Dei unike opplevingane og gjenstandane får du berre tak i éin stad:
Gjennom årets TV-aksjon.
Her kan du by på alt frå verdifulle minne og unike samleobjekt til opplevingar du rett og slett ikkje får kjøpt på vanleg vis.
Kvar krone i årets TV-aksjon går til NRC Flyktninghjelpen.
Auksjonen er open fram til søndag 18. oktober kl. 23.
Her er noko av det råaste du kan by på i år:
Den magiske tromma frå VM
RO ... RO ... RO!
Bli eigar av fotballrekvisitten «heile verda» snakka om under fotball-VM i USA. Tromma samla ein norsk nasjon og er blitt eit stykke ikonisk idrettshistorie.
Tromma er signert av fotballandslaget, brukt av Martin Ødegaard, Erling Braut Haaland og sjølvaste Kong Haakon VIII.
To plassar til utdelinga av Nobels fredspris
Opplev verdas mest prestisjetunge prisutdeling på nært hald.
Den norske Nobelkomite donerer to eksklusive plassar til utdelinga av Nobels fredspris den 10. desember 2026 i Oslo rådhus.
Den 9. oktober kunngjorde Nobelkomiteen at Nobels fredspris for 2026 skal tildelast Navanethem «Navi» Pillay for hennar innsats for fred og internasjonale rettsprinsipp.
Seremonien i Oslo er for inviterte gjester frå inn- og utland. No har du ein heilt unik moglegheit til å sikre deg to plassar til ein dag for historiebøkene.
Deltakar i Bakemesterskapet
No kan du og gjengen din på åtte personar bli prøvebakarar under generalprøva til Bakemesterskapet.
I løpet av ein full innspelingsdag får gruppa bake i studio, møte programleiar Julie Strømsvåg og få bakverka vurderte av dommarane Marthe Kilen og André Løvaas.
Privat omvising i Maurstad-heimen
Om ein har drøymt om å få oppleve Maurstad-heimen frå innsida: No er sjansen her.
Mari har lenge vore skeptisk til å opne dørene til sin private heim, men når det gjeld TV-aksjonen og ei god sak, så var det umogeleg å seie nei.
Mari og Aslak Maurstad inviterer inntil 3 personar til ein 45-minuttar lang guida tur i den fargerike heimen deira i Oslo. Her får de sjå på unike skattar og ting i det store huset, kjenne på den spesielle atmosfæren, og nyte eit vertskap proppfullt av humor, varme og gode historier.
Bli gjest i Spårtsklubben
Bli med inn i varmen i Noregs største podkast, og heng med Mads Hansen, Helene Olafsen, Jon Martin Henriksen og Erik Follestad i Spårtsklubben.
Her får du sjansen til å bli gjest i ein laurdagsepisode, skravle, tulle og kanskje lage litt podkasthistorie saman med resten av gjengen.
Solbakken trenar bedriftslaget ditt
Har du eit bedriftsidrettslag i Oslo-området som treng eit løft?
Suksesstrenar Ståle Solbakken, som tok det norske herrelandslaget til kvartfinalen i fotball-VM, stiller opp saman med assistenttrenar Kent Bergersen for å køyre ei eksklusiv og uforgløymeleg treningsøkt i fotball med gjengen din.
Karpe-strandstolar + éin unik sjanse
Få har gjort det så bra som Karpe, og no er det slutt. Du kan sikre deg to strandstolar frå musikkfestivalen Karpe World i Oslo i sommar.
Og som om ikkje det var nok: Du får også to billettar til Karpe sin aller siste konsert i 2028 før dei legg opp for godt.
Norseman Xtreme Triathlon
Det er eit nålauge som er så trongt at det nesten er umogeleg å sleppe gjennom, og dermed framstår Norseman som ein nær uoppnåeleg draum.
Men no kan du sikre deg plass direkte gjennom å by under årets TV-aksjon. Er du klar for eit av verdas tøffaste triatlon frå Hardangerfjorden til Gaustatoppen?
Unikt middagsselskap
Dette er eit selskap du garantert ikkje blir invitert til elles. Fire personar får setje seg til bords med tre av våre mest markante statsministrar gjennom tidene: Gro Harlem Brundtland, Kjell Magne Bondevik og Erna Solberg, saman med heile Noreg si «Bettan» (Elisabeth Andreassen).
Maten? Den blir trylla fram av stjernekokk Trond Moi.
Elsykkel – måla av Vebjørn Sand
Ein heilt spesiell elsykkel handmåla av kunstnaren Vebjørn Sand.
Motivet er henta frå klimaprosjektet hans «Live Ice», inspirert av isbarrieren i Antarktis og bodskapen om å halde isen iskald.
Sikkert lurt å ikkje ripe opp denne sykkelen med det første.
Havaianas til Julian Ryerson
Sandalane/Flip-flopsane som møtte kong Harald sommaren 2026, kan no bli dine.
Då herrelandslaget besøkte kongefamilien på Slottet etter den heroiske innsatsen i fotball-VM, stilte Noregs høgreback Julian Ryerson i desse mørkeblå Havaianas-sandalane.
Biletet av Ryerson og kong Harald gjekk landet rundt og vart ein stor «snakkis» i ettertid.
Kunstverk – laga av pingvinar
Det er nok lite som er så søtt som pingvinar. Kva med det eksklusive måleriet «Bøylepingvinanes fargedraum», måla av pingvinane på Akvariet i Bergen? Dette finst det berre eitt eksemplar av i heile verda.
Alt dette, og mykje meir, kan du by på heilt fram til auksjonen avsluttar klokka 23 under TV-aksjonen på NRK søndag 18. oktober.