Det er ein nervøs stemning ved asylmottaket i Vang i Valdres i Innlandet.

Palestinaren Mohammed Zuhair frå Gaza står utanfor inngangsdøra og røyker.

– Dette er heimen vår no. Dei som bur her er familien vår, seier han.

Tre andre karar nikkar. Samtalen går engasjert på arabisk.

Mohammed omset til engelsk.

Ein mann i 40-åra fortel at han har vore her i snart to år. Ein annan i eitt.

– Vi trivst her i Vang, seier Mohammed.

– Det er ein god stad å vere mens vi ventar, legg han til.

Men frå nyttår er det slutt.

UDI har vedteke at mottaket i Vang er eitt av 14 som blir lagt ned frå 31. desember 2026.

Mottaket ligg på eine sida av vegen, kommunehuset på andre. Ordføraren fryktar for framtida til naboane.Foto: Arne Sørenes/Nrk
Mottaket ligg på eine sida av vegen, kommunehuset på andre. Ordføraren fryktar for framtida til naboane.Foto: Arne Sørenes/Nrk

Etablering og nedlegging på få månader

– Eg forstår ikkje UDI sin handlemåte, seier ordførar Jørand Ødegård Lunde.

Ho viser til det ho meiner er ei uføreseieleg forvaltning frå UDI si side.

For i april i år kom beskjeden om at UDI opprettar 24 nye mottak over heile landet, med plass til 3600 asylsøkjarar.

Dette vart møtt med protestar mange stadar.

Knappe fire månader etter kom ein motsatt beskjed frå UDI.

Då var bodskapen at 14 etablerte mottak, med til saman 2137 plassar, skal leggjast ned frå nyttår.

Knut Henrik Berntsen er einingsleiar for kapasitet og logistikk i UDI.

Han skriv i ein e-post til NRK at UDI våren 2026 etablerte 22 nye ordinære asylmottak fordi dei forventa ei auke i talet på asylsøkjarar.

– Men prognosen for asylankomstar i 2026 blei derimot nedjustert frå 18 500 ankomstar i januar til 14 900 i mars og til slutt til 12 000 i juni. Som følgje av dette reduserte vi mottakskapasiteten gjennom avvikling av tilleggskapasitet, og har i slutten av august også sagt opp driftsavtalar for 14 ordinære mottak, skriv Berntsen.

NRK har også spurt UDI om det ikkje dårleg planlegging og dårleg bruk av ressursar å gjere det på denne måten?

Dette spørsmålet har UDI ikkje svart konkret på. Men Berntsen skriv i e-posten:

– UDI må tilpasse mottakskapasiteten til behovet til ei kvar tid. Det inneber at vi både etablerer og avviklar mottak når behovet endrar seg.

Men ordførar Ødegård Lunde vil gjerne har asylmottaket i bydga.

Ho meiner at UDI bør anstrenge seg meir for å ta vare på gode samarbeidskommunar.

– Noreg tek i mot folk for å gje dei ein trygg plass å vere, og eit meiningsfullt opphald. Då bør vi jo prøve å ta vare på dei kommunane som faktisk vil og kan, seier ho.

Sentralt i bygda

Asylmottaket, som tidlegare var hotell, ligg midt i bygda, like ved biblioteket, butikken og aldersheimen.

Ordførar Jørand Ødegård Lunde hevdar at omtrent alle i bygda vil at asylmottaket skal bli verande der det er.

– Det er så godt som einstemmig. Det finst sikkert dei som er i mot, men dei har i alle fall ikkje sagt noko til meg, seier ho.

Etter 27 år er asylmottaket blitt ein heilt naturleg del av bygda, meiner Lunde.

– Bebuarane er ein viktig del av samfunnet i Vang. Dei tek del i frivilligheten, for Vinjerock og Valdresspelet. Dei er viktige for fotballaget, vi møter dei på butikken og på biblioteket. Dei er rett og slett ein del av innbyggjarane våre, slår ho fast.

Ingebjørg Blomlie Müller skriv under på dette.

Ho leiar musikkfestivalen Vinjerock ved Eidsbugarden.

Ho fortel at asylsøkjarane er viktige frivillige både for hovudfestivalen, og for Vesle-Vinje i Vang i mars.

– Vi er opptekne av å vere ein arena der folk kan møtast på tvers, og det blir eit sakn no. Vang blir litt fattigare, seier ho.

Det stemmer forresten ikkje heilt at asylmottaket har drive samanhengande i 27 år.

Berre nesten.

For også i 2021 fekk eit nedleggingsvedtak bygda til å protestere.

I januar 2022 stengde asylmottaket dørene, berre for å oppstå på ny som akuttmottak i mars same år. I oktober 2022 vart det ordinær mottaksdrift igjen.

Har skrive brev til UDI

Ordføraren har skrive brev til UDI og bedt om eit møte for å leggje fram sine synspunkt.

Assisterande direktør Tone Celius og regiondirektør Kjersti Teksum Molthe i UDI skriv i eit svarbrev NRK har fått innsyn i, at dei er positive til eit møte der kommunen kan få leggje fram sine erfaringar og synspunkt.

Samstundes er dei tydelege på at avgjerda om legge ned asylmottaket i Vang ligg fast.

Grunnen er at talet på nye asylsøkjarar går ned.

– Vang mottakssenter er eitt av fleire der kontrakten går ut i september 2027. Desse mottaka har ein kapasitet som uansett må avviklast i løpet av kort tid, skriv dei to UDI-direktørane i brevet.

Fryktar unik kompetanse går tapt

Som vertskommune gjennom nesten 30 år meiner ordføraren at kommunen har stor kompetanse i å integrere stadig nye bebuarar.

Ho peikar også på at samarbeid med driftsselskapet Hero er svært godt.

Mottaksleiar Henrik Rønningen er samd i dette.

Men han er også oppteken av at dei tilsette ved mottaket må finne seg nytt arbeid etter nyttår.

– Då blir heilt unik kompetanse borte, seier han.

Som Ahmad Mohamed Ali Obo.

Han budde 14 år som asylsøkjar ved mottaket i Vang. No bur han i kommunen, og jobbar full tid som miljøarbeidar på mottaket.

– Vang er viktig for meg, seier han.

– Eg har jobba 13 år i Hero, men er ikkje i nærleiken av å ha same kompetanse som Ali når det gjeld det å bu i eitt mottak, seier mottaksleiar Rønningen.

– Det må levast, og det har Ali gjort gjennom 14 år. For meg er han ei heilt unik ressurs som no blir borte. For han må jo få seg nytt arbeid når mottaket blir lagt ned.

Ali Obo synest dette er tungt.

– Eg er litt lei meg, men sånn er det. Vi kan ikkje stoppe opp, vi må prøve å halde fram dette livet, seier han.

Forstår uroa

Knut Henrik Berntsen i UDI har forståing for denne bekymringa.

I e-posten til NRK skriv han at det er naturleg at både vertskommune og driftsoperatøren mister kompetanse når eit mottak blir lagt ned.

– Samstundes må UDI tilpasse mottakskapasiteten til behovet til ei kvar tid. Det inneber at vi både etablerer og avviklar mottak når behovet endrar seg. Vi er opptekne av å ha ein god dialog med både vertskommunen og driftsoperatøren i samband med avviklinga, avsluttar han.

Grindaheim asylmottak
Framtida er uviss for bygget Grindaheim som i dag er asylmottak. Foto: Arne Sørenes / NRK