Pål Anders Ullevålseter
INNLAGT på NYTT: Pål Anders Ullevålseter har vore gjennom ei røff tid. Han har fått behandling for både lungebetennelse og blodforgifting på Ullevål sjukehus. Foto: Privat / Privat

I over ein månad har han vore innlagt på Ullevål sjukehus.

– Eg har måtte grave djupt, det er det einaste eg kan seie, fortel Pål Anders Ullevålseter til NRK.

5. september skadde han seg stygt under eit superenduro-løp i Kongsberg. Han blei innlagd på Ullevål sjukehus med kragebeinsbrot og brot i 13 ribbein. Etter ni dagar på sjukehus blei han send heim.

Men så starta eit nytt helvete.

– Eg var heime i to og ein halv dag. Då kom det snikande ein lungebetennelse. Og eg begynte å bli svakare og svakare. Då sakna eg Ullevål sjukehus. Så eg ringde 113 for å få dei til å køyre meg ned dit. Det var berre heilt flatt batteri, seier Ullevålseter.

Mette Solli
BEKYMRA: Mette Solli har vore uroa for ektemannen og har besøkt han hyppig på Ullevål sjukehus. Foto: Privat / Privat

Lungebetennelse er ifølgje Helse Noreg ein infeksjon i lungene som kan gje feber, hoste og tung pust. Sjukdommen kan vere alvorleg, men dei fleste blir friske med behandling.

Men det stoppa ikkje der. Då 57-åringen kom på sjukehuset fekk han også påvist blodforgifting.

– Då var det litt «hurra-meg-rundt» her. Eg er glad eg ikkje er 20 år eldre. Eg var heilt nede i kjellaren, seier han vidare.

Pål Anders
SIST GANG: Pål Anders Ullevålseter var i byrjinga av september innlagt for krage- og ribbeinsbrot etter eit stygt fall i ein konkurranse. Seinare blei han innlagt på nytt. Foto: Jørn Lien / NRK

– Fleire spesialavdelingar

Ifølgje informasjon på Helse Noreg oppstår blodforgifting når ein infeksjon fører til at kroppens organ sviktar. Tilstanden er livstruande om den ikkje blir oppdaga og behandla i tide.

Ullevålseter fortel at han har fått den «beste oppfølginga han kan få», og at han har vore innlagt på fleire spesialavdelingar i løpet av fire veker.

– Eg har vore innom traumeavdeling, smerteavdeling og intensiv. Eg har vore overalt «borti her». Du ligg der med slangar og leidningar. Og det er folk i grøne drakter overalt som sit og ser på deg døgnet rundt. Så då skjønar du at det er «eit eller anna», seier Ullevålseter på sin sedvanlege måte.

Kona Mette Solli, som også er verdsmeister i kickboksing, fortel om ei svært vanskeleg tid.

– Det har jo vore nokre tøffe veker med komplikasjonar og med ein infeksjon som dei ikkje har hatt heilt kontroll på. Det har vore vanskeleg å sjå han så langt nede, seier Solli til NRK.

– Konstant kvalm

Motorsykkelutøvaren fortel om intense smerter som er blitt lindra med smertestillande preparat.

Han har hatt problem med å få i seg mat, og har gått gjennom ei omfattande behandling.

– Når du har så mange beinbrot er det ein påkjenning for kroppen i seg sjølv. Og når du i tillegg får blodforgifting og lungebetennelse blir totalen for stor, seier han og fortel vidare om den røffe tida:

– Du er kvalm konstant og får ikkje inn mat. Så eg blei trua med sonde ned i magen førre laurdag. Og da er det berre «et du ikkje, så spyr du». Ein sånn sonde skal ikkje eg ha i magen. Men det som er fint er at når du har blodforgifting og lungebetennelse, så veit du at det blir heilt bra. Det er andre som har sjukdommar som kanskje er meir ulækjelege, så eg tenker veldig mykje på dei faktisk, seier han.

KTM's rider Pal Anders Ullevalseter, of Norway, competes in the 5th stage of the Argentina Dakar Rally 2009 between Neuquen and San Rafael in Argentina, Wednesday, Jan. 7, 2009. (AP Photo/Christophe Ena)
LEGENDE: Pål Anders Ullevålseter er først og fremst kjent for sine ørken-rallys. Foto: AP

– Følt meg trygg

Framleis får han full oppfølging.

– Eg går med dren på både høgre og venstre lunge, og har gjort det i vekevis. Det har vore veskedanning i begge lungekammera som må drenerast ut. Eg har gjort det i tre omgangar, og det er over 6 liter til saman som har blitt teke ut. I tillegg går eg på antibiotika, seier han vidare.

– Korleis er det for deg å ligge på sjukehus i over ein månad?

– Det har kjendest trygt. Eg trur eg har litt ADHD og er rastlaus. Men eg har ikkje vore rastlaus eitt sekund eigentleg. Har begynt å bli det no då. Og det er jo eit bra teikn, ler han.

Kona Mette har sett ei klar betring dei siste dagane.

– Han har fått farge tilbake i ansiktet, og du kan snakke med han. Han var heime og sov i natt. Så det var positivt for han, seier Solli.

Men når han skal heim frå sjukehuset er uklart.

– Eg har slutta å spørje, for da blir det berre skuffelsar på skuffelsar. Så vi får sjå, enn så lenge får eg berre vere tolmodig, seier Pål Anders Ullevålseter.