Dagane går til dataspel. Til filmar på nettet. Til skrolling på mobilen.
Når sola skin ute sit han inne i mørket. Han synest desse dagane er ekstra tunge.
Eigentleg er 16 år gamle Taim ein sosial gut. Han trivst best i aktivitet.
Men i tenåra har han isolert seg meir og meir. Han gav seg med fotballen. Han orkar ikkje fleire turar i symjehallen.
– Eg likar ikkje å gå ut. Det er mange folk som ser på meg. Dei er nysgjerrige på kva som har skjedd. Det likar eg ikkje.
Brannen
Taim var åtte år gamal då alt endra alt seg.
Sjølv hugsar han berre korleis han vart pressa opp mot veggen, fanga av flammane.
Han veit at storebroren desperat knuste eit vindauge for å prøve å nå inn til han.
At ein nabo vert redningsmann og helt denne desemberkvelden.Les også Mohamed (20) reddet åtteåring ut av brennende hus
Taim veit at han vert flydd til sjukehus. Først til Bodø, så til Bergen.
Her vert han i mange månader.
Han veit at han så vidt får behalde livet. Men brannen tek mykje anna.
Taim har store skader. Huda på store deler av kroppen er svidd vekk. Hendene har ikkje fingrane sine.
Guten ser annleis ut enn han gjorde før. Og annleis enn jamaldrande.
Fortvilte foreldre
– Han bruker 99 prosent av tida inne. På datamaskina. Han treng hjelp. Vi treng hjelp.
Det seier far, Monib.
Han risikerte alt for å få ei trygg framtid for familien sin. Flukta frå krig i Syria tok han til nord i Noreg. Til tryggleik.
Men det var her tragedien råka.Les også Barn kritisk skadet i boligbrann i Svolvær
Dei har vore tallause turar på brannskadeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus. Familien flytta til Bergen for å vere nær ekspertane på sjukehuset.
Dei roser hjelpen dei har fått. Men no opplever dei at den har stoppa opp.
Taim treng fleire rekonstruktive operasjonar. Laserbehandling for huda. Øyra må byggast på nytt. Det same med nasen.
Familien prøver å få eit svar på når Taim kan få gjort det som kan hjelpe han til eit meir normalt liv.
Dei prøver å finne ut om dei har betre sjansar til ein tidleg operasjon om dei flytter til ein annan by.
Mange gonger har dei snakka med Haukeland om mogelegheitene og vegen vidare. Dei opplever å ikkje får klare svar. Og det slit på dei.
– Vi er stressa konstant. Eg må vere saman med ham hele tida for å hjelpe han med det meste, seier mor Dima Turkmani.
– Operasjonane vil bety alt for han. Då kan han gå ut i sola igjen utan at den skader han. Han vil gjerne bli kjend med både gutar og jenter. Kanskje kan han det om han får desse inngrepa.
Sjukehuset svarer
Haukeland opplyser at det er mange vurderingar som må gjerast før ein kan gjere inngrep som dei Taim treng.
Brannskadeavdelinga her er rekna som den fremste i landet.
Dei seier det ikkje er kapasitetsutfordringar som avgjer når ein pasient får operasjonar, men omsyn til pasienten sjølv.
– Rekonstruktive inngrep etter brannskadar vert vurdert individuelt ut frå funksjonelle plager, arr, pasienten sin motivasjon og forventningar, samt kva som kirurgisk er mogeleg å oppnå.
Det skriv overlege Hai Quan Nguyen til NRK på spørsmål om kor lang ventetid det er på slike inngrep. Han uttaler seg ikkje om Taim sin sak spesielt.
– Tidspunktet for operasjon avheng mellom anna av arrmodning, pasienten sin alder og utvikling, funksjonelle behov og når det medisinsk sett er mest hensiktsmessig å gjennomføre inngrepet.
Sjukehuset har kalla Taim og familien inn til nye møter om korleis behandlinga hans skal vere framover.
Ny start
Det er tungt for Taim sine foreldre å snakke om det som har skjedd. Og om korleis det er å sjå sonen bruke livet innandørs.
Sjølv vil han helst snakke om framtida.
Taim håper på eit så normalt liv som mogeleg. På ein familie. På jobb og vener.
Han opplever at alle draumane om det vanlege er sett på vent.
Om ein månad skal Taim begynne på vidaregåande skule.
Mange på hans alder er redde for korleis dei ser ut. For om dei skal få nye vener.
Slik har han det og.
Han hadde ønskt eit nytt andlet til skulestart. Det har lenge vore eit mål for han.
Sjølv om han veit at ikkje alt kan vli som før brannen trur han at det kunne gje han mot å nærme seg ein kvardag som skulekameratane sin.
– Eg likar jo ikkje å vere der det er mykje folk. Og å begynne på ein ny skule, der eg neste ikkje kjenner nokon. Då vert det litt vanskeleg for meg å snakke med folk.
– Trur du det vert lettare å få vener om du får desse operasjonane?
– Ja, om eg føler meg meir komfortabel med meg sjølv.