Laurdag fekk tidlegare kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V) sjå Skrei ferdigstilt i Kabelvåg.
Prosjektet tok 20-30 år å realisere fra idé til fødsel, ifølge Museum Nord, og har vore gjennom fleire krevjande finansieringsrundar.
Til slutt har det kosta over ein halv milliard kroner å realisere.
– Eg har med meg ei stor nyheit. Vi i regjeringa har bestemt oss, skreiprosjektet blir ein realitet, sa Raja under opninga av det nye Hurtigrute museet på Stokmarknes i 2021.
Opphavleg stod Skrei langt nede på prioriteringslista til Raja, men eit besøk overtydde han om å satse på prosjektet.
Vendepunktet kom hausten 2021 då han lova 160 millionar kroner over statsbudsjettet til det nye hovudbygget.
– Prosjektet var eigentleg ganske langt ned på lista, men me blei ramma av autentisiteten for prosjektet. Skreien er mykje meir enn ein fisk, det er sjølve forteljinga om Noreg, sa Raja.
Nybygget «Otolitten» utgjer no sjølve knutepunktet for Museum Nord sitt anlegg i Storvågan i Kabelvåg.Dei andre bygga i anlegga Museum Nord driv er Lofotakvariet, Galleri Espolin og Lofotmuseet. Til saman utgjer dette Skrei.
Museum Nord ventar kring 140 000 gjester kvart år.
Føremålet med besøkssenteret er å gi gjestene ei brei innføring i skreien si historiske og nasjonale betyding, og vise korleis sjølve lofotfisket har forma Noreg – både økonomisk og kulturelt – i meir enn tusen år.
Museet skal gi eit samla bilde av korleis ressursane i havet har skapt arbeidsplassar, busetting og internasjonal handel frå Nord-Noreg gjennom hundrevis av år.
Kostet 583 millionar
Grunnsteinen vart lagt ned i mai 2025 av noverande Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap). Opphavleg med ei kostnadsramme på kring 530 millionar kroner.
Sidan denne ramma vart laga i 2019 har Museum Nord søkt om, og fått, ytterlegare tilskot. Årsaka er prisveksten som har vore sidan ein først søkte om midlar til prosjektet.
Til slutt enda prosjektet opp med ei totalt investering på 583 millionar kroner. Der av 385 millionar er vart brukte på nybygget Otolitten og 198 millionar vart brukte på vidareutviklinga av dei eksisterande bygga.
Senteret opna dørene for publikum 30. juni 2026
Under Laurdagens offisielle opning var det også Lubna Jaffery som klypte snora i Storvågen i Kabelvåg.
– Det er ein veldig spesiell og historisk dag. Dette er ein merkedag for lokalsamfunnet her, for regionen, men òg for landet. No får me vist fram heile historia til skreien, som er ein viktig del av Noreg si historie, seier Jaffery.
Raja trekker fram at skreien til og med var med på å finansiere Nidarosdomen. Han er nå svært spent på å sjå korleis det ferdige bygget fortel denne historia til både norske og internasjonale besøkande.
– Eg har følgt prosjektet tett, og er utruleg stolt av heile denne historia no blir fortalt frå A til Å i eit museum, seier Raja.
Ei 45 år gammal tanke
Ideen om museet starta for fleire tiår sidan, og det er mange som er glad for at Skrei no er opna.
Ordførar i Vågan kommune, Vidar Tom Benjaminsen, synast det er ei fantastisk oppleving å vere med på.
– Det har teke mange år. Frå ideen vart skapt til i dag, har det gått nesten 30 år. Med den prislappen er det ikkje noko kommunen eller museet sjølv kan betale. Det krev at stat, fylke, næringsliv og privatpersonar er med, og det har me klart, seier han.
Sjølv om ordføraren tidfestar ideen 30 år tilbake i tid, var det fleire tankar rundt et slikt opplegg enda tidlegare.
– Dette er ein idé som starta lokalt i samfunnet her i Vågan, og som me i Museum Nord tok tak i. Det har nok vore gamle tankar frå heilt tilbake til utgravingane på 80-talet, men me byrja å verkeleg jobbe fram prosjektet i 2016, seier direktør i Museum Nord, Geir Are Johansen.
21/9-26: I ein tidlegare versjon av denne saka skreiv NRK at prosjektet har gått på ein budsjettsprekk. Det er rett at prosjektet kosta meir enn opphavleg berekna i 2019, men Museum Nord har undervegs i prosessen søkt om, og fått, meir pengar. Dette på grunn av prisveksten som har vore sidan den opphavlege ramma på 530 millionar kroner vart sett i 2019. NRK beklagar at det vart feil. Saka er oppdatert klokka 13.13.