Søndag kveld var det duka for årets «Reality Awards» i Oslo.
Der blei den avdøde rolegenda Olaf Tufte kåra til årets deltakar for innsatsen sin i «Helvetesuka». Kona, Aina Tufte, tok imot prisen på vegner av roaren som døydde brått 21. juli i år, 50 år gammal.
– Det er fantastisk at det er blitt lagt merke til kven han var. Det er ekstremt trist at han ikkje er her, sjølvsagt, men det er godt for oss at Noreg har heia han fram, seier Tufte til NRK.
Også barna deira Herman Aurelius og Mie Lovise Tufte var til stades på «Reality Awards».
Tufte var nominert saman med Ingrid Gjessing Linhave frå «71 grader nord», Erik Tomter frå «Team Pølsa» og Erik Follestad frå «Svart trøye».
– Viste seg sånn han var heime
Det var tidlegare i år at Tufte deltok i Viaplay-serien «Helvetesuka». Der blei 13 kjende idrettsprofilar utsette for ein militærsimulering inspirert av opptaksprøvene til spesialstyrkane og nokre av dei mest krevjande kursa i Forsvaret.
Den tidlegare OL-vinnaren måtte til slutt avbryte deltakinga etter at det medisinske teamet greip inn.
Kona Aina meiner Olaf Tufte viste seg i TV-ruta akkurat slik han er heime – òg då han var svært utsliten:
– Han viste seg som ein fantastisk person som ser andre, løfter andre og vil andre godt. Det klarte han å vise også sjølv når han er veldig svolten, sliten og trøytt.
«Helvetesuka» fekk også ein pris søndag kveld og blei kåra til årets karakterdrivne realityprogram.
Femte år på rad
«Reality Awards» blir arrangert av Se og Hør og blei i år arrangert for femte gong.
Før utdelinga var 116 deltakarar, program, programleiarar og TV-augeblikk nominerte i til saman 15 kategoriar. Publikum har røysta fram finalistane og vinnarane i dei ordinære kategoriane.
Prisutdelinga gjekk føre seg på Ambassaden i Oslo søndag kveld.
Også fleire NRK-program gjorde det skarpt under utdelinga. «Team Pølsa» vann prisen for årets livsstilsreality, medan Øystein Pettersen blei kåra til årets programleiar.
«A-laget» vann årets underhaldningsprogram, «Humoretaten» blei årets humorprogram og «Ville fristelser» fekk prisen for årets snakkis.
«Spillet» vann kategorien årets konkurransedrivne reality, medan «Skal vi danse» blei kåra til årets comeback. Jan Thomas og Einar Tørnquist vann årets duo for «Norges dummeste».
Årets ærespris gjekk til Linni Meister. Komponist Raymond Enoksen fekk årets fagpris for arbeidet sitt med musikk til meir enn 200 norske seriar og filmar.