Portrett
TALENT: Caroline Finnestad Lund (21) frå Søgne har eit stort press på skuldrene sine. Foto: Frode Søreide / NRK
  • Sjå kvalifisering til Kongelaget frå Landsskyttarstemnet her og på NRK1 frå 14.15.

– Vi får jo håpe det. Skal i alle fall gjere alt eg kan for å prestere det beste eg kan, seier Caroline Finnestad Lund.

For det er langt frå umogeleg.

Det skjer nesten kvar helg ein stad rundt omkring i Noreg.

21-åringen klarte det sjølv to gonger på ein dag så seint som siste helga i juli. Ho har klart det heile sju gonger i år.

Den myteomspunne rekorden, som det har vore snakk om i langt over hundre år, handlar om å treffe med alle dei 35 skota inne i den svarte tiaren på det prestisjetunge Landsskyttarstemnet.

I alt 60 norske kvinner og menn er i dag med i den eksklusive «350-poeng-klubben».

Første gong det skjedde var på Voss tilbake i 1999.

Sidan den gong har det skjedd over 160 gonger.

Daniel Sørli har rekorden. Han har åleine klart det 29 gonger.

Men aldri på sjølve Landsskyttarstemnet.

– Eg veit ikkje om vi nokon gong får sjå det heller. Eg håper ikkje det, seier Tor Harald Lund og ler, men også med ein smule alvor.

Han lever nemleg fint med myten om at det er «umogeleg» på Landsskyttarstemnet, som er det største ein skyttar kan vinne.

Caroline Finnestad Lund
DRAUM: Caroline Finnestad Lund losna sitt første skot som femåring. I dag er ho ein av landets beste skyttarar. Foto: European Shooting Confederation

Ekteparet er konge og dronning

For også han veit at mange peikar på at hans eiga dotter, Caroline, er den som skal klare det.

Kanskje alt under årets Landsskyttarstemne på Lesja.

Ho er rekna som ein av dei beste skyttarane i Noreg. Men så har ho også litt å slekte på.

Allereie nemnde pappa, Tor Harald Lund, vart i 1987 historisk då han som 19-åring vart tidenes yngste «Skyttarkonge» her i landet.

Kona og mora til Caroline, Mette Elisabeth Finnestad, er den første kvinna i Noreg til å vinne det prestisjefulle stemnet, og fekk tittelen «Skyttardronning» i 2006.

Også bror Andreas Finnestad Lund har markert seg heilt i toppen.

På skytebana
SKYTTARFAMILIE: Familien i Søgne har brukt tallause timar på skytebana saman. Foto: Frode Søreide / NRK

– Det betyr kjempemasse, så det å vinne Landsskyttarstemnet er jo barndomsdraumen min, fortel Caroline.

Men sjølv om dei er landets beste skyttarfamilie, så har ingen av dei eller nokon andre av landets beste skyttarar klart å bryte barrieren på sjølve Landsskyttarstemnet.

Ei mental sperre

– Det er den mentale biten. Det å kunne prestere når det verkeleg gjeld. Det kjem puls, det kjem spenning, og det kjem kamera og tankar som ein kanskje ikkje har lyst til å tenke på, forklarar Caroline.

Landsskyttarstemnet er eit av dei største individuelle idrettsarrangementa i Noreg med tett opp til 5000 utøvarar.

Alt blir sendt direkte på TV, og det å bli konge eller dronning er det mest prestisjefulle ein skyttar i Noreg kan oppnå.

Og då skjer det noko oppe i hovudet på dei elles så sindige skyttarane.

– Ingen har klart det, og det ligg i bakhovudet på dei som eventuelt skal kunne klare det. Spør du meg, så er det nesten urealistisk at nokon skal klare det, meiner pappa Tor Harald.

Daniel Sørli, som har vorte skyttarkonge to gonger, seinast på Voss i 2023, trur ikkje det berre handlar om TV-kamera.

Daniel Sørli
SKYTTARKONGE: Daniel Sørli har vunne to gonger. Seinast på Voss i 2023. Her frå Øverbygd i 2016. Foto: Rune N. Andreassen/NRK

– Landsskyttarstemnet er veldig spesielt, og du blir historisk om du skulle vinne det. Og så må du jo ikkje ha det (350 poeng) for å vinne.

NRKs skyttarekspert Ola Lunde seier det er fleire årsaker til at det ikkje har skjedd.

– Det er først og fremst at det er ein kongepokal som dansar framme i siktet der. Det er ein gong i året du kan skyte om det. Og det at NRK er til stades og du får kamera i ansiktet når du skyt bra. Det er kanskje hovudgrunnen.

Pappa Tor Harald er usikker på om det nokon gong vil skje at nokon skyt fullt hus.

Mamma Mette er meir optimistisk.

– Ja, det trur eg. Eg trur at det er fleire som trenar veldig mykje og er gode skyttarar. Så på ein god dag så kan fleire gjere det, altså.

Og ho er heller ikkje overraska om dottera blir den første.

– Ja, ho kan klare det. Ho har fått den tryggleiken til å klare det om ho har dagen sin.

Drøymer om det

Og det er ein grunn til at mange peikar på at Caroline kan klare det. Nemleg måten ho jobbar mentalt på.

– Vi seier at den mentale delen av skytinga er 80 prosent. Så det er ei stor tyngde i skytesporten vår.

Familien Finnestad Lund
SØSKEN: Caroline og storebror Andreas har stått side om side på skytebana tallause gonger. Foto: Frode Søreide / NRK

I 2022 tok ho, som debutant i juniorklassen på 50 meter, EM-gull. No satsar ho internasjonalt på rifleskyting, og målet er å delta i OL i Los Angeles i 2028.

Sjølv om ho losnar fleire tusen skot i veka og i periodar har reist i skytteltrafikk frå Søgne til Gardermoen for å trene med landslaget, så er den mentale jobben det viktigaste.

– Det jobbar eg med heile tida – konstant, eigentleg. Ikkje berre på skytebana, men også utanfor, som for eksempel heime.

Ofte handlar det om å snakke positivt til seg sjølv i situasjonar ein blir stressa, som om ho skal halde eit foredrag.

– Det er jo til slutt, eller til sjuande og sist, så er det jo ein tanke som set i gang pulsen. Så eg må jo finne ut kva den tanken er, for å kunne ta kontroll over den tanken.

Og Landsskyttarstemnet som er i gang denne veka, er noko av det ho ofte ser for seg når ho mellom anna lagar middag.

– Eg ser for meg ulike scenario og situasjonar. Korleis eg har lyst til at teknikken skal vere, kva eg skal tenke. Korleis eg skal handtere kvart skot, eller korleis eg skal handtere puls, fortel ho roleg og beherska.

– Det hender eg vaknar opp og så har eg drøymt om det.

– Kor mange gonger har du skote på Landsskyttarstemnet, sånn mentalt på natta?

– Det er nokre tusen gonger.

caroline på skytebana
MENTALT: Caroline Finnestad Lund brukar mykje tid på mental trening. Foto: Frode Søreide / NRK