Eksplosjon Øygarden
EKSPLOSJON: To personar er skadd og ein person er sakna etter ein eksplosjon i eit bustadhus i Øygarden. Foto: Oskar Rennedal / NRK

Ein person vart meldt sakna etter at det blei meldt om eksplosjon i eit bustadhus på Foldnes i Øygarden kommune.

Politiet har gjort funn av ein person i bustaden. Dei næraste pårørande er varsla.

– Personen er ikkje obdusert, men det er grunn til å tru at det er den sakna, seier innsatsleiar Ørjan Djuvik i Vest politidistrikt.

Den omkomne vil bli henta ut når dette er forsvarleg.

Ambulansearbeidar skadd

Politiet undersøker om eksplosjonen var ei meint handling. Ingen har status som mistenkt eller sikta no.

Den sakna personen er ein mann.

Ein ambulansearbeidar og ein bebuar er skadd. Dei er tekne med til Haukeland universitetssjukehus med ukjent skadeomfang.

– Så langt eg har fått opplyst, skal skadane ikkje vere livstruande, seier politiadvokat Bernt Kallevik Dahlsveen.

Ambulansearbeidaren vart skadd i eksplosjonen, medan bebuaren vart skadd under evakuering.

– Vi er på sjukehuset og håpar på å få snakka med dei involverte i løpet av kvelden, seier Djuvik til NRK tysdag kveld.

Ørjan Djupvik, innsatsleder politiet
Politiet har gjord funn av ein død person i bustaden etter eksplosjonen tysdag. ettermiddag Foto: Oskar Rennedal / NRK

– Eg skvatt litt

Alina Ydse Degerman (11) sto ti meter frå bustadhuset då det eksploderte.

– Eg var litt redd. Eg skvatt. Det var veldig høg lyd, fortel ho.

Då bustaden byrja å brenne, kom ho seg ikkje heim.

– Eg såg plankar, veggane, taket og gul bomull, det berre flaug.

Faren hennar, Fredrik Degerman, seier at sveitten spruta då han hasta heim då han høyrde om brannen i nabolaget.

– Det var kaos. Det å bli reven ut av arbeidsdagen. Eg er berre glad ho ikkje var i leilegheita vår, som ligg tett inntil, seier han.

Eksplosjon utan forvarsel

Eksplosjonen har skjedd i eit bygg med fire bueiningar.

Helsevesenet var på staden i samband med eit helseoppdrag, då eksplosjonen skjedde utan forvarsel. Dei vart ikkje utsette for truslar, ifølge Dahlsveen.

Politiet var allereie på veg for å assistere, fordi dei ikkje fekk kontakt med personen i leilegheita.

Politiet melde om hendinga klokka 13.41.

– Det er to ambulansearbeidarar involvert der diverre ein er skadd og vedkomande er køyrt vekk, seier Djuvik.

– Blir meir og meir sjokkert

Alexander Thomasen var heime då han høyrde det kraftige smellet.

– Det første vesle sekundet trudde eg det kunne vere ein bil eller noko som hadde skjedd på vår eiga tomt, seier han.

Då han runda hjørnet, så han eit tak som låg knust ute i vegen, saman med vindauge og bygningsdelar.

– Plutseleg tok det fullstendig fyr. Det var utruleg mykje som skjedde på ein gong.

Seinare forstod han at ein person vart funnen død i bustaden.

– Eg blir meir og meir sjokkert over det som har skjedd. Det er mykje å ta inn, seier han.

Nabo brann Øygarden
Nabo Alexander Thomasen seier at han er sjokkert over det som har skjedd. Foto: Oskar Rennedal / NRK

– Vegg blåst ut

Det var opne flammar og eksplosjon i bustaden. Brannvesenet melde om at dei hadde kontroll på brannen klokka 14.07.

Politiet trur det kan vere propangass som er årsaka.

Bilde av et hus som står i brann på Straume i Øygarden.
Det brann kraftig i bustadhuset etter eksplosjonen. Grafikk: Emma Tennebø / Emma Tennebø

– Brannvesenet har kontroll no. Bustaden er nedbrent, og har store skadar.

Alle naudetatar var på staden, samt luftambulanse.

Politiet har tatt beslag i ein bil i eit parkeringshus som var knytt til den sakna personen. Politiet var i dialog med bombegruppa i Oslo då dei tok seg inn i bilen.

Bilen var sikra utan dramatikk, og er henta av politiet.

Politiet har gjennomført fleire vitneavhøyr og undersøker digitale spor. Det er innført flyforbod over åstaden tysdag kveld.

Tore Fanebust i 110 Vest
– Ein vegg er blåst ut. Det har vore mykje energi her. Det er blåst ut vindauge og glas, seier Jan Aase i 110 Vest. Foto: Oskar Rennedal / n654323