Etter ein lang dag med feiring av nasjonaldagen, er det lett å ty til raske løysingar. Men ifølge Rita Rasmussen ved Husfliden i Mosjøen, er det langt frå det klokaste du gjer.
Her er tipset frå eksperten til korleis du sikrar bunaden eit langt liv.
Vask skjorta nå!
Sjølv om skjorta ser rein ut, bør du likevel gi ho ein vask.
Usynlege sveitteflekker og hudfeitt kan nemleg bli seige og gule om dei får godgjere seg i eitt år.
Bløytlegg: Legg skjorta i kaldt vatn i eitt døgn. Bruk såpespon eller sitronsåpe for å vaske ho.
Vask i maskin: Det er faktisk lov. Skjorta kan vaskast i vaskemaskin på 40 grader.
– Vaskemaskinene i dag er så gode at om du vaskar ho i maskina av og til, skader det ikkje. Men hugs å skru av sentrifugeringa, utdjupar Rasmussen.
Bruk rett såpe: Bruk vegetabilske vaskemiddel (som såpespon eller sitronsåpe) og unngå for all del tøymjuknar.
Har du vore uheldig å fått ein stygg flekk på skjorta? Her får du fleire gode tips:
Ikkje finn fram strykejernet
Mange vil gjerne ha skjorta ferdig stroken i skapet, men det er ein tabbe. Skjorta skal aldri strykast før ho blir pakka ned.
– Om du varmebehandlar ho, så gulnar ho under lagring, åtvarar Rasmussen.
La skjorta lufttørke heilt før du legg henne bort i ein pose av naturmateriale, som ein skjortepose meint til bunad eller eit putevar. Plast øydelegg linfibrane.
Luft drakta og sjekk for flekker
Sjølve bunaden treng også litt pleie før han blir pakka inn i ein bunadspose av naturmateriale.
Fjern flekker: Flekker bør fjernast med ein gong for å unngå at dei festar seg.
Lufting: Rist han godt og la han henge ute i nokre timar. Unngå direkte sollys.
– Dersom det er kjølig ute, kan han også henge i romtemperatur, legg Rasmussen til.
Møllsikring: Husfliden anbefaler kleshengarar av sedertre, eller sedertrekuler i bunadsposen for å halde møllane unna.
Gi sølvet eit «spabad»
Ein må ikkje pusse sølvet før det blir pakka bort, men det kan vere lurt. Husfliden i Mosjøen har ei enkel oppskrift på dette:
– Du kan legge sølja i ein liter vatn med ei teskei salmiakk og nokre dropar Zalo. La det ligge ei lita stund før du pussar det med ein mjuk tannkost eller kost. Sånn at det blir blankt.
Viktig: Hugs å skylje med lunka vatn og tørk det ordentleg. Du kan gjerne bruke hårfønar på søljene for å fjerne all fukt. Bruk ein fuktig klut eller skyl sølvet etter bruk av pusseklut for å få bort restar av pussemiddelet.
Oppbevaring: Tenk lufttett
Når sølvet er reint og tørt, må det vernast mot luft. Oksygen bidreg til at sølvet oksiderer og blir svart.
Lagre difor sølvet i lufttette posar, så sparer du deg for mykje pussearbeid neste gong bunaden skal på.