Kystvakta og redningsselskapet i redningsaksjon etter at ein båt med fire fisketuristar på Averøy vart funnen
FORLIS: Fiskebåten blei funnen med kjølen i vêret natt til laurdag 19. september. Foto: Redningsskøyta Henry von Koss/Redningsselskapet

Politiet i Møre og Romsdal blei varsla av politiet i Nordland etter at det blei gjort funn av ein død person i sjøen i Vestvågøy kommune.

Funnet blei gjort søndag 25. oktober.

– Den personen er identifisert til å vere ein av dei tre sakna etter båtforliset utanfor Grip for ei tid tilbake, seier Espen Andrésen, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Dei pårørande i Tsjekkia er varsla om funnet.

– Då vi fekk ein sikker identitet så blei dei pårørande varsla om at den sakna var funnen, seier Andrésen.

Blei meldt sakna

Fire tsjekkiske fisketuristar reiste ut frå Averøy 18. september.

Dei blei meldt sakna då dei ikkje kom tilbake som avtalt.

Båten blei seinare funnen med kjølen i vêret utanfor øygruppa Grip på Nordmøre. Samtidig blei ein av fisketuristane funnen omkomen.

I etterkant blei det gjennomført ein rekke søk etter dei tre andre, utan at desse gav resultat.

Rundt to veker etter båtulykka valde politiet å avslutte søka etter dei antatt omkome fisketuristane.

Ikkje aktuelt med nye søk

No er altså ein av desse funnen. To er framleis sakna.

Andrésen seier at det per no ikkje er aktuelt å starte opp igjen søka etter dei to siste.

– Det er så store område som kan vere aktuelle. Politiet gjer ikkje noko meir i denne saka no, med mindre nye opplysningar skulle dukke opp, seier operasjonsleiaren.