Nødetatane rykte fredag morgon ut til Christies gate i Bergen sentrum etter melding om ei alvorleg hending. Ein person hadde falle om lag tre etasjar ned ein heissjakt.
Ulykka skjedde då ein tilsett skulle kaste søppel. Mannen fall ned i heissjakta i samband med dette, opplyser politiet.
Mannen er no frakta til Haukeland i ambulanse.
Politiet fekk melding om ulykka klokka 08.49.
Vaken og medviten
Det var tidlegare meldt at fallet var på tre meter, men politiet korrigerte seinare dette til tre etasjar. Rett etter klokka 09.00 opplyste politiet at personen var henta ut av sjakta.
– Vedkommande er henta ut av heissjakta og vert ivareteke av helse, skriv operasjonsleiar Jan Børge Misje i politiloggen.
Personen skal vere vaken og medviten, men skadegraden er førebels ukjend.
Undersøkjer staden
Politiet opplyser at mannen arbeidde på staden og at dei ser det som ei arbeidsulykke. Kva som var årsaka til fallet skal politiet undersøke vidare.
– Men det vart opplyst at han skulle ta heisen, og når heisdørene opna seg så var ikkje heisen der, seier Misje.
– Kriminalteknikarar har gjort åstadundersøkingar og vi vil etterforske saka vidare.
Arbeidstilsynet er varsla om ulykka og vil følge opp med tilsyn, opplyser ansvarleg seksjonsleiar Kjersti Marie Gjerd.
– I tilsynet vil vi undersøke forholda rundt ulykka, søke å identifisere årsaker, vurdere eventuelle brot på arbeidsmiljøregelverket og saman med involverte partar bidra til å førebyggje at liknande hendingar skjer igjen.