Tre eldre kvinner sitter sammen rundt et trebord i et oppholdsrom. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Oddhild Kilsti, Anna Longva og Elsa Ulvestad har alle tryggleiksalarmar. Berre Elsa har den på når ho er på dagsenteret i Ålesund. Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

På dagsenteret på Klipra i Ålesund er det sosialt treff i dag for eldre som bur heime og klarer seg sjølv. Dei fleste her er ustyrte med tryggleiksalarm, som dei kan trykke på visst dei ramlar eller føler seg dårlege når dei er åleine i huset.

Kommunar har ikkje lov å ta betalt for alarmen, dersom den erstattar helsehjelp. Fleire kommunar krev likevel 300–400 kroner i månaden for leige av alarmen.

– Når vi eldre ikkje får plass på sjukeheim, kvifor skal dei ta betaling for at vi er tvungne til å bu heime? At vi ikkje då skal få hjelp gratis. Det synest eg er urettferdig, seier Oddhild Kilsti (91).

Det einaste ho har av familie i nærleiken er broren.

Ålesund kommune vedtok å innføre eigenbetaling for tryggleiksalarm i november 2025, men har no stansa innkrevjinga for å gjere ny vurdering av alle brukarane sitt behov.

En eldre kvinne med briller sitter i en sofa. Hun har på seg en gul skjorte og blå bukser. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Oddhild Kilsti meiner at alle eldre, heimebuande må få tryggleiksalarm gratis. Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Krev tilbakebetaling

Pensjonistforbundet sitt landsmøte krev no at tenesta skal vere lik i heile landet.

– Eg har blitt fortalt at nokre har betalt tusenvis av kroner over år, og så viser det seg at det skulle ha vore gratis, seier leiar i Pensjonistforbundet, Erna Ansnes.

Ho er overraska over at regelverket blir praktisert så forskjellig frå kommune til kommune, og trur at grunnen er at reglane er kronglet.

– Når styresmaktene har bestemt at dette skal vere ei ordning for å støtte opp om at folk kan bu lenger heime, og dei skal føle seg trygge, så er det eit paradoks at det ikkje er økonomisk trygt for alle, seier Ansnes.

Forbundet krev no at kommunar som feilaktig har tatt betaling må betale tilbake.

Erna Ansnes, Pensjonistforbundet
Erna Ansnes i Pensjonistforbundet krev at kommunar ryddar opp, slik at dei som har krav på gratis tryggleiksalarm får det. Foto: Remi Drageset / Pensjonistforbundet

Stoppa innkrevjinga

Både Statsforvaltarane i Møre og Romsdal, Agder og Rogaland har sendt ut brev til kommunane for å presisere kva regelverket seier om eigenbetaling.

Og fleire kommunar har erkjent at dei har gjort feil.

Førre veke stoppa Kristiansund kommune å ta betalt for alarmane og innrømte at innkrevinga var feil. Advokatar skal sjå på reglane for tilbakebetaling.

Også Molde kommune seier at dei har tolka regelverket feil, og har stansa faktureringane. Det same har Hustadvika kommune gjort.

I Arendal krev Høgre at dei som har betalt for mykje må få betalt tilbake.

Helse- og omsorgsdepartementet seier at det er Statsforvaltaren som har tilsyn i kommunane og skal vurdere om det er nokon som urettmessig krev betaling.

Dei skriv vidare i ein e-post til NRK at regelverket skal vere tydeleg og at dersom Pensjonistforbundet har innspel bør dei kontakte Helsedirektoratet.

Ramla i trappa

I Ålesund feirar venninna til Oddhild Kilsti feirar 94-årsdagen sin på dagsenteret. Elsa Ulvestad bur framleis heime og tar aldri av tryggleiksalarmen. Sjølv om den ikkje verkar utanfor heimen.

– Eg føler meg veldig trygg. Eg har den på dag og natt, seier Ulvestad.

En kvinne serverer kaker til tre eldre kvinner som sitter rundt et bord i en stue. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Det er feiring med kaker på dagsenteret sidan Elsa Ulvestad fyller 94 år. Ho bur framleis heime. Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

For venninnene betyr tryggleiksalarmen mykje, og dei har også erfart at den kjem til nytte.

– Ein gong ramla eg i trappa og enda på sjukehus. Då var den god å ha, seier Kilsti. Ulvestad har kome borti den mange gongar ved eit uhell.

– Når dei spør om eg treng hjelp, svarer eg berre at det treng eg ikkje, seier Ulvestad.

Ho meiner alle heimebuande eldre bør ha alarm.

Eldre kvinne med trygghetsalarm på armen sitter ved et bord sammen med en annen person. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Slik ser alarmen til Elsa Ulvestad ut. Ho har den alltid på handa. Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK