Allereie måndag gjekk yr.no ut med varsel om at det kunne kome is og snø på Vestlandet, i Midt-Noreg og delar av Nord-Noreg.
Varselet skulle vise seg å slå til.
Tysdag morgon vakna mange til islagde vegar. Vegtrafikksentralen i Vest la tidleg ut melding til bilistane om å vurdere å la bilen stå.
– Grunna låge temperaturar er det fare for særs glatte vegar i morgontimane. Det blir jobba med å salte på spesielt utsette strekningar, men grunna redusert vinterdrift vil fleire vegar kunne vere glatte – og vi ber bilistar vurdere å la bilen stå dersom ein ikkje har vinterdekk.
Trafikkoperatør Andreas Rasmussen seier at vegane kan vere glatte på morgontimane, også i dei større byane som Bergen.
– Det er mykje glatte vegar. Vi har fått ein del tilbakemeldingar på E39. Nordover, spesielt i Åsane -området. Det er glatt og folk må ta det heilt roleg og vurdere om dei kan utsette reisa til det er litt mildare i vêret, rett og slett.
Politiet melde tysdag morgon om fleire større og mindre ulykker. Den mest alvorlege var ei front-mot-front-ulykke på Lerstad i Ålesund, der ein person omkom.
– Ut frå spor på staden kan det tyde på at personbil har kome over i motgåande og kollidert med bussen. Det er framleis svært glatt på staden og vegen blir sperra i fleire timar, seier innsatsleiar Lars Lundemo.
Snø og is har også ført til lange køar. Natt til tysdag rykte politiet ut til ei trafikkulykke på E39 Stordbrua. I påvente av bil som kan strø og salte vart brua stengd.
– Akkurat no er brua stengt i påvente av at den skal saltast. Politiet ønskte at den vart halde stengt så lenge det framleis var glatt på brua. Det var manuell dirigering der for litt sidan, men no er den heilt stengt igjen, seier trafikkoperatør Monica Øksengard.
Det skal vere særs glatt i området, og det har blitt gjort forsøk å strø manuelt i enkelte område.
Litt over klokka 08 kom det oppdatert melding om at vegen er open igjen.
Mindre strøing
Gjennom vinteren står bilar med salt i beredskap når det er snø og is på morgonen. Det gjer det ikkje no, stadfestar Vegtrafikksentralen.
– Det står ikkje klare saltebilar i same antal som i vintersesongen. Ein del bilar har sommardekk, og ein del saltebilar er ikkje tilgjengelege, rett og slett.
Han seier at beredskapen er betre i høgda, men at den er redusert i låglandet. Det skapar ekstra utfordringar når folk skal på jobb tysdag.
Han er tydeleg på at dei som har tenkt seg ut i trafikken i morgontimane bør ha vinterdekk.
– Dei som har sommardekk bør nok vurdere å utsette reisa.
Det er venta at det kanskje kan bli betre forhold utover dagen, men enn så lenge er det «kaldt og glatt».
Vakthavande meteorolog Johanne Ordahl seier at kulda kjem til å halde seg i vest, også onsdag.
– Det blir litt tilsvarande i morgon. Kanskje ein eller to grader opp på gradestokken. Men også då lokalt glatt. For dei som er ute på vegane, så ville eg ha vore forsiktig både i dag og i morgon.
Ho seier det også ser ut til å bli nattefrost seinare i veka, og ber reisande vere på vakt.