I dag var det opningsfest for Karsten Warholm stadion i Ulsteinvik. Mannen som no har fått ein stadion kalla opp etter seg i ein alder av 30 år, var sjølvsagt på plass for å markere opninga.
– Det var heilt fantastisk. Og å få gjere det med så mange grøne drakter og dei unge lovande. Oppmøtet vi har er rørande, seier Warholm.
Også kjende namn som Amalie Iuel, Henriette Jæger og Sander Aae Skotheim er på plass. Leiar i Dimna IL, er storfornøgd med å ha fått på plass ein topp moderne stadion i Ulsteinvik
– Dette er ein kjempedag, som vi har gledd oss til lenge, seier Arve Hatløy, leiar av Dimna IL.
Han trur ein slik stadion vil vere med på å dyrke fram nye talent på friidrettsbanen. Sjølv om han ikkje trur alle blir verdsmeistrar, som Karsten Warholm.
– Vi får eit toppmoderne uteanlegg. Eg trur det vil bety mykje for rekrutteringa, og ikkje minst for folkehelsa, seier han.
Amalie Iuel heidra
Warholm løp 400 meter flatt og hadde god konkurranse av Håvard Bentdal Ingvaldsen, Andreas Ofstad Kulseng og Andreas Bakketun, men tok sigeren med 45,97. Det var både regn og vind i Ulsteinvik denne laurdagen.
– Det var friskt og godt å løpe. Det er så stas for meg å ha moglegheit til å gjere dette her føre alle folka mine på heimebane, seier Warholm.
Amalie Iuel vann 400 meter hekk på 57,22 og hadde Elisabeth Slettum og Susanne Tveit Amundsen saman med seg på pallen.
– No er det heilt slutt. Tusen takk for ein kjempefin og lang karriere, og eg må seie tusen takk til alle som har følgt med og heia på meg, sa Iuel etterpå.
Warholm og Iuel har vore i same treningsgruppe i mange år, med Leif Olav Alnes som trenar.
– Det blir vemodig. Amalie har vore ein enorm stor bidragsytar i gruppa vår. No skal vi feire at ho har vore med på så mykje bra, og har vore så viktig for oss, seier Warholm.
Truleg blir ho å sjå i ein rolle i norsk friidrett også vidare, men ingenting er avgjort. På spørsmål om ho ønsker å gå inn i trenarteamet ho har vore ein del av i lang tid, var svaret:
– Det er nok litt tidleg å seie enno, men eg har lyst å bli verande i idretten på ein måte, så det hadde vore gøy, sa ho.
Henriette Jæger løp inn til siger på 100-meteren med tida 11,57, litt bak personleg rekord som er 11,51.
Unge talent
Finansieringa av den nye stadionen er det i hovudsak klubb og kommune som har stått for. Karsten Warholm har gitt stadion ei gåve i form av nye stolar i klubbfargane grønt og kvitt som dannar skrifta «Dimna IL». I tillegg har han gitt eit gatekunstverk.
Dei unge som no får ta den i bruk er også veldig fornøgd med dei flunkande nye fasilitetane.
– Det blir heilt fantastisk. Karsten er ein stor inspirasjon for oss, og no har han fiksa fine fasilitetar til oss, seier Runar Soriano Ervik.
Også Kristoffer Hagen Skoge, seier at Karsten Warholm er ein stor inspirasjon for dei.
– Han har betydd mykje for oss. Han gir oss ekstra motivasjon på trening, og vi ser opp til han.
– Det er veldig kjekt, no har vi litt betre fasilitetar å trene på, seier Åse Camilla Dyb,
Målet er å ein gong bli like flink som Karsten Warholm.