Jørn Andersen i Trøndelag tingrett. I bakgrunnen: Fagdommer og to lekdommere.
TILTALT: Jørn Andersen er tiltalt for drap. Denne veka går rettssaka i Trøndelag tingrett.Illustrasjon: Ane Hem / NTB

– Ho fortalde at han hadde vore heime hos ho og skrive på bilen hennar og kjefta på ho, fortalde Tom Ketil Krogstad i retten.

Han er eigaren og drivaren av Bjørnlihiet pub og gjesteheim der Marita Løfshus Haugen arbeidde.

Kvelden 13. desember i fjor blei Haugen funne drepen like ved arbeidsstaden.

Kort tid etter blei Jørn Andersen pågripen av politiet i leilegheita si i gjesteheimen.

Ikkje lenge før ho blei drepen, skar relasjonen seg mellom Andersen og Haugen.

– Fram til da hadde ho berre vore positiv til Jørn, men frå den kvelden så fekk på ein måte tilliten til han ein knekk.

Bildet viser en selfie av en kvinne med lyst hår.
Tobarnsmora Marita Løfshus Haugen blei funnen død på Løkken i desember i fjor. Ho blei 35 år gamal. Foto: Privat

No er Andersen tiltalt for å ha tatt livet av Haugen.

Første dag i retten nekta Andersen straffskuld. Han fortalde at han ikkje hugsar noko frå kvelden Haugen blei funnen drepen.

Samstundes nekta han ikkje for at han kan ha tatt livet av ho.

– Eg opplever at han er nær til å bekrefte at det er han som er drapsmannen, sa aktor i saka, Per Morten Schjetne til NRK måndag.

Andersen sin advokat, Fredrik Schøne Brodwall har så langt ikkje ønska å kommentere saka.

Kom aldri på jobb

Haugen jobba på Bjørnlihiet pub på Løkken. I det same bygget budde Andersen i ei leilegheit.

Leilegheita delte han med eigaren Tom Ketil Krogstad.

Kvelden ho blei funnen død skulle Haugen på jobb klokka 20.00.

Ho kom aldri på jobb. Klokka 21.40 blei ho funnen drepen ved bilen sin ikkje langt frå puben.

Oversiktsbilde etter drapet på Løkken
«1» viser staden der Haugen blei funnen død. «2» viser staden politiet fant knivslira. «3» er staden macheten blei funnen bak ein garasje. «4» er Bjørnlihiet pub. Foto: Politiet

Ifølge tiltalen døde ho etter å ha blitt stukken med ein machete i brystet og ryggen.

Da politiet kom til staden konstaterte dei fort at Haugen var død.

Kort tid seinare pågreip dei Andersen i leilegheita hans.

– Fram til da hadde ho berre vore positiv til Jørn

– Eg har aldri sett han vore valdeleg eller vore ubehageleg med dei damene han har kjent, fortalde Krogstad.

Han fortel at han var klar over at Andersen tidlegare var dømt for drap, men at han ikkje kjente mange detaljar.

Etter at relasjonen mellom Haugen og Andersen skar seg ønskte han likevel å snakke med dei to.

Onsdagen før ho blei drepen hadde Haugen, Andersen og Krogstad eit møte for å prate saman om situasjonen.

– Eg ville at vi skulle prate saman oss tre og ha eit møte saman for å roe situasjonen, for det hadde jo blitt ein del skittkasting og krangling.

– Jørn beklaga fleire gongar sin oppførsel, og Marita kom med klare tilbakemeldingar til Jørn om at ho hadde mista tillit til han og at ho ønskte å avslutte relasjonen på den måten han hadde vore.

På møtet blei dei einige om at Andersen ikkje skulle opphalde seg i puben når Haugen var på jobb og at han ikkje skulle kontakte ho.

– Møtet blei avslutta med at begge to heldt rundt kvarandre og gav kvarandre ein klem.

Bjørnli Gjestheim er opplyst med juledekorasjoner og en lysende "God jul"-neonskilt. Inngangspartiet er prydet med julestjerner og snø. Bygningen er dekket av snø, og vinduene har gardiner. Omgivelsene er mørke, noe som fremhever belysningen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Andersen budde i ei leilegheit i same bygg som Bjørnlihiet bygg. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

– Da sa han noko sånt som at «eg erkjenner alt»

Da Haugen ikkje kom på jobb tenkte ikkje Krogstad at noko alvorleg hadde skjedd.

Etter ein stund sende han ei melding til Haugen:

Seinare prata Krogstad med politiet på staden.

– Eg snakka med ein politimann, og eg seier at eg trur det må ha skjedd noko mellom Marita og Jørn, og eg trur at de finn vedkommande som har gjort den ugjerninga her i den leilegheita som eg har i huset.

En mann iført svart skjorte med hvite striper og en brille med mørk innfatning står og kikker mot fotografen. Han har ikke hår på hodet. Han står i et rom som ligner en stue. Vi kan se noen oransje gardiner i bakgrunnen og deler av et bilde på veggen
Tom Ketil Krogstad driv Bjørnlihiet pub på Løkken. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Omtrent 23.20 blir Andersen pågripen.

– Da sa han noko sånt som at «eg erkjenner alt», fortalde aksjonsleiar i politiet frå vitneboksen i Trøndelag tingrett.

– Da vi spurde han om kva han meinte med det, så ville han ikkje seie noko meir.

Politiet rykket ut til Orkland etter funn av en død person lørdag kveld
Andersen blei pågripen i leilegheita si. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Da politiet sette handjern på Andersen sa han først at dei var for stramme, fortalde aksjonsleiaren.

– Men så sa han noko sånt som at «men eg fortener det».

– Da vi spurde han om kva han meinte med det, ville han ikkje svare.

Politimannen fortalde at han oppfatta Andersen som litt rusa, men at det ikkje var noko problem å føre ein samtale med han.

Sår i andletet

– Han har to parallelle sår frå litt under auget og ned til munnvikene, fortalde kriminalteknikar Kathrine Nærum Storflor mens ho viste fram eit bilete av Andersen tatt like etter pågripinga.

Ho la fram analysen av tekniske bevis frå både Andersen, Haugen og åstaden.

Da det blei vist bilete forlét fleire av dei pårørande rettssalen.

En kvinne iført svart kappe og vendt mot fotografen er i samtale med en annen kvinne. For det meste ser vi kun ryggen og bakhodet til den andre kvinnen, men vi kan se deler av hennes brille
Haugen sin mor er blant dei pårørande som er til stades i retten. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Storflor fortel at det også blei gjort undersøkingar av mellom anna fingrane og under neglene til Haugen.

– Der gir prøvesvaret indikasjon på blod med DNA frå Marita Løfshus Haugen og tiltalte.

En mann (til venstre) og en kvinne (til høyre) sitter ved en vitnestol i en rettssal. De kikker på en PC. I bakgrunnen kan vi se noen folk.
Mats Erik Lilleskjæret i Kripos og Kathrine Nærum Storflor la fram krimtekniske funn for retten. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Det blei også gjort funn av Haugen sitt blod på innsida av bilen hennar.

Analysar av det kan tyde på at Haugen blei utsett for stump vald mens ho framleis sat i bilen, fortalde Mats Erik Lilleskjæret frå Kripos.

Han fortalde at det også blei funne blod på buksa og jakka til Andersen.

Analysar av blodet viste at det høgst truleg var Haugen sitt blod, fortalde Lilleskjæret.

Politi og kriminalteknikere på åstedet etter drapet på Marita Løfshus Haugen på Løkken Verk. Jørn Andersen er tiltalt for drapet.
Det som truleg er Haugen sitt blod blei funnen i snøen på åstaden og på Andersen sine klede. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

– Eit uttrykk for at det er brukt mykje kraft

Overlege Harald Aarset la fram rapporten etter patologiske undersøkingar.

Undersøkingane viser at Haugen blei utsett for to store stikkskadar.

– Da ho fekk det andre stikket så var ho så godt som død.

Han fortalde at det eine stikket også har gått gjennom ribbeina.

– Så det er eit uttrykk for at det er brukt mykje kraft.

En eldre mann iført en blålig genser står ved siden av en mann i hvit skjorte. De kikker begge på en datamaskin utenfor bildet. Bildet er tatt i profil
Overlege Harald Aarset la fram rapporten etter dei patologiske undersøkingane av Haugen. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Aarset fortel at det ikkje blei funne mange skader som tyder på at Haugen kjempa imot.

– Ho har ikkje hatt sjansar til å gjere noko særleg motstand, kan det virke som.

Etterlet seg to barn

– Det er openbert at tida etter drapet av Marita har vore tøff for familien.

Det seier bistandsadvokat Laila Afelad, på vegner av den etterlatne familien.

– Ho etterlet seg to mindreårige barn, det er kjempetøft. Og ei mor og ein far som har hatt det utruleg vanskeleg.

– Det er vondt å miste ei mor som er djupt, djupt sakna. Og ein ser jo først i etterkant kva konsekvensar det vil ha for desse to barna, legg ho til.

Bistandsadvokat Laila Afelad er i en rettssal i Trøndelag tingrett. Hun er bistandsadvokat i saken mot Jørn Andersen som er tiltalt for drap
Bistandsadvokat Laila Afelad representerer dei etterlatne etter Haugen. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Under den første dagen i retten, då Jørn Andersen forklarte seg, var mor til stades i retten.

– Eg beundrar mor sterkt som kjem hit i dag og klarer å sitte i det same rommet som den tiltalte. Og så er det ein far som har det utruleg vanskeleg og tøft, sa Afelad etter den første dagen i retten.

Ho vil legge ned erstatningskrav, krav om oppreisingserstatning og for tap av forsørgar.

Tidlegare dømt for drap

Andersen blei i 1999 dømt for å ha tatt livet av sin tidlegare kjæraste, 16 år gamle Linn Charlott Nesblom.

Andersen sjølv erkjente ikkje straffskuld, men blei dømt til 15 år i fengsel for overlagt drap.

Mens han sona dommen for drapet, utøvde han grov vald mot ei anna tidlegare kjæraste under prøvelauslatinga.

Derfor blei han i 2011 dømt til 4 år og seks månader forvaring for grov vald og trugslar mot ekskjærasten.

Ny forskning om forvaring – 10 prosent gjentar grov kriminalitet

Vil be om forvaring

To rettspsykiatrisk sakkunnige som i går la fram sin erklæring fortalde at dei meiner Andersen har ein dyssosial personlegdomsforstyrring.

– Oppsummert vurderast observanden å ha ein alvorleg og stabil valdsproblematikk, forklarte psykologspesialist Hanne Foss Berget.

Rettspsykiatris sakkyndige Solveig Klæbo Reitan og psykologspesialist Hanne Foss Berget
Dei rettspsykiatrisk sakkunnige la måndag fram sin erklæring. Dei meiner det er fare for at Andersen igjen kan utøve vald. Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Risikoen for ny vald er spesielt knytt til intime relasjonar, meinte dei sakkunnige.

– Han får, i aukande grad kan det sjå ut som, ikkje til å vere i ein relasjon, idet han blant anna utøvar vald, og meistrar ikkje å forhalde seg til avvisning.

Statsadvokat Per Morten Schjetne fortalde måndag at han vil legge ned påstand om at Andersen blir dømt til forvaring.

– Vi meiner at ein tidsbestemt straff ikkje er tilstrekkeleg for å verne samfunnet for nye tilsvarande hendingar, fortalde statsadvokaten måndag.