Nyland leverte på skyhøgt nivå, og blei ein av dei største norske heltane under fotball-VM-et i sommar.
Etterpå har 36-åringen blitt hylla både framfor slottet og ikkje minst i heimbygda Volda, der ordføraren ønsker seg ein statue av målvakta. Da Nyland landa på Ørsta-Volda flyplass etter VM, hadde meir enn 1000 menneske møtt opp.
Hyllesta av RB Leipzig-målvakta er rett nok ikkje ferdig der. Om ikkje lenge står nemleg eit veggmåleri på åtte gonger åtte meter ferdig i bygda.
Mannen bak er Tobias Elgaaen. 29-åringen fortel at ideen til veggmåleriet kom da han såg Nylands jubelbrøl etter redninga på Bruno Guimarães’ straffespark under åttedelsfinalen mot Brasil i VM.
– Det sjuke brølet han hadde der ... Eg trur mange kanskje sjølv hadde ein veldig lik reaksjon heime i stua si. Det var ein spesiell augeblink da kameraet zoomar inn på han, og du liksom kunne sjå blodårane piple, seier han til NRK.
– Og da tenkte du at dette må forevigast?
– Ja. Eg ville eigentleg gjere eit vanleg portrett som stilte han i betre lys enn eit skriketryne, men eg synest berre den augeblinken var så kult. Og så trur eg den redninga var ein av dei største augeblinkane i den norske VM-festen.
Tidspress
Elgaaen innrømmer at han har vore litt stressa fordi det har tatt lang tid å fullføre verket. Han jobbar nemleg som guide og lettmatros på turistbåt ved sida av arbeidet, og har derfor vore mykje borte den siste tida.
– Det er ein nervepirrande prosess når du ser at tida begynner å gleppe frå deg. Det er jo ikkje noko kult å dra frå noko som er halvferdig. Nå gleder eg meg til å komme meg opp igjen og gjere det ferdig, seier han.
29-åringen fortel vidare at han har fått meir merksemd rundt prosjektet enn det han hadde rekna med.
– Eg var litt naiv da eg gjekk inn i det, og det har vore mykje interesse og nysgjerrigheit. Det har vore mange som har køyrt forbi og tuta, og gitt ein tommel opp, seier han.
Elgaaen har ikkje høyrt noko frå hovudpersonen sjølv, og innrømmer at han har vore spent på Nylands reaksjon.
– Eg har jo det. Altså, det er jo mykje å få fjeset sitt blåst opp på åtte gonger åtte meter, så eg har vore veldig nysgjerrig på korleis det vil bli for han, seier han.
– Hyggeleg
Elgaaen har likevel lite å bekymre seg over. Etter 3–2-sigeren over Danmark torsdag spurde nemleg NRK Nyland om han har fått med seg at fjeset hans er i ferd med å bli kunst.
Det har han.
– Eg har sett det, og det er veldig hyggeleg, sjølvsagt. Det er veldig kjekt å bli sett pris på på den måten etter VM, seier han.
– Korleis har du fått det med deg?
– Eg har venner og familie som bur der, så eg har fått det tilsendt. Det blir spennande å sjå det ferdige resultatet. Eg reknar med å sjå det neste gong eg er i Volda.
Kunstnar Elgaaen, som har vakse opp med teikning og seinare har studert design, er glad for reaksjonen til 36-åringen.
– Det er kult å høyre at han er positiv, seier han.
Det foreløpig ikkje planlagt korleis kunstverket skal avdukast. Akkurat nå henger det ein liten plakat framfor delar av det der det står at arbeidet blir fortsett i slutten av september.
Da NRK foreslår at Elgaaen skal sende ein SMS til Nyland for å få han med på avdukinga, er svaret:
– Ja, det skal eg ha i bakhovudet.
Her er Ronaldo på norsk jord: – En gedigen begivenhet