Ung mann i dress står i Universitetets aula i Oslo og ser smilande i kamera
KREFTFRI: To år etter Oliver blei kreftfri møter han forskaren som kan gjere det mogleg at fleire kreftpasientar får liknande behandling. Foto: Emrah Senel / NRK

Retting: I denne saka stod det først at kreftforskar Johanna Olweus stod bak forskinga som gjorde Oliver Njåstad kreftfri, som er behandlingsmetoden CAR-T. Dette er ikkje riktig. Det riktige er at kreftforskar Olweus forskar på korleis liknande behandlingsmetode kan nyttast på andre krefttypar.

Saka vart retta onsdag morgon kl. 07.53. NRK beklagar feilen.

Då cellegift ikkje fungerte på Oliver Njåstad, bestemte legane seg for å teste ei ny behandling.

Etter ti dagar med CAR-T immunterapi blei 15-åringen kreftfri.

Kreftforskar Johanna Olweus har i fleire år jobba med å vidareutvikle behandlinga Oliver fekk til å gjelde fleire krefttypar.

Tysdag vart ho tildelt den prestisjetunge Kong Olav V sin kreftforskingspris 2026 for arbeidet sitt.

– Eg vart både veldig glad og veldig rørt då eg fekk beskjeden, seier prismottakar Johanna Olweus.

Olweus er professor i immunologi ved Universitetet i Oslo og kreftforskar ved Oslo Universitetssjukehus.

Prisen vart overrekt av Kong Harald i Universitetets aula i Oslo.

Kreftfri etter ti dagar med behandling

Oliver var 12 år då han fekk påvist lymfekreft. Etter eitt og eit halvt år med cellegift vart han erklært kreftfri.

Men då kreften kom tilbake gav ikkje vanleg cellegift noko effekt lenger.

Oliver Njåstad
I dag fortel Oliver at han lever eit aktivt liv med skule og trening, slik som andre på hans alder. Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Overlegen på Haukeland universitetssjukehus foreslo å teste ei ny behandling.

Immunterapi med genmodifiserte immunceller (CAR-T) hadde hatt god effekt på blodkreft, men hadde aldri blitt testa på lymfekreft.

Oliver fekk første dose i januar 2024. Ti dagar seinare reiste han seg frå sjukesenga, og sa: «No er eg frisk».

– Dette er ei solskinshistorie. Dette er noko vi ikkje hadde tilgjengeleg for berre nokre få år sidan, sa overlege Maria Winther Gunes til NRK i 2024.

MR-bilder av foten til Oliver Njåstad før og etter CAR-T-behandling på Rikshospitalet.
Bildet viser føtene til Oliver Njåstad før han fikk immunterapi (t.h.) og etter behandlinga (t.v.). Foto: Privat

Prestisjetung pris

CAR-T behandling blir i dag brukt på nokre typar lymfekreft og leukemi.

Olweus står bak oppdagingar som gjer at ein kan utvikle liknande behandlingsmetode for fleire krefttypar.

Det er desse funna Olweus no mottek pris og ein million kroner for.

– Olweus har flytta grensene i eit av verdas mest konkurranseutsette forskingsfelt, seier Ingrid Stenstadvold Ross, generalsekretær i Kreftforeningen.

Utdeling av kreftforskingsprisen 2026 i Universitetets aula i Oslo
Generalsekretær Ross roser Olweus si forsking. Her saman med Kong Harald, styreleiar Øyvind Eriksen og fjorårets prisvinnar Karl-Johan Malmberg. Foto: Jorunn Valle Nilsen / Kreftforeningen

Olweus skil seg ut ved å både levere grunnforsking på høgste internasjonale nivå og arbeide målretta for funn heilt fram til pasientbehandling, meiner Ross.

– Forskinga til Johanna gir nytt håp til mange pasientgrupper som sårt treng ny behandling.

Drivkrafta til forskinga har Olweus frå sin bakgrunn som medisinstudent og seinare lege.

– Det gjorde jo sterkt inntrykk å møte kreftpasientar som det ikkje fanst behandling for, seier kreftforskaren.

Treffsikker immunterapi

Olweus har forska på T-celler og T-cellereseptorar, som er sentrale mekanismar i immunforsvaret sin kamp mot kreft.

Slik har ho funne ein metode for å bruke T-celler frå friske blodgivarar til å kjenne igjen og drepe kreftceller meir effektivt.

Dette har opna nye moglegheiter for meir treffsikker immunterapi, og blir i dag brukt av forskarar verda rundt, opplyser Kreftforeningen.

Olweus fortel at forskinga ho og teamet har gjort gir håp om å utvikle behandlingsmetodar som kan vere meir effektiv også for andre kreftformer.

– Håpet er å kunne gjenta den suksessen som ein har hatt med CAR-T celleterapi, som no kan kurere om lag 40 prosent av pasientar som det tidlegare ikkje fanst håp for.

Johanna Olweus
Olweus seier det er ei heil forskingsgruppe å takke for framstega og prisen. Foto: Ali Hamza

To år etter Oliver Njåstad fekk si behandling er han framleis kreftfri og lev livet om ein vanleg ungdom.

Under prisutdelinga tysdag trefte han den prisvinnande forskaren.

– Det betyr alt. Det er jo takka vere forskarane at eg står her i dag, seier Oliver til NRK.

No håpar han at vidare forsking kan redde enda fleire.

– Viss kreft kan bli ein sjukdom som ikkje er så farleg lenger, og at ein kan bli friske med ein gong, så er det eit veldig viktig arbeid å gjere.