løysinga er enkelt og greitt å la vere å bruke appen. Men det blir meir tungvint.
Han meiner samtidig at Sesam Sesam var ryddige då dei varsla kundane om endringa på førehand.
– Dei var ryddige og sende ut ein e-post på førehand om dette, så det er ikkje noko å seie på. Men som forbrukar og kunde handlar det om å vere meir bevisst på kva ein faktisk blir informert om, og kva kostnader som kan kome i tillegg.
Han meiner også at kostnadane ikkje bør velte over på kundane.
– Eg meiner potensielle utgifter for kundane bør bakast inn i avtalane mellom parkeringsselskapa og leverandørane, slik som til dømes med Bergen Parkering. Kundane kan ikkje få rekninga for slike ekstrakostnader.