Miljødirektoratet refsar Equinor: – Lurer på om dei har kontroll på drifta
FLEIRE UTSLEPP: Equinor sitt anlegg på Mongstad er det einaste oljeraffineriet i landet. Økokrim meiner fleire utslepp frå anlegget skuldast mangelfullt vedlikehald. Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Økokrim har sidan 2021 etterforska selskapet for alvorlege brot på forureiningslova. Dei meiner at Equinor har hatt mangelfullt vedlikehald gjennom fleire tiår på anlegget på Mongstad.

Konsekvensen er fleire utslepp av olje og gass.

I desember gav Økokrim Equinor Refining Norway AS ei bot på 220 millionar kroner, i tillegg til eit inndragingskrav på 500 millionar kroner.

Det nekta Equinor å gå med på.

– Denne anklaga er generell og totalt uakseptabel for Equinor, seier selskapet sin forsvarar, Christian Hjort.

Equnior representert av adovkatfirmaet Hjorth i Hordaland tingrett.
Frå venstre: Forsvarar Christian Hjort, Equinor-jurist Lars Ole Sikkeland, Veronika Steen Amundsen og Mikkel Toft Gimse frå advokatfirmaet Hjort. Foto: Ann Beate Eikås Hovland / NRK

Erkjenner delvis straffskuld

I perioden 2016 til 2021 viser Økokrim til fem tilfelle av utslepp frå anlegget som førte til forureining.

Økokrim meiner det mest alvorlege punktet i tiltalen er det som handlar om mangelfullt vedlikehald. Frå perioden 2001 til 2023 meiner dei at selskapet ikkje har gjort tilstrekkeleg vedlikehald av mellom anna røyr og anna utstyr på anlegget.

Equinor erkjenner ikkje straffskuld på fem av dei seks punkta.

– Etter Equinors syn er ingen av dei enkelte utsleppa knytt til manglande vedlikehald. Vi erkjenner straffskyld for eitt av utsleppa, men vi kan ikkje akseptere eit forelegg for påstått utilstrekkeleg vedlikehald over ein lang tidsperiode, seier pressetalsperson i Equinor, Ellen Maria Skjelsbæk.

I 2018 blei det sloppe ut 78 000 liter nafta. Utsleppet hamna i sjøen og på grunnen på anlegget. Dette punktet erkjenner Equinor delvis straffskuld for.

– Vi meiner volumet er usikkert, sa Sissel Nepstad, som er selskapet sin representant frå Mongstad i retten.

Sissel Nepstad, styremedlem i Equinor Refining Norway, og sjef for forretningsutvikling på Mongstad.
Sissel Nepstad representerte Equinor under første dag i retten. Ho er styremedlem i Equinor Refining Norway, og sjef for forretningsutvikling på Mongstad. Foto: Ann Beate Eikås Hovland / NRK

– Alvorleg miljøkriminalitet

Ifølgje Økokrim er tilfella av forureining på Mongstad eit symptom på eit større problem.

– Selskapet pliktar å halde ved like anlegget og gjere rimelege tiltak og vi meiner dei ikkje har gjort nok for å hindre forureining, og at det i stor grad har skjedd, seier påtaleansvarleg i Økokrim, Maria Bache Dahl.

Ho kallar forureininga alvorleg miljøkriminalitet.

Statsadvokat Maria Bache Dahl i Økokrim.
Påtaleansvarleg i Økokrim, Maria Bache Dahl. Foto: Ann Beate Eikås Hovland / NRK

Forsvarar Christian Hjort påpeikte i retten kor stort og komplekst anlegget på Mongstad er. Han viste mellom anna til at det går 2000 kilometer med røyr over bakken.

– Det tilsvarar avstanden Bergen–Madrid, sa Hjort.

Han meiner anlegget er så stort at det er umogleg å hindre at feil skjer, og at enkelte tilfelle av utslepp ikkje betyr at anlegget ikkje blir drive forsvarleg.

– Det blir lagt ned betydeleg ressursar, og meir enn på andre raffineri, kvart einaste år så den anklaga kan ikkje Equinor leve med.

Han påpeiker at Equinor brukar mellom 1–2 milliardar kroner på vedlikehald i året, og avviser påstanden om at selskapet kan ha spart pengar på vedlikehald.

Advokat Christian Hjort fører saken for Equinor.
Christian Hjort er advokat og fører saka for Equinor. Foto: Ann Beate Eikås Hovland / NRK

– Har handla forsvarleg

Selskapet erkjenner at det har skjedd utslepp på anlegget, men tilbakeviser påstanden om at det skuldast dårleg vedlikehald over fleire år.

– I ettertid erfarer ein at ting kunne vore gjort betre, men med den kunnskapen ein hadde før hendingane meiner vi at Equinor har handla forsvarleg, seier forsvarar Christian Hjort.

Selskapet seier det alltid vil vere ein risiko for at utslepp kan skje på eit anlegg som produserer olje og gass.

– Vi utfører vedlikehald på ein systematisk måte som også er risikobasert. Vi utfører det viktigaste vedlikehaldet først, og noko av vedlikehaldet kan bli utsett, men sjølvsagt aldri noko som er sikkerheitskritisk, seier Ellen Maria Skjelsbæk i Equinor.

Ellen Maria Skjelsbæk er pressetalsperson for Equinor i Hordaland tingrett.
Pressetalsperson i Equinor, Ellen Maria Skjelsbæk. Foto: Ann Beate Eikås Hovland / NRK